Duellen i København

I 1941 møttest to menn i København. Møtet kunne ha enda med atomkrig i Europa. I ein mørk teatersal opplever vi møtet nok ein gong.

Av Tore Oksholen

Scena er naken. Tre pinnestolar. Mellom dei: tre personar. Loslitne klede. Niels Bohr i dobbeltspent dress, vest. Margareth Bohr i cardigan. Werner Heisenberg i enkel brun dress, jakke som han tek av og på utover i stykket.

Dei er alle døde. Det er omtrent det einaste dei er samde om. Kva skjedde eigentleg, den gongen? Dei er døde. Nå kan det vel ikkje vere så farleg å seie sanninga.

Dei tre ser på kvarandre: La oss ta møtet på nytt. Brått skjønar publikum det – nå er dei der: i 1941. Lufta vert metallisk og full av haust. September. Det er sekund att til Heisenberg bankar på døra til familien Bohr. Møtet kan starte. Møtet dei, og vi, aldri vart ferdig med.

Møtet.

I september 1941 reiser den tyske atomfysikaren Werner Heisenberg til København for å møte sin tidlegare meister og mentor, Niels Bohr. Men nå er rollene mellom meister og læregut snudd om. Nå er det eleven som tilhøyrer Herrefolket.

Hovudpersonane. Werner Heisenberg leia Hitlers program for forsking på atomvåpen. Niels Bohr laga seinare avfyringsmekanismen på atombomba som sprang over Nagasaki. Begge var teoretiske fysikarar. Begge vann nobelprisen. Dei var som far og son, men hamna på kvar si side av verdskrigen.

Samtaletemaet. Dersom Heisenberg hadde visst kor lite uran 235 ein trong for å lage atombomba, kunne han kanskje greidd det. Bohr visste korleis reknestykket – den såkalla difraksjonslikninga – skulle sjå ut. Med denne informasjonen kunne Heisenberg kan hende ha utstyrt Hitler med a-bomba innan 1945.Då kunne mykje gått annleis.

Jøden og tyskaren

Heisenberg var etter sigande aldri nazist, men han valde å bli verande i Tyskland medan dei fleste andre vitskapsfolka innanfor teoretisk fysikk – dei fleste jødar – rømde Tyskland etter at Hitler tok makta.

Kor nær var Heisenberg å verte trollmannens læregut? Det var han som skulle hatt det norske tungtvatnet som, takka vere norske og britiske sabotørar, aldri kom fram. I 1941 fekk han ansvaret for det tyske atomenergiprogrammet. Nokre månader seinare drog han altså til København for å tale med Bohr om desse sakene.

Heisenberg drog snart attende til Berlin. Bomba vart det ikkje noko av. To år seinare flykta jødiske Bohr til Sverige og vidare til USA. Her vart han med i forskarlaget som lagde atombomba.

Etter krigen vart Heisenberg ein leiande figur i gjenoppbygginga av tysk fysikkforsking. Han vart ein sterk tilhengar av atomkraft. Bohr på si side brukte all sin energi i dei første etterkrigsåra på å jobbe for open og fri informasjon kring denne forskinga.

Salen skvett. Margareth har vore mest taus, fram til no. Mannfolka, dei store fysikarane, talar til kvarandre – medan blikket henna vandrar frå den eine til den andre, fram og tilbake. Men no vart Margareth brått rasande. Kva er det? Bohr prøver å hysje på henne. Ho vil ikkje ha det.

– Kvar var du, skrik ho.

– Då jødane skulle sankast inn i 1942? Kvar var du då Niels snubla omkring langs stranda, i nattemørket, skoda fortvilt etter fiskeskøyta som skulle redde oss frå nazistane? Kvar var du då, Werner? Spyttet står som ei glorie kring hovudet hennar. Ikkje noko svar.

Motstridande versjonar

Kva snakka Bohr og Heisenberg om? Etter krigen gav dei to motstridande versjonar av kva samtalane handla om. Heisenberg påsto at han ville ha Bohr med på å syte for at ingen – korkje Tyskland eller dei allierte – bygde bomba. Når Heisenberg ikkje laga bomba, var det fordi han ikkje ville.

Medan Bohr ymta frampå om at Heisenberg ville ha hans hjelp til å lage bomba. Så når Heisenberg ikkje forska fram atombomba, var det heilt enkelt fordi han ikkje fekk det til, meiner kritikarane av Heisenberg.

Møtet mellom Bohr og Heisenberg er emne for teaterstykket “Copenhagen” som vart synt i Oslo i haust.Det er eit drama av både moralsk og erkjenningsteoretisk art.

Oppdragsforskarane

Kva for lærdom kan vi i dag trekke av åndskampen mellom Bohr og Heisenberg? Professor Håkon With Andersen er teknolog og historikar, og oppteken av forskningsetikk. Gemini inviterte Andersen med på framsyninga av “Copenhagen”.

Professor With Andersen synest at problematikken kring våpenforsking har avgrensa interesse i våre dagar, fordi dilemmaa er så openbare.

– Når ein skal diskutere forskaretikk, er forsking på våpen lett å gripe til. Nye og endå meir dødelege våpen, pønska ut i laboratoria, framstår som det verste brot på all vitskapleg etikk, seier han, men minner om at det faktisk er forskjell på å forske fram noko, og på å ta oppfinninga i bruk.

