MINIPORTRETTET: Britt-Marie Drottz Sjöberg

Kva forskar du på nå?

Eit gjennomgåande tema i forskinga mi er risikokommunikasjon, ofte med fokus på beredskap og tryggleik. No ser eg mellom anna på korleis menneske opplever lange tidsperiodar i høve til framtidige risikoscenarier: Oppfatninga av tid er med og styrer vurderingane om risiko i framtida.

Kva for forskingsprosjekt ville du sett i gang dersom du fekk 5 millionar kroner?

Eit internasjonalt senter og nettverk for risikoforsking. Det skulle hatt fokus på forståing av subjektiv/menneskelig oppleving og vurdering/bedømming.

Kva fekk deg til å velje forskaryrket?

Ufordringa om å tenke tankar eller innsjå tilhøve som vi ikkje tidlegare var merksam på. Samt ein medfødd allergi mot repetisjon.

Kva for spørsmål skulle du gjerne hatt svar på?

Finst det faktorar som kan forklare relasjonen tanke – emosjon/kjensler? Kan vi seie noko grunnleggjande om korleis kjenslene og den rasjonelle tanken verkar saman i oppfattinga av den objektive røynda?

Di siste «aha-oppleving»?

At vi menneske eigentlig ikkje kan sjå for oss lengre tidsperiodar, men trur at vi kan det. Vi trur vi kan tenke millionar av år fram og attende i tid, men i realiteten greier vi ikkje å relatere oss til meir enn nokre få generasjonar, rundt 100-150 år. Det medfører mellom anna at vi overvurderer grunnlaget vi har til å fatte gode avgjersler, særskild i tilhøve til komande generasjonar.