Biskop Johan Ernst Gunnerus. Foto: Wikipedia

Biskopen som dyrka vitskapen

Biskop Gunnerus var óg eit vitskapleg geni. No kjem boka om han.

GUNNERUS: Rolv Nøtvik Jakobsen er dr.theol og førstebibliotekar ved NTNU-Gunnerusbiblioteket. Han har skrive boka om Johan Ernst Gunnerus, som var biskop i Trondheim, men óg eit vitskapleg geni.

Boka Gunnerus og nordisk vitskapshistorie vart lansert i Gamle festsal, Trondheim katedralskole torsdag 3. desember.

— Det artige med Gunnerus  er at han både var ein framståande teolog, filosof og rettslærd som også var ein pioner som naturforskar, seier Jakobsen.

Artiklane hans om fiskar, fuglar, blomster, korallar og anna levande, som ost og sjømonster, imponerte forskarar i samtida, som Linné, som han brevveksla med storparten av den tida han var biskop i Trondheim.

—  Og illustrasjonane er veldig fine, eg har gjengitt nokre av dei i boka mi, seier Jakobsen.

I tillegg skreiv Gunnerus også den første norske floraen, Flora Norvegica, i 1766 og var opptatt av ideen om eit norsk universitet.

— Boka mi er eit forsøk på å vise korleis alle desse tinga heng saman og gir ei brei oversikt over norsk og norsk-dansk kulturhistorie og politisk historie i perioden.

Biskop Gunnerus er i våre dagar kanskje mest kjend for å ha oppretta Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab under namnet Det Trondhiemske Selskab i 1760. Det gjorde han saman med historikarane Peter Frederik Suhm og Gerhard Schøning.

—  Det som er viktig med Gunnerus i lokal samanheng og for NTNU er jo at vitskapsselskapet som han danna også vart kimen til det som skulle bli vitskapsmuseet og også gav grunnlag for den unike boksamlinga av eldre vitskapeleg litteratur som Gunnerusbiblioteket har.

Det han gjorde var altså ein viktig føresetnad for at Trondheim kunne etablere seg som kunnskapsby. Og  Gunnerus sine tankar om tverrfaglegheit, samarbeid på tvers av fagdisiplinar og forskingsformidling er stadig aktuelle. Då som no var spørsmålet om vitskapens nytteverdi og om forholdet til pengemakt og statsmakt brennande tema.

Boka om biskop Gunnerus, som óg var ein dyktig vitskapsmann.

Boka om biskop Gunnerus, som óg var ein dyktig vitskapsmann.

Boka går gjennom dei fleste faga Gunnerus var innom, som historie, språkfag, naturfilosofi og naturforsking, teologi, jus og viser samanhengar mellom dei ulike forskingsbidraga. Boka er det første oversiktsverket over Gunnerus sitt liv og virke og er også ei forteljing om den moderne vitskapens startfase i Norden.  Ho byggjer på omfattande arbeid med dei historiske kjeldene.