Motstandsdyktig lakselus spreier seg til villfisken

Ny studie bekreftar oppdrettsnæringas rolle for spreiing av resistent lakselus.

Inntil for nokre få år sidan var kjemisk avlusing det viktigaste verktøyet for å kjempe mot lakselus i norske oppdrettsanlegg.

Men etter ei tid fekk dei fleste stoffa redusert effekt, fordi det skjedde ei endring i genene til lakselusa som gjorde den resistent, eller motstandsdyktig. Dei kjemiske stoffa virka dermed ikkje lenger så godt.

Ved fortsatt bruk av kjemikalia fekk ein isteden eit naturleg utval for lakselusa som hadde mutasjonen som gjorde dei resistente. Dei formerte seg meir effektivt. Dermed vart det fleire resistente lus og færre sensitive. Denne resistente lakselusa spreier seg og til villfisken, viser det seg.

Genetiske markørar

Ei gruppe forskarar ved NTNU i Ålesund, Universitetet i Bergen (UIB), Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for naturforsking (NINA) og PatoGen AS har brukt genetiske markørar for å undersøke korleis oppdrettsnæringa har påverka lakselusa i dei norske fjordane.

Den same gruppa har tidlegare sett på den genetiske markøren for resistens mot lakselusmiddelet organofosfat. I ein ny studie, publisert i det vitskaplege tidsskriftet Aquaculture Environment Interactions, har dei sett på den genetiske markøren for resistens mot pyretroider.

– For begge markørane ser vi den same tendensen, fortel Helene Børretzen Fjørtoft,  PhD-stipendiat ved NTNU i Ålesund og UiB. – Lakselus som er samla inn frå sjøaure har den same frekvensen av resistensmarkøren som lakselus samla inn frå oppdrettsanlegg i det same området.

Mykje resistens langs kysten

Forskarane såg på andelen pyretroideresistente lakselus i materiale samla inn frå sjøaure og villaks i ni ulike regionar frå Finnmark til Sørlandet i 2014, og samanlikna med data frå oppdrettsanlegg i dei same regionane. PCR-markøren for pyretroideresistens som er utvikla av Lakselussenteret ved UiB og PatoGen AS i Ålesund vart nytta for å genteste over 800 lakselus frå villfisk og over 2300 lus frå oppdrettsanlegg.

I områda frå Rogaland til Nord-Trøndelag har det tidlegare vorte brukt mykje pyretroider, og av lusa som sat på sjøauren og oppdrettslaksen var opp mot 96 % resistente.

– Det var tydeleg at sjøauren og oppdrettslaksen hadde lakselus frå den same kjelda, konstaterer Fjørtoft. – Men villaksen som var på veg tilbake til desse intensive oppdrettsområda etter eitt til tre år i havet hadde signifikant lågare innslag av resistent lakselus på seg.

Forskarane meiner at dette skuldast at villaksen i havet også vert smitta med lakselus som stammar frå område der pyretroider ikkje har vore i bruk.

Spreier seg med villfisken

Nettopp villfisken spelar ei viktig rolle i spreiing av lus med nye eigenskapar.

– På larvestadiet fylgjer lakselusa havstraumane, og som fastsittande på sjøaure og villaks haikar den til nye område, fortel Kevin Glover, forskar ved Havforskingsinstituttet og Lakselussenteret på UiB. På denne måten kan lakselus som har vorte selektert for resistens i oppdrettsanlegg spreie sitt avkom over store geografiske område.