– Biologiske våpen er faktisk forbodne i alle internasjonale konvensjonar. Når det gjeld til dømes nervegass, er det eit våpen som er nytta i langt mindre grad enn kva ein kunne frykte. Derfor er våpenteknologien i seg sjølv såpass ekstrem at den ikkje gir dei vanskelegaste etiske problema. Dei får du i dei små sakene, der du med små steg, utan å ville det, flytter deg i gal retning. Vegen til Helvete er som kjent brulagd med gode intensjonar. Dette illustrerer dilemmaet ein forskar lett kan kome i når han forskar på oppdrag, meiner historieprofessoren.

– Det er rart kva pengar gjer med forsking. Vi treng pengar for å drive verksemda vår. Vi gjer mykje for å skaffe pengar til å drive på, og er villig til å inngå ein del kompromiss for å få det til. Eg har skrive bedriftshistorie, så dette veit eg litt om. Sjølvjustis er ein mykje sterkare justis enn den oppdragsgjevaren kjem med – rett og slett fordi vi helst vil sleppe å ryke uklar med oppdragsgjevaren.

Objektivitet som sovepute

– Om vi tek dette eit steg vidare, vert det eit spørsmål om vitskapleg objektivitet. Det er noko uhyggeleg som følgjer med ein vulgærfortolking av kvantefysikken

– at vi ikkje kan vite noko sikkert lenger. Vi kjem til å avvise objektivitet og dermed at det finst kriterium for sanning. Dermed blir det brått heilt greitt å tilpasse resultata til oppdragsgjevaren sine ønskjer. Dette har ført til at mange held knallhardt på slike objektive sanningskriterium, sjølv om dei intellektuelt sett forstår at det er naudsynt å gje slepp på slike kriterium.

Men samstundes er det slik at trua på objektiv sanning også kan bli ei sovepute, seier With Andersen:

– Trur du sanninga er objektiv, er det berre å publisere i veg og ikkje tenke meir på kva det fører til. Men dersom du trur at sanninga er meir eller mindre subjektiv, må du begynne å tenke over korleis ho bør nyttast.

Lærdomen

Hitler var Heisenberg sin oppdragsgjevar medan Roosevelt var Bohr sin. Men det var Bohr sitt forskingsoppdrag som drap 250 000 menneske då bomba vert slept over Japan. Lærdomen må vere at ein forskar må tenke sjølv, seier Håkon With Andersen.

– Ein må alltid reflektere over kva ein gjer og kvifor ein gjer det. At oppdragsgjevaren arbeider for ei god sak, er inga fullmakt til å putte etikken i skuffa.

Heisenberg likar seg ikkje. Dressen er krøllete. Han gnir seg på låra og ruggar fram og tilbake på stolen. Er han i ferd med å bli “bad guy” – i dramaet, i historia?

– Då eg kom til USA i 1947, var det hender som ikkje ville ta i mine, hender som hadde bygd bomba som drap hundretusenar, vrenger han ut.

– Dette er ikkje rett!

Brått er vi attende

– i Himmelen? i Helvete?

– og dei tre er endå ein gong døde. Heisenberg:

– Vi prøver ein gong til.

Uvisse

Det er den britiske dramatikaren Michael Frayn som har skrive “Copenhagen”. Frayn let den såkalla “uvisserelasjonen” (eng. uncertainty) vere nøkkelen som opnar døra inn til dramaet.

Den manglande sikre kunnskapen – mellom dei minste partiklane, som mellom menneske – har nemleg to sider. Det eine handlar om framtidas val, om korleis ein vel det rette, medan det andre dreier seg om fortida, om dei vala ein har gjort.

Uvisserelasjonen seier at du kan ikkje samstundes kjenne både posisjon og fart til ein partikkel. Heisenberg gjorde oppdaginga i 1927. Ho vart ein av berebjelkane i kvantemekanikken, som Niels Bohr stod far til.

Du veit at eit partikkel har posisjon A ved T1, og posisjon B ved T2. Men rommet imellom er mørklagt. Du kan ikkje i detalj kjenne partikkelen si vandring mellom A og B. Det vil seie: Eigentleg kan du, men då vert vandringa påverka av observasjonen du gjer. Dersom du lyser opp mørket, endrar det lyssette objektet si åtferd seg.

Slik er det også mellom menneske. I ettertid: Kvifor handla vi som vi gjorde? Du veit posisjonen før eit særskilt val vart gjort, og du kjenner posisjonen etter. Men kva skjedde innimellom? Er det i det heile mogleg å seie noko sikkert om kvifor ein vel eitt framfor noko anna?

Ein gong på 1920-talet. Niels Bohr står i døra. Margareth sit og broderer. Han ser på henne. Han skal til å fortelje henne at eine sonen nett drukna på havet. Datt over bord frå den vesle seglbåten. Prøvde å dra seg bort til båten. Faren fekk ikkje tak i han. Sonen blei borte. Burde Niels ha hoppa uti? Ville han ha berga sonen? Ville begge ha døydd?

Vi er dei vala vi gjer. Men når vel vi, og når er det vala som vel oss?