Foto: Geir Mogen

Siste finpuss

  • Publisert 19.09.12

NTNU Vitskapsmuseet har dei ei stor samling fuglar frå norsk natur. Her ser vi ein flott hubro som får ein aller siste finpuss før han skal på utstilling. Eit ørlite støvkorn har lagt seg i augekroken, og taksidermist (utstoppar) Per Gätzschmann må bruke pinsetten. Inni den preparerte fjørhamen er ei acrylavstøyping av originalkroppen, og auga er av pleksiglas – med ein dæsj diskret makeup rundt seg.