Klart for MP4

MP4 blir for multimedia som MP3 i dag er for musikk. Men enno manglar innhaldet.

MP3 er eit filformat som gjer det mulig å laste ned musikk frå Internettet. MP3-spelarar er små dingsar som lastar ned musikk frå PC-en og lagrar den i små harddiskar.

Koplar du til øyretelefonar, har du ein walkman. Ein slik spelar kan bare spele musikk. Med MP4-formatet og MP4-spelaren kan du laste ned og spele av multimediafiler.

Ei MP4-fil kan bestå av ei lydfil pluss fleire videofiler, samt ekstrainformasjon.

Skjermbiletet som fila blir vist i, kan bestå av ulike videosnuttar, til dømes eit bakgrunnsbilete og eit vindauge inni, der noko anna rører seg – mens tekst eller grafikk er plassert ein tredje stad på skjermen. Det innskotne videoauget kan bestå av objekt som ligg rett på bakgrunnen. For med det nye formatet blir det mulig å handsame einskilde objekt (t.d. hus, personar, bilar) i staden for pikslar, dei ørsmå rutene videobiletet er delt opp i.

Harde nøtter

Teknologien for MP4 finst. Men det er fleire nøtter som må knekkast før formatet kan takast i bruk. Eitt er å finne ein metode for å spele av fila samstundes som ho blir lasta ned. Då slepp du vente på at store filer skal bli overført. Teknikken kallast “streaming”. Som noen av dei første i verda, har ei gruppe stipendiatar ved NTNU makta å implementere streaming av MP4 filer.

– Denne teknologien er i konsept det same som de eksisterande produkta frå Microsoft (WindowsMedia), Real og Apple (Quicktime), men opnar for uendeleg fleire formar for bruk, seier førsteamanuensis Andrew Perkis. – Det viktigaste er interaktivitet, det at vi sjølv kan produsere vårt eige personlege innhald frå den same kjelda – den same fila.

Multidings

Men jamvel om MP4 finst, manglar innhaldet. Det blir som om ein har CD-

spelaren, men ingen enno har kome på å lage ein CD. Dette arbeider gruppa nå med. Det handlar om komplekse prosessar, der ulike parallelle signal skal bli veva i hop på ein måte som gir meining for mottakaren. Dessutan må filformatet ha metodar for tovegs kommunikasjon, slik at mottakaren kan gå inn og styre komposisjonane i skjermbiletet.

Perkis trur at om eit par år vil det vere like mange MP4-filer tilgjengelege via nettet, som det er MP3-filar i dag. Men MP4-spelaren vil ikkje kome i handelen som ein ny dings designa utelukkande for dette føremålet. – Truleg vil vi ende opp med ein multidings, som er mobiltelefon, pc, MP4-spelar, og meir til, i eitt, seier Andrew Perkis.

Tekst: Tore Oksholen