Miniportrettet: STEINAR GIMNES

STEINAR GIMNES

Professor, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU

Kva forskar du på nå?

Nokre er periodedrankarar, professorar er periodeforskarar. Som seksjonsleiar i bask med den såkalla kvalitetsreformen er eg nå opptatt av andre ting. Men strekkjer vi det ut over heile hausten, har eg skrive artiklar om Cora Sandel, Tarjei Vesaas og Knut Hamsun.

Kva for eit forskingsprosjekt ville du satt i gang hvis du fikk fem millionar kroner?

Det tverrfaglege forskningsprosjektet vi enno ikkje har fått pengar til: «Skogkulturer – natur, arbeid og frihet». Eg ville studert skogen som «stad» i litteraturen; symboliser­ingar av skog i litteraturen inspirert av spennande, ny internasjonal forsking.

Kva fekk deg til å velje forskaryrket?

Eg valde høgare universitetsutdanning, og vart universitetslærar og fors­kar. Men når ein først har byrja å skrive tekstar som vi kallar forsking, er det vanskeleg å slutte med det. Kjensla av å vere kreativ er god.

Kva for eit spørsmål skulle du gjerne ha svar på?

Kven var den historiske personen ­Shakespeare? Elles skulle eg gjerne hatt eit bekreftande svar på om eg har greidd å utvikle eit perspektiv i mi «skog-forsking» som gir spennande innsikt i tekstlege og kulturhistoriske forhold.

Di siste «aha-oppleving»?

Ein metafor i eit dikt som eg hadde streva lenge med, som brått opna seg i all sin fylde, på ein lett joggetur. Så lite og så stort!