Hugs du kan døy

Kjenner du deg heilt frisk, seier du? Då skal nok forskarane få deg på andre tankar!

Foto:www.hemera.com

Foto:www.hemera.com

Du er kvinne, i din beste alder, og du kiker i postkassa. Opnar vindaugskonvolutten. Orda blinkar raudt mot deg: «mammografi … brystkreft … reduserer dødelighet … annethvert år … Kreftregisteret.» Memento mori. Hugs, du kan døy. Kva tid som helst.

Er forskarar meir opptekne av fare og risiko i dag enn for ein generasjon sidan? Ein peikepinn kan vere kor ofte ordet «risiko» dukkar opp i medisinske vitskaplege artiklar, før og nå. Førsteamanuensis John-Arne Skolbekken ved Psykologisk institutt, NTNU, har undersøkt akkurat det. Han telte kor ofte ordet dukka opp i titlar eller samandrag i den medisinske litteraturdatabasen Medline. Resultatet?

Gjennom siste halvdel av 1960-talet vart det registrert under eitt tusen treff på ordet risiko. Ein liten generasjon seinare, på 1990-talet, har talet auka til over 250 000. Kvifor er det blitt slik?

Den ungarsk-britiske professoren Frank Furedi frå universitetet i Kent har eit svar:

– Frykt er blitt ein måte å leve på, eit slags diffust kulturelt produkt. Vi fryktar heile tida eitt eller anna. Frykt vert spegla i risiko. Ein gong i tida kunne risiko vere eit positivt lada ord: Det er bra å tore å ta sjansar, for å oppnå noko som er bra. Nå er risiko noko ein må frykte, og unngå så sant ein kan.

VART DU SKRÆMT NO? DEL 1

I ei helseundersøking av 200 kvinner i alderen 15-75 år i Rogaland fann ein at 71 prosent hadde ein eller fleire risikofaktorar for hjarte/karsjukdom.

Vi er på seminar i Oslo, forskarar og journalistar, og Furedi er ein av mange som snakkar om risiko og frykt. I innkallinga til seminaret, som vart halde av Universitetet i Oslo, spør ein om frykt er blitt ein publiseringsnøkkel for forskarar som søker merksemd. Journalist og tidlegare forskar Anne Hafstad i Aftenposten går langt i å svare ja på spørsmålet. Ho får meir merksemd frå forskarar som vil fortelje om alt det gode dei gjer, i tida før søknadsfristane til Noregs forskingsråd.

Fear is the key.

Kvart år får 2500 norske kvinner brystkreft. Mammografi kan avsløre kreften før kvinna sjølv merkar han.

Kvart år får 2500 norske kvinner brystkreft. Mammografi kan avsløre kreften før kvinna sjølv merkar han.

VART DU SKRÆMT NO? DEL 2

I 2003 vart grensene for mogleg helseskadeleg blodtrykk sett ned til 140/90 utan alderskorreksjon, og kolesterolen til 5 mmol/l. I klartekst tyder dette at med endra grenseverdiar har halvparten av alle 24-åringar hamna i risikosona, og tjue år seinare er ni av ti blitt potensielle pasientar.

Professor Furedi er oppteken av korleis ekspertar av ymse slag, og forskarar generelt, gjer folk reddare gjennom å dvele ved risiko. Faktisk har det gått enda lenger, seier han:

– Dei ikkje berre dveler ved risk. Dei er også travelt opptekne med å evaluere teoretisk risiko. Og sidan alt, teoretisk sett, kan hende, finst det ein uendeleg variasjon med teoretiske riskar.

– Teknologien går framføre. I dag har vi reknekraft. Vi har nok potent silikon til å rekne ut statistisk risiko for alt, heile tida, seier John-Arne Skolbekken. Problemet, seier han, er å velje ut kva vi skal vere redd for. Kva for risikoar skal vi ta på alvor?

Sidan dødsangst er vår ultimate redsle, handlar risiko mykje om helse. Det veit professor i sosialmedisin ved NTNU, Steinar Westin, noko om:

– Spesialistmiljøas måte å handtere sjukdomsrisiko på, gjer noko med mange ålmennlegar. Dei opplever at dei vert oppfordra til å gjere ein urimelig stor del av befolkninga sjukare enn kva den eigentleg treng å vere.

Westin meiner å observere eit skilje mellom sjukehusspesialistar på den eine sida og ålmennlegar og samfunnsmedisinarar på den andre, når det gjeld til dømes grenseverdiar for kva som er farleg blodtrykk og kolesterol.

– Dette tyder at ein overveldande majoritet av det norske folk må sjåast på som unormale, dersom risiko- og sjukdomsomgrepet skal bli nytta med nokon rimeleg meining, slår han fast.

