NYE BØKER: EI LEIKEHISTORIE

Marit og Ola Stemshaug: Dette leika vi med. Det Norske Samlaget.

Dette er ei bok om barnekultur som går frå barn til barn, utan å vere innom vaksen-verda. Mange gamle barneleiker er i ferd med å døy ut. Forfattarane har gjort eit stort arbeid med å dokumentere ikkjeindustrielle leikesaker og leiketradisjonar gjennom fleire hundre år. Dei har samla kjeldemateriale frå heile landet, og samtidig utforska den språklege tradisjonen som følgjer leikene. Ola Stemshaug er førsteamanuensis ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU.