Oseberg Øst.
Oseberg Øst. Foto: Øyvind Hagen/Statoil

Digitalt skredvarsel for oljebransjen

Blogginnlegg publisert 06.03.18
Skrevet av en av våre bloggere

Teknologi kan av og til utvikle seg som eit snøskred. For om lag femten år sidan hadde fleire oljeplattformer i Nordsjøen fått breibandsforbindelse til land via fiberkabel. Men kva skulle breibandet brukast til?

På land var videokonferansar på storskjerm blitt daglegdags i kontorlandskapa og plutseleg kunne ein no sitte “saman” med kollegaene ute i Nordsjøen også. Før hadde geologar og andre ekspertar blitt flydd ut til plattformene, men no kunne ein like så godt sitte på Stjørdal eller i Houston og diskutere dei same skjermbiletene som kollegaene i Nordsjøen hadde foran seg. Snart gjekk ein over frå møterom til operasjonsrom på land, med ansatte som var kontinuerleg oppkopla mot operasjonen i Nordsjøen og med tilgang til alt frå sanntids trykk målingar i brønnen til videolink frå ubemanna ROV-er i sjøen. 

Det som starta med ein fiberkabel vart til eit skred av nye teknologiar og nye måter å arbeide på.

Fiberkabelen gjorde at færre trengte vere offshore for å bidra. Dette satt fart i utrullinga av sensorar på plattformene, som gjorde det enklare for mannskapet på land å få tak i informasjonen dei trengte. Nye teknologiar og arbeidsformer forsterka kvarandre. Når du satt på land med alle data tilgjengeleg, var det lett å kople til ein PC for å prøve ut trenings og støtteverktøy inspirert av datidas flysimulatorar eller hanke inn kapasitet på tungregnemaskiner.

Det som starta med ein fiberkabel vart til eit skred av nye teknologiar og nye måter å arbeide på: Det ga oss treningssimulatorar som i dag gjer bore-teamet topptrena på brønnen dei skal bore før dei dreg frå land, integrerte operasjonar som forandra korleis selskapa samarbeida og det ga oss plattformer som Valemon, som styres frå land utan eit menneske om bord. No er eit nytt skred på gang.

Skredfaren har blitt behørig annonsert, med buzzwords som digitalisering, automatisering, kunstig intelligens, big data og skytjenester. Men så står ein der, slik dei kanskje gjorde med fiberkabelen i handa for tjue år sidan og lurer: Kva no?

Industrien har nokon av svara, vi har andre og på SINTEF Petroleum Conference den 20.-21. mars håper vi at vi ser kvar teknologi-skredet skal ta vegen. Ut rullar det løysingar som ikkje lenger er buzzwords men handfaste ting, som allereie er i bruk eller rett rundt hjørnet. Og framfor oss i løypa ligg dei ubrukte moglegheitene. Sjansen til å spele på lag med den kunstige intelligensen, forstå det som skjer nedi oljebrønnen og skape nye nisjar i oljeindustrien. Det er eit skred det er verdt å la seg rive med av.