Du kan like godt lære deg uttrykket først som sist: Presymptomatisk diagnostikk.

Kva tyder det? Det inneber at ein leiter etter ein diagnose på folk som ikkje viser nokre teikn på sjukdom. Med andre ord: Ein leitar etter mogleg sjukdom hos friske folk. Vi talar om screening. Er du kvinne og har passert femti, har du auka risiko for å få brystkreft. Er du mann i same alder, har du auka risiko for å få prostatakreft. Er du kvinne eller mann, og har røykt i mange år, har du auka risiko for å få lungekreft.

Slik kan vi halde fram. Kreft i tjukktarmen, kreft i livmorhalsen, hjartesjukdomar, ymse nevrologiske lidingar: Statistiske utrekningar fortel oss at nokre av oss, med einskilde demografiske karakteristika (bestemt alder, kjønn, bustad, osv), har større risiko for å få ei sånn-eller-slik liding. Så kva gjer vi med det?

Eitt alternativ er å satse på at det går bra, og vente med å gå til doktoren til du føler deg dårleg. Ein annan innfallsvinkel er å late deg bli screena for dei sjukdommane som statistikken fortel du har auka risk for å få. Argumentet er vanskeleg å stå imot: Kvifor ikkje vere på den sikre sida? Det skadar jo ikkje…

VART DU SKRÆMT NO? DEL 3

«Dei tidlege faresignala for tarmkreft er: Du føler deg topp. Du har ein helsebringande appetitt. Du er berre femti år.» (Kjelde: Memorial Sloan-Kettering Cancer Center)

På den andre sida – kvifor skal ein bekymre seg for noko som ikkje er? Eg fortel John-Arne Skolbekken ved Psykologisk institutt om ein pastor som prøvde å frelse meg då eg var på konfirmasjonsleir: «Tek du sjansen på at Gud ikkje finst?» var pastorens retoriske spørsmål.

Skolbekken fortel at argumentet ikkje er nytt: – 1600-talsfilosofen Blaise Pascal vart kjend for «veddemålsargumentet » sitt, om at om du godtek Guds eksistens, og han ikkje eksisterer, har du ikkje tapt noko. Gudstru som etterlivsforsikring.

 

Vi er attende i Oslo, og journalist og forskar Gitte Meyer ved Syddansk Universitet refsar forskarane for å nytte redsle som middel i kampen om pengar: – Vitskap vert driven av frykt, av vårt behov for å eliminere uvisse.

Risikovurdering er blitt ein triggar for forskingsfinansiering. Derfor er det eit problem at journalistar som gruppe ikkje kjenner seg autorisert til å stille kritiske spørsmål til forskarar. Dette handlar om naivitet og manglande evne til refleksjon, meiner Gitte Meyer.

Kva er det ved vår kultur som gjer oss så opptekne av risiko og frykt? Ved Institutt for samfunnsmedisin, NTNU, sit ein stipendiat og syslar med ein liknande problemstilling.

– Vi lever i ein bekymringskultur, ein kultur der alle er på vakt – ikkje berre for farar som trugar her og nå, men for moglege farar i framtida.Dette er typisk for vår kristendomsbaserte kultur, ein kultur påverka av ein dommedagsreligion: På den yttarste dag får du svi dersom du ikkje har oppført deg pent, seier stipendiat Monica Wegling.

VART DU SKRÆMT NO? DEL 4

I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år. I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av 100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.

Ho er opphavleg utdanna idéhistorikar.

– Kristendomen har vore ein metode til å halde ut det usikre ved livet – at vi ikkje veit kva som vil hende oss når vi blir eldre. Vil vi bli sjuke; vil vi få det vondt; vil dei vi elskar, bli tekne frå oss? I Gud kunne vi søke trøyst, seier Wegling.

I dag er det ikkje lenger slik for dei fleste av oss. – Vi vert åleine med vår manglande tryggleik.

Presymptomatisk diagnostikk vert ein måte å takle det usikre ved tilværet på, meiner Wegling. Ho peikar på det paradoksale at vi, i det rikaste og kroppsleg sunnaste hjørnet av verda, bruker så mykje ressursar på å leite etter teikn på sjukdom hos symptomfrie menneske:

– Akkurat dette er kan hende ein eigenskap ved vår vestlege kultur.

Steinar Westin er samd i mykje av kritikken mot overdriven screening, men han ønskjer å presisere kritikken.

– Førebyggjande helsearbeid er viktig og bra, så lenge det er retta mot grupper i samfunnet. Det som blir feil, er når førebygging blir eit spørsmål om individuell risiko, og der ein leiter etter ei pille eller eit tiltak som kan berge ein, seier Westin.

