Dette er den første kartlegginga av seksuell trakassering blant elevar i vidaregåande skuler i Noreg. Foto: photos.com

Gutar sextrakasserer andre gutar

Ei omfattande undersøking blant trønderske elevar viser at det er inga kjære mor å gå på vidaregåande – verken om du er jente eller gut.

Mons Bendixen og Leif Edward Ottesen Kennair ved Psykologisk institutt ved NTNU har publisert ein artikkel som inneheldt overraskande opplysningar om seksuell trakassering av vidaregåande elevar i Sør-Trøndelag. I artikkelen har dei teke utgangspunkt i resultata frå ei omfattande undersøking som vart gjennomført i 2007. Der kom det fram at det framleis er flest jenter som rapporterer inn å ha vorte seksuelt trakassert.

Av jentene fortalte 54,4 prosent mot gutane sine 40,7 prosent at dei hadde vorte utsett for seksuelle kommentarar på kropp, utsjånad og privatliv. Også flest jenter rapporterte om å ha vorte klemt eller haldne fast på ein seksuell måte. Mest oppsiktsvekkjande ved undersøkinga er kanskje likevel at gutar også opplever å verte sextrakassert, og ikkje berre av jenter, men også av andre gutar. Eit tema som tidlegare ikkje har vorte belyst.

«– Di bitch»

I kartlegginga kjem det fram at det er vanleg for mange elevar å bli kalla hore, bitch, ludder, kuk, homo, lesbe og liknande. Kennair og Bendixen er i rapporten skeptiske til at denne trakasseringa i hovudsak skjer på bakgrunn av kjønn og seksuell orientering. Dei skriv at med eit stadig meir seksualisert samfunn, følgjer også mobbing, trakassering og krenkingar med seksuelle verkemiddel.

– Tidlegare studiar har i hovudsak retta søkjelyset mot dei som er utsette for trakassering og overgrep. Vår studie såg både på dei som vart råka av denne typen trakassering og dei som utset andre for ho. Eit viktig mål med undersøkinga var å studere om somme grupper elever vart meir seksuelt trakasserte enn andre og kvifor, fortel førsteamanuensis Mons Bendixen.

Dette er den første kartlegginga av seksuell trakassering blant elevar i vidaregåande skuler som har vorte gjennomført i Noreg. Forskarane er også godt i gang med arbeidet med ei ny og utvida datasamling som omfattar fleire skular og med fleire spørsmål. I den første kartlegginga var om lag 1600 elevar ved i alt ni skular i Sør-Trøndelag med. No håpar forskargruppa ved Psykologisk institutt å få med alle dei 22 vidaregåande skulane i fylket, og håpar på svar frå rundt 5000 elevar.

Kartlegging av seksuell trakassering

- Viser at gutar var meir involvert i seksuell trakassering av andre enn det jenter var.

- Ein av fire elevar rapporterte at dei hadde vorte utsette for seksuell ryktespreiing, seksuelt ubehagelege bilete, telefonoppringingar, sms. Epost og chat med seksuelt innhald var relativt vanleg blant både gutar og jenter.

- Fleire elevar oppga at dei hadde tvunge andre til samleie eller munnsex mot deira vilje. Det kom ikkje fram kva kjønn den dei tvang hadde eller om handlinga vart gjentatt.

- Det var ei overvekt av gutar som opplevde det som vanleg å nytte homonegative eller seksuelt, negativt lada omgrep i omtalen av andre gutar.

- Gutane tykte også i større grad enn jentene at det var greit å kalle andre for bitch, hore, kuk, homo og liknande.

- Det vart i tillegg gjennomført ei kartlegging av lærarane sine opplevingar av seksuell trakassering frå elevar på dei same skulane. Også lærarar hadde opplevd nedsetjande kommentarar frå elevar.

Har ynskje om sex

I artikkelen til Kennair og Bendixen kjem det fram at motivasjonen for å nytte seksuell trakassering som verkemiddel kanskje er ein annan enn ein tidlegare har gått ut i frå. Trakassering er nemleg ikkje begrensa til å gjelde menn sin maktbruk overfor kvinner.

– Vi såg at motivasjonen ofte skuldast eit ynskje om uforpliktande sex, altså sex for sexen si skuld, og at trakassering vart nytta som eit middel for å oppnå dette. Men ein annan seksuell strategi for å oppå sex var å trakassere same kjønn for å få høgare status og framstå som meir attraktiv.

Både gutar og jenter nytta denne strategien for å signalisere at ein var interessert i sex enten ved å ta på motsett kjønn og finne ut om den andre var med på notane, eller ved å rakke ned på ein av same kjønn for å kvitte seg med ein konkurrent. Dette kallar Bendixen intraseksuell konkurranse. Men medan jentene opplevde meir seksuell trakassering utanfor skulen, og vart meir beskytta av å vere på skulen, opplevde ikkje gutane den same beskyttinga.

– Det å verte klar over seksuell trakassering av gutar kan vere viktig. Skulen burde også beskytte gutar, og ein burde kunne fortelje om korleis begge kjønn kan være offer og dei som krenkar andre, seier Bendixen.

