Kloning av menneske – kva er problemet?

Det første klona mennesket kan snart vere eit faktum. Er det noe å vere redd for?

Det største problemet med reproduktiv kloning er forskingsetikken: Vi kan ikkje tillate oss å eksperimentere med menneske på denne måten, seier NTNU-stipendiat Berge Solberg.

Professor Rigmor Austgulen ved NTNU håper at det aldri blir lov å klone menneske. – Den som ønskjer å klone seg sjølv, har eit psykisk problem, seier ho.

Sommaren 2001 annonserte to legar at dei ønskjer å gi verda det første klona mennesket. Amerikanaren Panaytis Zavos og italienaren Severino Antorino var overtydd om at menneskekloning – såkalla reproduktiv kloning – vil bli mulig om ikkje så lenge.

Kva er kloning? Først: eit befrukta egg.

Kva er kloning?
Først: eit befrukta egg.

“Verda må ta inn over seg at denne teknikken er i ferd med å bli ein realitet,” sa professor Zavos til BBC i fjor haust. “Det er så mange som prøver å gjøre det. Kan hende driv ein på medan vi sit her og snakkar,” åtvara Zavos.

Seint i november i fjor blei det kjent at Advanced Cell Technology Inc. hadde greidd å klone dei første menneskecellene.

Forskarane i firmaet hadde lukkast med å ta ei cellekjerne frå eit individ og putte det inn i eit ubefrukta egg. Dei hadde også greidd å få celleklumpen til å vekse og dele seg. Etter kvart som forskarane meistrar teknikken betre, kan det første klona mennesket snart vere eit faktum.

Men kloning møter kompakt motstand verda over. Mange har tatt til orde for eit verdsomspennande forbod mot reproduktiv kloning. Også den andre hovudforma for kloning – terapeutisk kloning – møter stor skepsis.

Kva er det vi er redde for? Når avisene skal illustrere reportasjane sine om menneskekloning, tar dei som regel ein kjendis, til dømes Bjørn Dæhlie, og lagar ein fotomontasje med ti like bilete av skikongen. Bodskapet er ikkje til å misforstå: Kloning er kopiering av menneske.

Kva for førestellingar har vi om menneskekloning – og er dei sanne?

Kjerne med arvematerialet fjernast.

Kjerne med arvematerialet fjernast.

I det følgjande presenterer vi ti påstandar om kloning, som vi så vurderer i lys av ny kunnskap om emnet. Medisin-professor Rigmor Austgulen og filosof Berge Solberg ved NTNU er begge fagleg engasjert i dei etiske sidene ved kloning. Austgulen er medlem av Teknologirådet, som var medarrangør av ein lekfolkkonferanse om bruk av stamceller i haust. Solberg var innleiar på konferansen. Teksten som følgjer, er skriven i samarbeid med Austgulen og Solberg. Avslutningsvis svarer dei på kva dei trur vil skje på området i dei næraste åra.

1. Kloning er å kopiere menneske

Det er ikkje rett. Kloning er dette: Ein tar eit ubefrukta egg, fjernar kjerna der arvematerialet ligg, og set inn arvematerialet frå personen ein ønskjer å klone. Det implanterte arvematerialet kan kome frå kva for helst celle i kroppen. Dermed har ein fått eit egg som kan vekse vidare, med nytt arvemateriale putta inn.

(Det implanterte arvematerialet kan óg kome frå kvinna som eig egget. Det er likevel nødvendig å fjerne arvematerialet i egget og erstatte det med arvemateriale frå ei anna celle i kroppen hennar, fordi arvematerialet i egget bare har halvparten så mange kromosom som det skal ha: Meininga frå naturen si side er at den andre halvparten skal kome med sædcella.)

Men sjølv om det klona egget har fått implantert arvematerialet utanfrå, tyder ikkje det at ein klon er 100 prosent genetisk lik originalen. Den er berre 99,9 prosent lik. Den eine promillen som ikkje kjem frå eigaren av det implanterte arvematerialet, kjem frå “Mor” – kvinna som har donert egget.

Denne kvinna er dessutan innehavaren av livmora det befrukta egget blir ført tilbake til for å vekse i. Den eine promillen av genmaterialet som ikkje kjem frå sjølve egget, ligg utafor sjølve kjerna i egget.

