GEMINI 2025

LEWISBRIKKENE I ein sandbanke på øya Lewis i Dei ytre Hebridane i Skottland vart det funne 93 sjakkbrikker i 1831. Ein trur brikkene kan ha vore laga så tidleg som på 1100-talet, av skulptørar ved Nidarosdomen og Erkebispegarden i Trondheim. Det var sterke band til og mellom Noreg, Grønland og dei britiske øyane på den tida. Brikkene er laga av støyttenner frå kvalross. Dei er forma som menneskeliknande figurar som viser kjensler som angst og raseri. Seks av Lewis-brikkene og andre gjenstandar av kvalross- tenner kan du sjå på NTNU Vitskapsmuseet ut januar 2026. Det er British Museum som velvilleg har lånt ut desse til oss. 37 gemini • 2025

RkJQdWJsaXNoZXIy MjAzOTc=