Han ber om at vi held tunga beint i kjeften:

– Dei som i si tid dreiv med førebyggjing av tuberkulose gjennom å be folk late vere å spytte på golvet, gjorde eit viktig arbeid for folkehelsa. Det ville vere urimeleg å stemple slike aktivitetar som å spreie frykt.

VART DU SKRÆMT NO? DEL 5

I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år. I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av 100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.

Eit anna framandord du bør få med deg: Disease mongering. Omgrepet tyder at vanlege tilstander vert gjort til medisinske problem (å vere skalla); at milde symptom vert gjort til truverdige sjukdommar (irritabel tarm); at personlege og sosiale problem vert gjort til medisinske problem (sosiale fobiar vert gjort til biologi); at auka risiko hos friske får merkelappen sjukdom; eller at ein bles opp kor utbreidd eit helseproblem er (ereksjonsvanskar).

Eit mogleg norsk ord for dei som driv med dette – disease mongers – kan vere «sjukdomskremmar. »

Professor Westin oppsummerar slik: – Der nokon før kunne klage over at tidas trend var «ein pille for alt som var ille», er det i dag snarare sånn at det gjeld å finne noko ille for alt som er pille. Når legeindustrien marknadsfører nye medikament, er risikoreduksjon et svært potent salsargument. Det aller beste er om ein får redaksjonell omtale som går på at «medisin X reduserer faren for å døy/bli alvorleg sjuk med Y prosent», og publikum slik får inntrykk av at ein talar om objektive fakta.

Dagbladet-historia om pillen mot hjarteinfarkt illustrerer dette: «Fastlegen skal beregne din dødsrisiko» sto det å lese i Dagbladet 12. oktober 2002. Ein hjartespesialist ved eitt av universitetssjukehusa konstaterte her at om lag ein halv million friske nordmenn med høgt blodtrykk burde ta ein dagleg dose med ein pille innehaldande statinar, for å redusere risikoen for å døy av infarkt. Ein ikkje-publisert forskingsstudie, den såkalla Ascot-studien, skulle støtte opp om utsegna.

Etter kva avisartikkelen sa, synte forskinga at risikoen for å døy vart redusert med 20-30 prosent. Fantastisk! Men så viste det seg at ein her tala om relativ risiko – altså den prosentvise reduksjonen bland dei som er ramma. Motstykket er absoluttrisiko, som er prosentvis reduksjon i heile populasjonen.

Døme: Om to personar av ein populasjon på 1000 døydde av ein sjukdom eitt år, og medisinering av alle saman fører til at berre ein person døyr neste år, har den relative dødsrisikoen blitt halvert – medan den absolutte risikoen er redusert med frå to til ein promille: ikkje med 50 prosent. Risikoen for å døy er framleis svært liten.

Professor Westin meiner at forskar, finansiering og farmasiindustri er vevd saman i eit uheldig mønster. – Forskaren veit at jo meir dramatisk effekten ser ut til å vere, jo meir pengar til forskinga. Journalisten som skriv om forskinga, veit at jo meir dramatikk, jo fleire lesarar. Ingen bremser. Og bakom ler legemiddelindustrien.

Westin avsluttar:

– Kritikklause medisinarar fungerer som medvistlause agentar for farmasien i å sjukeleggjere folk. OK, tenkjer du kanskje. Greitt – forskarane fremjar frykt. Kva så?

VART DU SKRÆMT NO? SISTE DEL

I USA får ein kvart million menn prostatakreft kvart år. I Noreg er talet 3 000. Samstundes viser statistikken at av 100 000 menn over 65 år vil 226 døy av prostatakreft.

Men bekymring og frykt har ein verknad på kulturnivået, og den verknaden må vi bli oss medvitne, seier panelet vårt: – Denne bekymringskulturen er typisk for ein kultur påverka av ein dommedagsreligion. Den presymptomatiske diagnostikken har ikkje noko med avlat og rettlivnad å gjere – direkte – men han stadfester vår kulturbestemte og nedarva angst for straff, seier Monica Wegling.

– Det kan sjå ut som om det einaste som skil dei politiske partia, er kva dei meiner vi skal vere redde for. Frykt vert politikk, og det er ein politikk vi kan hende likar dårleg. Du såg det under den amerikanske valkampen, som Bush vann – gjennom å spele ut «The Fear Card», seier professor Frank Furedi, medan Gitte Meyer oppsummerar det heile slik:

– Risikovurdering vert ein metode til å kontrollere folks åtferd.

Av Tore Oksholen