Forskarane kan enno lite om korleis dette vesle genetiske bidraget slår ut, men generelt veit ein at marginale endringar i arvestoffet kan gi ukjende verknader for genomet totalt sett.

Den genetiske likskapen mellom klonen og opphavet er om lag like stor som likskapen mellom einegga tvillingar. Slike tvillingar kan vekse opp til å bli svært ulike, jamvel om oppvekstmiljøet er det same, medan ein klon og personen som var det genetiske opphavet, kan ha svært ulik oppvekst. Dette vil forsterke ulikskapen.

Ein italiensk genetikar har sagt det slik: “Du kunne klone Moder Theresa, late ungen vekse opp under tilstrekkeleg trøysteslause vilkår, og du kunne ende opp med ein seriemordar.”

2. Reproduktiv og terapeutisk kloning er heilt forskjellige teknikkar

Feil. Dei to teknikkane er like i første fase. Forskjellen er at ein ved terapeutisk kloning klonar celler for å bruke dei til ein eller annan form for medisinsk behandling, medan ein ved reproduktiv kloning klonar eit menneske. Ved terapeutisk kloning får ikkje egget utvikle seg til eit nytt individ, medan egget blir sett inn i ei livmor for å vekse til å bli eit menneske ved reproduktiv kloning.

3. Kloning er ein metode ingen har bruk for

Det er det ulike meiningar om. Å framstille menneske i laboratorier kan fortone seg som komplett meiningslaust, i ei verd som har meir enn nok med å mette dei som lever i dag. I staden for å sløse bort store ressursar til å konstruere nytt liv, bør ressursane bli sett inn i å sikre eit best mulig helsetilbod for folk flest, hevdar mange kritikarar. Så kva er eigentleg vitsen med å klone menneske?

Zavos og Antorini svarer på kritikken med å seie at reproduktiv kloning berre kan oppfattast som siste utveg for par som ikkje får barn på andre måtar. Dermed blir teknikken plassert i bås med kunstig befruktning. I den grad kunstig befruktning blir akseptert, må reproduktiv kloning vere akseptabelt, meiner dei.

4. Kloning av menneske er medisinsk uforsvarleg

Slik er det i dag, men dette kan endre seg. Sjølv om kloningsteknologien er blitt utprøvd på fleire dyreartar, er den enno lite utvikla. Mekanismane som er involverte, er lite forstått. Under dyreforsøka endar dei fleste graviditetane katastrofalt, med abort og i mange tilfelle med død óg for den gravide. I mange tilfelle veks fosteret enormt raskt, så raskt at det kan sprenge livmora. Forskarane gjennomførte 247 mislukka svangerskap med sau før ein endeleg fekk Dolly. Kor mange mislukka menneskegraviditetar er Zavos og Antorini villig til å akseptere før dei lukkast eller gir opp?

På den andre sida kan det tyde på at det er enklare å klone menneske enn dyr, fordi celleveksten lettare kjem ut av kontroll ved dyrekloning. Ved Duke University i USA har forskarane kome fram til at problema med kloning av dyr truleg er knytt til eit gen som blir kontrollert av veksten til cellene. Det er nemleg slik at eit gen ikkje bare påverkar cella, men også blir påverka av den cella det ligg i. Det er når genet blir utsett for slik påverknad, at ting kan kome ut av kontroll.

Ved normal formeiring hos menneske blir ein kopi av arvematerialet overført frå begge foreldra til avkommet, medan det eine genet forblir inaktivt hos mange dyr. Det er dette genet som er att som kan kome til å vekse ukontrollert, fordi det blir påverka av prosessen ved kloning.

Fordi begge gena frå mennesket blir overførte, kan kloneprosessen hos menneske truleg bli lettare å gjennomføre. Det skriv forskarar i tidsskriftet Human Molecular Genetics.

5. Kloning fører til einsretting av arvematerialet

Det er det delte meiningar om. Med reproduktiv kloning blir det mulig å velje kva for arvemateriale som skal få reprodusere seg. Når terapeutisk kloning blir kombinert med genterapi og avansert gentesting i framtida, vil det venteleg bli mulig å utføre justeringar i arvematerialet. Summen av desse teknikkane kan bli einsretting.

