MINIPORTRETTET: SVEIN LORENTZEN

Kva forskar du på nå?

Dei siste åra har mye av forskinga mi vært retta mot korleis historiebøkene i skolen har blitt brukt til å forme nasjonal identitet, og korleis denne spesielle påverkinga har endra seg over tid. Elles bruker eg mykje meiningsfylt arbeidstid som forskingsleiar ved NTNUs lærarutdanningsprogram.

Kva for eit forskingsprosjekt ville du sett i gang dersom du fikk 5 millionar kroner?

Summen er nok ganske fiktiv innanfor mitt fagområde. Om det likevel skulle skje, kunne eg tenke meg å undersøke nærare korleis elevane gjennom 13 års obligatorisk skolegang utviklar sitt syn på demokrati.

Kva fikk deg til å velje forskaryrket?

Fordi forskinga gir meg muligheit til å vite noe der eg tidligare trudde. Nå kan det nok reisast tvil om det lenger eksisterer et forskaryrke ved universiteta, i og med at tida til forsking meir og meir smuldrar bort mellom ei rekke andre arbeidsoppgåver.

Kva for eit spørsmål skulle du gjerne hatt svar på?

Kvifor små barn trivst på skolen, mens eldre barn altfor ofte ikkje gjer det.

Di siste aha-oppleving?

Då eg oppdaga at ein gløymd, tysk historikar frå 1700-tallet hadde forfatta ei bok om arbeidsmåtar i historieundervisninga, som ville gitt eit løft til den dagsaktuelle diskusjonen om same emne.