Piller mot dykkarsjuke?

Dei har oppdaga ein heilt ny biokjemisk prosess. Den kan revolusjonere behandling og førebygging av dykkarsjuke. Men det er meir. Mykje meir.

Av Tore Oksholen

Kan hende er dei på sporet av eit heilt nytt vernestoff i kroppen. Dersom dei får til å utløyse dette med medikament, kan dei finne nye måtar å handsame dykkarsjuke på – og hjarteinfarkt.

Det starta tilfeldig. Professor Alf O. Brubakk og idrettsfysiolog Ulrik Wisløff kjørte eit dyreforsøk. Dei skulle sjå nærare på effekten av fysisk trening når det gjaldt motstandsevna mot dykkarsjuke. For dette har trondheimsforskarane funne ut tidlegare: At det hjelper på evna til å tåle trykkfall dersom du er i god fysisk form. Det var på dette dei forska.

Så skjedde følgjande: Forskarane oppdaga at rottene som hadde trena på fredagen og dykka måndagen, ikkje tålte belastninga i trykkammeret – medan rottene som trena dagen før, greidde det som fot i hose.

Korleis kunne det ha seg?

Gassboblar

Kort forklart er samanhengen denne: Dykkarsjuke kjem av gassboblar som dannar seg i blodbanene. Ein trur at dei vert danna med utgangspunkt i den såkalla boblekjernen i blodet – dette er forstadium til boblene som fester seg på innsida av blodkara. Forskarane trur at innsida av blodkara vert endra når personen trenar, slik at boblekjernane blir vaska bort.

Det ein oppdaga ved å la rottene kvile over helga før dei entra trykkammeret, var at det er den kortvarige treningseffekten som slår ut. Med andre ord: Ei økt kort tid før dykking – om lag 24 timar før – er det som skal til.

– Det må vere høg treningsintensitet, helst over nitti prosent av full yteevne, seier professor Brubakk. Militære dykkarar har allereie meldt si interesse, fortel han.

Oppdaga heilt ny mekanisme

Men det er meir. – Dette er noko av det mest spennande vi har vore borti. Vi trur no at hard belastning frigjer stoff som vernar mot skade, seier Brubakk.

Ein har trudd at bobledanninga er resultat av ein biofysisk prosess. Dersom det nå viser seg at dette er biokjemi, kan ein nytte kjemiske midlar for å påverke desse prosessane. Med andre ord: medikament.

– Vi trur at vi er på veg til å avdekke ein ny mekanisme for vern i kroppen, som kan ha verknad på fleire felt. Ikkje minst sirkulasjonslidingar er interessante her, seier han. Dette inneber at hjerte/karsjukdommar ein gong i framtida vil kunne handsamast med medikament utvikla ut frå innsikt i desse prosessane og korleis dei kan påverkast kjemisk.

Brubakk fortel at dei planlegg forsøk med andre forsøksdyr enn rotter. Dei har også gjort studiar på menneske.

– Så langt ser det ut til at resultata for rotter kan overførast til andre arter, seier Brubakk.