Kombinasjonen av kloning, gentesting og genterapi vil kunne gjøre det mulig å unngå alle genetiske overraskingar som skuldast spontane og uventa mutasjonar i arvestoffet; bort med alle sjukdomstilstandar som skuldast genfeil. Dette kan ende i ein form for genetisk einsretting, hevdar kritikarar. Sjølv om spontane endringar i arvestoffet kan oppstå som følgje av uforutsette sideverknader etter gen-inngrep. Men då er det tale om uhell som utøvarane av kloning prøver å unngå.

Den engelske bioetikaren, professor John Harris, er heilt ueinig i dette synet. Han meiner at den beste måten til å unngå totalitære haldningar i høve til retten til å velje/påverke gena til avkommet, er å tillate fritt foreldreval. Slike val vil venteleg vere like ulike som folka som gjorde vala, meiner Harris.

6. Kloning gjer ein ufri

Ikkje nødvendigvis rett. Reproduktiv kloning kan sjåast på som å skape einegga tvillingar som ikkje er like gamle. Dermed vil det klona individet måtte bere åket det er å ha ein tvilling som har levd heile, eller store delar, av livet sitt. Når klonen veks opp, blir alt ho eller han gjer eller ikkje gjer, målt mot prestasjonane til det genetiske opphavet. Opphavet sitt liv er “fasiten” for framtida til klonen.

Konsekvensen er at det klona individet mister sin personlege fridom, ifølgje denne kritikken.

Men er dette unikt for klona individ? Har ikkje barn til alle tider måtte vekse opp, knuga av foreldra og slekta sine forventningar? Å bli målt mot bedriftene til far, mor eller eit eldre sysken, er ei ulukke mange har måtte gjennomleve. Dermed kan ein hevde at det er barnets føresette som avgjer kor fri oppveksten får bli, ikkje om barnet er klona eller ikkje.

7. Kloning er nazistisk rasehygiene i ny forkledning

Ja, – og nei. Vil kloning gjøre det mulig å kvitte seg med vår tids “untermensch?” Nazistane si rasehygiene før og under krigen var ein avart av det som blir kalla eugenikk (av greske eu genos, som tyder god fødsel). Eugenikken hadde til oppgåve å “forbetre eller forringe den rasemessige kvaliteten på framtidige generasjonar,” slik det blei formulert av ein av grunnleggjarane, Francis Galton. Slik blei det mulig å nytte genetikken til å legitimere rasefordommar, og undertrykking av alle slags menneske som på ein eller annan måte kunne stemplast som annleis.

Men det er ein fundamental forskjell mellom eugenikken/ raseteoriane frå mellomkrigstida og genetikken av i dag: Dei nye genteknikkane er ei frivillig sak for dei som får tilbod om å ta dei i bruk, medan nazistane sine forsøk på kollektiv “reinsing” av uønskt arvemateriale var høgst ufrivillig for dei det gjaldt. Dei liberale ideala frå vår tid blir halde i hevd. Kloning er ein frivillig sak.

8. Kloning reduserer mennesket til eit middel

Eigentleg ikkje? Kritikarar hevdar at med kloning blir mennesket gjort om til eit middel for å nå eit mål: Kloninga blir utført av omsyn til den som blir klona. Omtanken for det klona individet kjem i andre rekke. Målet er at eit bestemt individ, eller eit spesielt sett av eigenskapar, skal bli reproduserte. Dette er ikkje i pakt med eit grunnleggjande moralsk prinsipp, slik det er formulert av den tyske filosofen Immanuel Kant: Eit menneske skal aldri bli handsama bare som middel, men også som eit mål i seg sjølv. Barn skal aldri bli eit middel, men skal vere elska og akta for sin eigen del. Kloning bryt med det prinsippet, hevdar kritikarar.

Men er det noe moralsk galt i å avle ungar ut frå eigne, egoistiske motiv? Ein kan hevde at menneske til alle tider har tenkt slik – for å føre slekta vidare; for å få ein odelsgut til å overta garden; for å ha ei dotter til å stelle for seg når ein blir gamal; for å ha noen å elske: Er ikkje dette ego-tenking så godt som noe?