Yrkesfag mest utsett

Av ei meir alvorleg form for trakassering, svara nær 10 prosent av jentene at dei hadde vorte tvungne til samleie eller munnsex mot sin vilje i løpet av livet. Berre 1,5 prosent av gutane svara det same. Jenter på yrkesfag var meir utsette for dette enn jenter på studieførebuande program.

Jentene på yrkesfag opplevde i større grad ryktespreiing, ufrivillig kyssing og krav om sex. 20 prosent av jentene melde frå om at dei hadde opplevd tvang til sex i løpet av livet, og 8 prosent hadde opplevd dette same året. Også gutar på yrkesfag opplevde tvang til sex siste året i større grad enn gutar på studieførebuande program.

– Rundt 70 prosent av elevane på yrkesfag gjekk på bygdeskular. Auka eller redusert førekomst av seksuell trakassering kan kanskje difor relaterast til om elevane gjekk på by- eller bygdeskular, seier Bendixen.

Minoritetar meir trakassert

Det kom også fram i kartlegginga at homofile og biseksuelle elevar og elevar med framandkulturell bakgrunn rapporterte om noko høgare førekomst av å verte utsett for seksuell trakassering og tvang til sex. Elevar i desse gruppene var også noko meir involverte i seksuell trakassering av andre. I den nye kartlegginga har ein lagt inn spørsmål som ein håpar kan fange opp og gje eit betre bilete av dette.

– Vi veit ikkje kvifor minoritetar både trakasserer og vert trakassert meir enn andre. Om det kan skuldast at dei slær tilbake på trakasseringa dei sjølv har opplevd, eller kva det er, veit vi ikkje, seier Bendixen.

Minoritetar rapporterte om noko høgare førekomst av å verte utsett for seksuell trakassering og tvang til sex. Elevar i desse gruppene var også noko meir involverte i seksuell trakassering av andre. Foto: photos.com

Minoritetar rapporterte om noko høgare førekomst av å verte utsett for seksuell trakassering og tvang til sex. Elevar i desse gruppene var også noko meir involverte i seksuell trakassering av andre.        Foto: photos.com

Det var fylkestinget som i 2006 vedtok at Sør-Trøndelag fylkeskommune skulle kartleggje seksuell trakassering i skulen. Hovudmålet med dette er å endre og forbetre seksualundervisninga i dei vidaregåande skulane.

Den store majoriteten av elevane melde i den første kartlegginga frå om at temaet seksuell trakassering og voldtekt ikkje hadde vore oppe til diskusjon på skulen. Det vart uttrykt ynskje frå båe elevar og lærarar i kartlegginga om at aktørar utanfor skulen vart nytta til slik undervising.

Større kartlegging

– I den nye kartlegginga har vi med nokre av dei same spørsmåla, men har også teke med spørsmål knytt til personlege variablar som kva klasse dei går i og kva kjønnssamansettinga i klassen er. Med det håpar vi å få ei meir nøyaktig rapportering som kan gje oss svar på kvifor jentene på yrkesfag opplevde meir fysisk trakassering. Kanskje det skuldast at dei gjekk i ein klasse dominert av gutar, seier han.

Om Bendixen og dei andre forskarane får det som dei vil, vert alle vidaregåande skulane i Sør-Trøndelag med på spørreundersøkinga. Han trur likevel at dei berre vil få svar frå halvparten. Skulane har fått frist på seg til året er omme, og til våren vil det truleg føreliggje ein sluttrapport.

Mange droppar ut

Bendixen er oppteken av at kartleggingane skal gje fylkeskommunen og skulane grunnlag for å jobbe evidensbasert mot seksuell trakassering på vidaregåande, og fortel at han ikkje kan servere ei liste over kva tiltak som bør setjast i gang.

– Vi håpar at ein kan kome fram til ein ny måte å drive seksualundervisninga på basert på våre data, og at ein arbeidar med å lære elevane korleis dei kan signalisere at dei er interessert i sex utan å krenkje andre, og at dei som opplever trakassering kan lære korleis dei kan avverge denne, seier han.

I dag sluttar 30 prosent av elevane på vidaregåande i Noreg før dei er ferdige. Bendixen håpar at den nye kartleggjnga kan setje søkelys på om noko av dette kan knytast til seksuell trakassering.

Helsemessige konsekvensar

– Det er heilt klart helsemessige konsekvensar av trakassering, og spesielt angst, depresjon og lågt sjølvbilete slær ut. Andre studiar har vist at god mental helse betyr mykje for om ein fullfører vidaregåande. Det er stor politisk vilje til å redusere talet som droppar ut av vidaregåande, men ingen har stilt spørsmålet om årsaka til at dei sluttar skuldast trakassering. Dette ynskjer vi no å finne svar på, seier han.

I den nye spørreundersøkinga vert elevane stilte spørsmål om dei har intensjon eller ynskje om å slutte, og kor mykje fråvær dei har. Indikasjonane på fråvær og svaret på om dei ynskjer å slutte, vil på den måten setjast i samanheng med trakassering.