Avslører militær kamuflasje

  • Av
    Publisert 07.03.03
    tidligere journalist i Gemini, i dag redaktør i Universitetsavisa

Spesialkamera «ser» både ørsmå rustgroper, kamuflerte tanks og soldatar som prøver å gå i eitt med terrenget.

Eit kamera i eit fly som saumfarar ei stripe over landjorda etter gjøymde stridsvognar, kanonar – eller einskilde soldatar i kamuflasjeklede: Kameraet tek bilete i 500 ulike fargar, frå fiolett og langt ut i det infraraude. Synlege som usynlege fargar vert registrert.

Norsk Elektro Optikk samarbeider med Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) for å avsløre kamuflerte objekt på landjorda.

Slik ser det delvis kamuflert kjøretyet ut, fotografert med vanleg kamera og med spesialkamera.

Slik ser det delvis kamuflert kjøretyet ut, fotografert med vanleg kamera og med spesialkamera.

Feltforsøk

Norsk Elektro Optikk har allereie kjørt forsøk i felten saman med FFI. Med spesialkameraet ser ein mønstre som ikkje er synleg for auget. Ved sidan av å avsløre skjulte objekt kan dette nyttast til å lære seg betre kamuflasjeteknikkar.

Det fortel Peter Kaspersen i Norsk Elektro Optikk (NEO). Kaspersen orienterte om denne forskinga under seminaret «30 years of Fibre Optic Research» som vart arrangert på Lerchendal Gård tysdag.

– Vi er ikkje åleine om å arbeide med slike metodar, legg Kaspersen til.

– Vi må nok rekne med at amerikanarane har utvikla slike teknikkar til bruk i krig.

Oljesøl

Peter Kaspersen i Norsk Elektro Optikk arbeider med nye teknikkar for å oppdage kamuflasje.

Peter Kaspersen i Norsk Elektro Optikk arbeider med nye teknikkar for å oppdage kamuflasje.

Teknikken kan også nyttast til å oppdage oljesøl i havet. Men ikkje bare det: Ein kan bli i stand til å finne ut kor olja stammar frå. Kvar olje har sin unike samansetnad, med sitt spesifikke fargespektrum. Det vert som eit optisk fingeravtrykk.

Eit anna bruksområde til denne optiske inspeksjonsteknikken er inspeksjon på innsida av gassrør til havs. Ein putter eit spesialkamera inn i røyret (åtte kameraer for å dekke heile omkretsen) og let det gå med gasstrøymen. Kameraet har ein fart på tre – fire meter i sekundet, og tek rundt 5 000 bilete per sekund. Slik får ein samanhengande bilete av heile røyret med én millimeters oppløysing.

Sentralt står påvising av rustskader.

– Vi kan oppdage korrosjonsgroper på én – to millimeter – og seie kor i røyret gropene ligg, seier Kaspersen.

Målar gass

NEO arbeider også med spektroskopiske teknikkar for måling av gasser. Ein målar konsentrasjonen av spesifikke gassar, til dømes oksygennivået i ein gass, eller miljøskadelege gassar i røyken frå forbrenningsanlegg. Teknikken kallast diodelaserspektroskopi, og en kan måle konsentrasjonar av spesielle gassar ned til nokre få ppb (part per billion) om det trengst.