Kan hende er det slik at dei fleste av oss set ungar til verda ut frå egoistiske motiv. Det kan ein gjøre utan å vere umoralsk. Det avgjerande er at barnet blir elska og oppfatta som eit mål i seg sjølv – etter at det er fødd.

9. Kloning er brot på menneskerettane

Tja. Den vestlege moralen og etikken veks ut av eit kristen-humanistisk livssyn. Om vi er truande eller ikkje, er menneskesynet frå dei kristne tekstane førande for vår oppfatning av menneskeverd. Bibelen slår fast at mennesket er skapt i “Guds bilete.” Våre idear om menneskerettar er fundert på at mennesket er ukrenkeleg. Derfor meiner mange at å endre på genmaterialet er å tukle med kva det vil seie å vere menneske.

Den israelske gen-etikaren David Heyd ser ikkje slik på det. Han tolkar Bibelens tekst slik: “Det slår meg at befalinga “ver fruktbar og bli mange” kjem rett etter ideen om skapinga av mennesket i Guds bilete. Eg tolkar teksten slik at med “Guds bilete” meiner ein menneska si evne til å skape nye menneske,” seier han til tidsskriftet Genialt, 2/2001.

Mennesket skil seg frå dyra, som forplantar seg bare av instinkt, medan mennesket har ein plan og eit mål med det. Dette opnar for at menneska kan ta ein etisk legitim ny og meir omfattande kontroll over reproduksjonen, meiner den israelske filosofen.

10. Kloning gjer at kjendisar må ta copyright på eige DNA

Tenk deg følgjande situasjon: Du er ei einsleg, ung kvinne med ønske om barn. Men ikkje kva for helst slags barn. Det skal vere ein gut eller ei jente med topp intelligens. Om ungen har framifrå fysikk, er det inga ulempe. Så har det seg slik at ein berømt forskar, nobelprisvinnar og tidlegare friidrettsstjerne, gjestar byen der du bur. Ein perfekt gen-donor. Det einaste du treng, er å kome deg nær nok til å sikre deg nokre mikrogram levande DNA. Hudavskraping, ei hårrot, litt spytt eller anna kroppsvæske: Då har du det du treng.

Det var dette scenariet som fekk ein amerikanar til å opprette sitt DNA Copyright Institute i San Fransisco. Dagleg leiar Andre Crump uttalte til New Scientist at patentvern av “kjendis-DNA” kom til å bli ei vekstnæring. Genteknologiske bedrifter tar rutinemessig ut patent på genetiske endringar ein har gjort i arvematerialet (å oppdage eit gen er ikkje nok, ein må gjøre noe med det). Men ifølgje EU-direktiv 98/44 er det ikkje lov å ta patent på menneske; heller ikkje på teknikkar til å klone menneske. Dermed må Crump vere budd på at retten avviser alle forsøk på å ta patent på menneskeleg DNA, dersom USA følgjer europeisk lovgiving på området. Det er enno ikkje avklart kor amerikanarane vil leggje seg.

– Kan ikkje eksperimentere på menneske

Gemini Fakta

DNA: Forkorting for deoksyribonukelinsyre, eit langt, trådforma molekyl som finst i cellene. DNA kan sjåast på som ein enorm database som inneheld informasjon om korleis proteinane skal bli. Denne informasjonen er koda og lagra i genar. I ei menneskecelle er det nesten to meter DNA-tråd.

Gen: Ein liten del av arvestoffet eller DNA-tråden som inneheld informasjon om korleis eit bestemt protein eller delar av eit protein skal byggast opp. Koden for oppbygging av proteinet vert avgjort av rekkefølgja på bokstavane i basene/nukleotidane. Proteinets struktur avgjer korleis proteinane verkar. Samspelet mellom proteinane bestemmer organismens eigenart, det vil seie korleis vi er og ser ut.

Genterapi: Teknikkar som gjer det mulig å erstatte eit øydelagt gen med eit gen som fungerer. Genterapi kan brukast til å behandle arvelege sjukdommar, kreft og infeksjons-sjukdommar. Dersom feilen blir retta opp i kroppsceller (somatisk genterapi), blir ikkje endringane arva. Genterapi på befrukta egg gir derimot arvelege endringar.

