Eit klasserom fylt med liv og latter ved bruk av Kahoot!. For å få tilgang til verktøyet kan du gå inn på getkahoot.com. Foto: Kai T. Dragland (NTNU)

Læreprogram for mobil vart Årets teknologibragd

Ei oppfinning frå NTNU gjer klasserommet om til eit gameshow, der læraren fungerer som programleiar og elevane deltakarar. No er oppfinninga kåra til Årets teknologibragd.

Dei sit på rekkje og rad i hestesko, og glanar på skjermen framfor seg. Han skal snart avsløre kven som er i leiinga, men først må elevane svare på spørsmålet: Er 123456 eit godt passord? Dei små fingrane glir lett og leikent over nettbretta. Nedteljinga byrjar. No er det ingen veg tilbake. Kven har svart rett?

Gameshow på skulen

På Youtube ligg det fleire videoar som viser same scener som denne frå ein barneskule i USA. Dei syner engasjerte elevar og lærarar som deler kunnskap – gjennom læringsverktøyet Kahoot!. Eit pensumrelatert spørjespel som gjer klasserommet om til eit gameshow, der elevane er i fokus. Dei konkurrerer seg i mellom om å klare flest mogleg riktige svar, utan å sjekke fakta i bøker og nett, men kun ved å nytte seg av eigen evne til å huske kva læraren eigentleg sa.

Les også: Årets teknologibragd fra NTNU?

Rett! Foto: Kai T. Dragland (NTNU)

Rett! Foto: Kai T. Dragland (NTNU)

Debatten om digitale læringsmiddel er i vinden, og nye måtar å engasjere og lære på vert etterspurt. No har Noregs første professor innan spelbasert læring og oppfinnar Alf Inge Wang ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap lukkast med det få har klart før han, nemleg å lage ein læringsplattform tilpassa ungdomen sin kjennskap til sosiale medium og spel, som endrar korleis kunnskap vert spreidd i eit klasserom.

Årets bragd

Det vil ikkje vere å overdrive å seie at professor Wang med Kahoot! har lukkast bra i å kombinere spel og læring.

Oppfinninga hans er så god at ho fekk Teknisk Ukeblads gjeve pris, årets teknologibragd 2013. Kåringa fann stad 6. februar.

Konseptet Kahoot!, som er engelsk slang for å gjere noko spanande saman, har vorte ein stor suksess, med ein million spelarar frå i alt 120 land. Dagleg opprettar 1000 menneskje nye brukarkontoar, då hovudsakleg lærarar som lagar konto for å skape eige innhald.

Måler kunnskapen

Sjølv er Wang gjerne å finna i California for å forske på spel og læring og for å promotere Kahoot!, som han utviklar med kollegaene i selskapet Mobitroll, eit spin-off selskap frå NTNU. Det var i samarbeid med masterstudent og utviklar Morten Versvik at Alf Inge Wang fann opp grunnteknologien og spelkonseptet i 2006. Ideen vart teken vidare til NTNU Technology Transfer AS (TTO), som saman med det selskapet We are Human bidrog med å kommersialisere produktet ved å etablere Mobitroll. Selskapet tok teknologien eit steg vidare og utvikla det heile til plattformen Kahoot!, som vart lansert 1. september i fjor. Kahoot! er eit læringsverktøy som er gratis og tilgjengeleg for alle.

Læringsverktøyet er gratis og tilgjengeleg for alle. Foto: Kai T. Dragland (NTNU)

Læringsverktøyet er gratis og tilgjengeleg for alle. Foto: Kai T. Dragland (NTNU)

Kahoot! gjev læraren moglegheit til å måle kunnskap og finne ut om elevane har forstått innhaldet frå timen gjennom ein pensumrelatert sanntidsquiz, samstundes som det gjer undervisninga underhaldande for elevane. Det er stor grunn til å tru at ein klasse som vert fortalt at det vert ein runde med quiz på slutten av timen, vil vere ekstra konsentrerte og følgje betre med på kva læraren seier. Sjølv har Wang nytta Kahoot! med opptil 500 studentar samstundes. Men Kahoot! vert ikkje berre nytta i skulesamanheng. IKEA er ei av fleire bedrifter som no har teke i bruk verktøyet til opplæring av sine tilsette.

– Alle kan bruke Kahoot!, både som innhaldskreatører og deltakarar, og det er ingen grenser for kva ein kan lage quiz om. Enten om det er viktige ting ein bør tenkje på som nytilsett, eller hovudpunkta du burde ha fanga opp i historietimen. Ein kan nytte kva som helst eining, både smarttelefon, nettbrett og laptop, og sidan programvaren vert køyrt i HTML5, kan alle som har nettlesar, bruke Kahoot, fortel co-founder i Mobitroll, Johan Brand.

Eigen lærar

For to veker sidan, hadde Kahoot! 40 000 spelarar på ein og same dag, noko som er ny rekord. Det har teke tid å skape ein plattform stabil nok for å tillate at så mange kan spele samstundes. For sjølv om det kanskje kan sjå ut som ein enkel løysning på overflata, ligg det mykje «under panseret». Utviklarane har nytta spelteori og læringsteoriar i utviklinga, samt teknologiske løysningar som sikrar at det skal gå raskt, og vere enkelt.

Det er ikkje berre lærarane som kan lage quizar, ifølge Brand kan elevane sjølv lære mykje av å vere sin eigen lærar og førebu quizar. Kahoot! vert mest nytta av elevar på ungdomskular og vidaregåande, men også fleire universitet og høgskular har byrja å ta i bruk verktøyet, forklarar han, og legg til at det er ein pedagogisk modell som ligg til grunn for Kahoot!.

– Kahoot! er ein heilt ny måte å lære på. Elevar kan nytte verktøyet til å utfordre seg sjølv på å lage gode spørsmål, og på den måten får dei vise god forståing for eit fag som matematikk, sjølv om dei ikkje nødvendigvis er så gode til å rekne, fortel Brand.

Lærer gjennom leik

Mellom kvar runde, får alle spelarane sjå fasit og ein tabell over kven som leiar quizen, og kor mange som valte det riktige svaralternativet. På den måten vert elevane motiverte til å stadig gjere det betre, og ta att den som er i leiinga. Samstundes kan læraren halde oversikt over kva klassen er god på, og kva som gjerne må repeterast ein eller to gongar til. Quizen vert ikkje opplevd som ein vanleg prøve, men eit avbrekk og noko sosialt der ein delar kunnskap.

– Leik er som kjent den beste måten å lære på, og med Kahoot! kan ein leike og samstundes løyse problemet med manglande engasjement i eit klasserom. I tillegg gir det både lærar og elev individuell feedback og klassen som ei gruppe feedback. Dette er viktig for å skape motivasjon og forståing, fortel Brand som har store planar for Kahoot! dei neste åra.

– Vi har klokkertru på at IKT kan revolusjonere læringsmetodane om ein nyttar det på rett måte. Vi sit på eit verktøy som skapar eit unikt læringsmiljø og fremmar ein moderne pedagogikk, seier han.