Oljeplattform
So lenge me brulegg framtida med nye petroleumsinvesteringar vil ikkje den storstilte fornybare omlegginga skje, skriver artikkelforfattarane.
Illustrasjonbilde: Thinkstock

Meir olje og gass er ikkje del av noko grønt skifte

Kronikk publisert 19.10.16


  • Forsker ved Program for industriell økologi, Institutt for energi- og prosessteknikk, NTNU

  • Jo-Kristian Stræte Røttereng


    Ph.d.-stipendiat ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU

  • Magnus Inderberg Vestrum


    Ph.d.-stipendiat ved Program for industriell økologi, Institutt for energi- og prosessteknikk, NTNU

Medan politikarane pratar om «det grøne skiftet» som om det står om nokre øre i drivstoffavgift, viser forslaget til statsbudsjett at hovudplanen er å halda fram med utvinning av olje og gass som før.

I Brennpunkt-dokumentaren «Oljelobbyisten» (NRK1 4.10.) er hovudargumentet til Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, direktør i bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass, at utvinning av olje og gass på norsk sokkel faktisk bør aukast for å hjelpa verda å nå klimamålet i Parisavtala. Miljøorganisasjonane seier derimot at utvinninga ikkje kan halda fram nettopp på grunn av det globale klimamålet. For nordmenn flest, som jamt over er uroa for klimaendringane og samstundes er takksame for olja sine bidrag til velferdsstaten, er denne motsetjinga eigna til å skapa både forvirring og frustrasjon.

Byggjer på to hovudpremiss

Argumentasjonen til Schjøtt-Pedersen, som liknar på argumentasjon me høyrer frå olje- og energiminister Tord Lien, og før det, frå forgjengarane hans, Ola Borten Moe og Terje Riis-Johansen, byggjer på to hovudpremiss: 1) Sjølv om alle er samde om at me må gjera verdas energisystem fossilfritt so snart som mogleg, er det ikkje til å koma utanom at me vil vera avhengige av fossil energi i mange år framover. Dette seier både FNs klimapanel (IPCC) og Det internasjonale energibyrået (IEA).

2) Norsk olje og gass er den reinaste i verda, det vil seia, ingen har lågare produksjonsutslepp per tonn ferdig vare. (No er det slik at utsleppa frå sjølve produksjonen berre står for nokre få prosent av dei samla utsleppa frå oljebruken, og Brennpunkt syner dessutan at det ikkje er slik at norsk olje og gass er verdas reinaste, men det lèt me liggja no).

Treng framleis fossil energi

Om me aksepterer desse to premissa ser det bra ut: Di meir av den naudsynte fossile energien i overgangsfasen som kjem frå norsk sokkel, di lågare globale klimagassutslepp. Og ganske riktig: Energibehovet i verda er i dag so massivt at det ikkje finst nok fornybar energiproduksjon til å dekkja det.

Ein kan ikkje skifta til 100 prosent fornybar energi over natta, og sjølv dei mest optimistiske framtidsvisjonane til IPCC og IEA lyt basera seg på ein viss del fossil energi i ein overgangsfase. Tilsynelatande held oljenæringa sitt resonnement vatn.

Men å syna til desse prognosane for å seia at verda treng meir norsk olje og gass, som Schjøtt-Pedersen og regjeringa gjer, er ikkje anna enn sirkelargumentasjon. Desse framtidige utsleppsbanane og framskrivingane er ikkje statiske, absolutte storleikar lausrive frå det som skjer på bakken. Dei lyt vera edruelege og ta inn over seg at omleggingar i energisystemet går seint.

– men me treng ikkje nye oljefelt

Poenget er at om Schjøtt-Pedersen og regjeringa lukkast med å overtyda oss om at norsk oljenæring treng nye felt (som i 23. og 24. konsesjonsrunde), tek det berre endå lenger tid før omleggingane i energisystemet skjer.

Følgjeleg lyt IPCC og IEA gjera rekning for ny oljeverksemd i sine reknestykke. Og om det i hovudsak er olje og gass som er tilgjengeleg, vil fagautoritetane melda at det truleg er slik verda vil bli forsynt med energi i tida som kjem. Dermed gjev oljenæringa seg sjølv rett.

Overfor utsikter som desse er det ikkje rart at IPCC og IEA òg slår fast at det vil vera ei enorm global utfordring å redusera klimagassutslepp i so stor grad at den globale oppvarminga kan avgrensast til 2 °C, for ikkje å snakka om til 1,5 °C, som er målsetjinga i Parisavtala. Dersom globale utslepp held fram som i dag har me fem år til på oss før CO2-utsleppa lyt gå ned til null, om me skal ha god von om å greia dette.

Eit langt mindre smertefullt alternativ ville vera å starta med ei stor omstilling no. Ein skulle tru det var dette «det grøne skiftet» ville handla om.

Det er eit politisk veival

So lenge me brulegg framtida med nye petroleumsinvesteringar vil ikkje den storstilte fornybare omlegginga, som alle i prinsippet ynskjer, skje. Då vil verda framleis vera «avhengig» av olje og gass med «låge utslepp». Om me skal ut av skrutvinga lyt me innsjå at framtida ikkje er skrive i stein.

At utviklinga ikkje blir til av seg sjølv veit Schjøtt-Pedersen og Tord Lien godt. Kvifor elles enn for å påverka noko som er i spel trong dei reisa til Brussel for å overtyda EU om å kjøpa meir norsk gass? EU kan koma til å nå energi- og klimamåla sine på vis me ikkje kunne tenkja oss for nokre år sidan. Fornybar energi konkurrerer på pris, og ny teknologi gjer at ein no tenkjer heilt nytt om energilagring og straumnett.

Eit grønt skifte krev at me følgjer opp det me sa i Paris og at me torer nytta den politiske verktøykassa, også på heimebane. Det er for å setja kursen for samfunnet at me har statsbudsjett, politikarar og storting. I prinsippet er det utslepp å spara på å produsera olje og gass frå nokre felt eller land framfor andre, men like lite som øre i drivstoffavgifter, er det ikkje dette det står om. Alle som ser på klimaendringane med aukande uro bør vera klåre over det heilt sentrale: Når det gjeld klima er meir olje og gass grunnleggjande ein del av problemet, ikkje av løysinga. Heller ikkje i Noreg.