Gentestar: Metode for å karakter-isere arvestoffet hos eit individ. Blir nytta blant anna til diagnostikk, til å kartleggje slektskap og i rettsmedisin.

Kloning: Teknikkar for å lage klonar, det vil seie arvemessig identiske organismar eller celler.

Reproduktiv kloning: Å lage en ny kopi av et allereie eksisterande individ.

Stamceller: Umodne celler som ved riktig behandling kan bli til ulike typar celler eller nytt vev. Stamceller kan isolerast frå befrukta egg, navlestrengblod, aborterte fostre eller beinmarg.

Terapeutisk kloning: Å bruke kloningsteknikkar for å framstille stamceller for bruk til behandling.

– Det er ikkje etisk akseptabelt å teste ut nye medikament eller nye terapiar på menneske, om ein veit det vil kunne føre til at ein del av forsøkspersonane døyr eller blir alvorleg skada. Dette er grunnleggjande i all forskingsetikk, seier Solberg. Vegen fram til eit “kvalitetssikra” klona menneske er etter alt å dømme brulagd med døde fostre, alvorleg funksjonshemma barn, og sjukdom som forplantar seg frå generasjon til generasjon. En slik veg må vere forbode å ta, meiner Solberg.

Dersom noen likevel gjennomfører eksperimentell kloning, og eit klona menneske føreligg, med alle dei mislykka svangerskapa og misdanna barna som ein del av historia, så er dette resultatet ifølgje Solberg så etisk forureina at ein av den grunn må rygge tilbake og ikkje ta den nye innsikten i bruk.

Historia kjenner eit døme på uetisk, men medisinsk interessant, forsking som blei gjort tilgjengeleg for andre. Resultata av tyske og japanske eksperiment på krigsfangar og jødar under andre verdskrig blei tilgjengelege for dei allierte etter krigen. Protokollane blei ikkje øydelagde, men tvert i mot lesne med stor interesse.

– Viser ikkje denne historia at slike resultat vil bli tatt i bruk?

– Det kan ein seie, men det vil likevel vere heilt gale å gjøre det.

– Om ein generasjon – er metoden tatt i bruk?

– Ja og nei. JA, i den forstand at det kan nok vere noen moralsk forkvakla forskarar som har gjort det. Men nei – eg trur foreldre flest vil ha ungar som er nokså like ein sjølv, men ikkje heilt like. Meininga med å få barn er å overskride seg sjølv, å føre livet vidare. Det gjer ein ikkje dersom slekta ein fører vidare, blir ein genetisk kopi av ein sjølv, seier Berge Solberg.

– Må aldri bli lov

Professor Rigmor Austgulen ved NTNU håper at det aldri blir lov å klone menneske. – Den som ønskjer å klone seg sjølv, har eit psykisk problem, seier ho.

Reproduktiv kloning fører ikkje noe godt med seg, meiner ho. Men når det gjeld terapeutisk kloning, er situasjonen ein annan.

– Her har du ein metode som inneber potensial for eit betre liv for mange menneske. Det finst 4000-5000 arvelege sjukdommar som dette kan hjelpe mot. Det gjeld mange menneske, seier ho.

Til dels dreier det seg om temmeleg invalidiserande og øydeleggjande sjukdommar.

– Så uansett kva du vel, kan du ikkje velje bort det vonde. Du kan sjølvsagt toe dine hender og seie at du er imot stamcelleforsking, men då har du samstundes sagt at du ikkje vil ta inn over deg kva dette kan gi av goder, seier Austgulen.

Om terapeutisk kloning ikkje førte noe godt med seg, kunne ein berre la det liggje. Men muligheitene er alstå store, og dermed ligg det eit ansvar på den som seier aktivt nei til å ta det medisinske potensialet i bruk.

– Det er også mulig å ta den etiske belastninga på ryggen og seie at alt må vere lov. Det standpunktet ber med seg ein etisk kostnad. Så det finst ingen veg ut av dette som ikkje ber med seg eit visst ubehag. Du kjem ut for problem i alle høve, seier professor Rigmor Austgulen.