Avføringsprøvar frå nesten 300 mødrer og deira nyfødde barn, er studerte ved NTNU. Ut frå det har forskarane klart å få eit innblikk i spedbarnets soppflora. Illfoto: Colourbox

Tarmsopp hos spedbarn – og Biola

Blogginnlegg publisert 25.10.17
Også publisert i bloggen NTNU Medisin og helse

Du har førti billionar bakteriar inni tarmen din. Det er fleire enn talet på celler i heile kroppen din. Basert på tala si makt så er du derfor til for dine bakteriar. Men bakteriane er ikkje aleine der. Søskenbarna deira, soppen, har òg kara til seg ein viktig plass. Heilt frå livets start.

BLOGGINNLEGG: Det hørest unekteleg skummelt ut, for vi tenker jo på sopp og bakteriar som lunefulle, mikroskopiske drapsmaskiner som må drepast så snart som råd. Men frå tidenes morgon har vi nok levd i harmoni med desse bakteriane som Leeuwenhoek, mikrobiologiens far, oppdaga i si tid, og vi har jamvel vorte avhengige av dei.

Mikrobane i tarmfloraen vår hjelper oss med å bryte ned matfibrar til fordøyeleg næring, bygge opp immunsystemet vårt, bidrar i vitaminproduksjon og verne oss mot sjukdomsbakteriar. Som takk passar vi på dei gode bakteriane og soppane ved å gi dei varme og mat i eit trygt miljø.

Dette har vi visst i nokre år. Det som har vore ukjend, er korleis soppfloraen ser ut frå vi blir fødd. Derfor har vi no studert avføringsprøvar frå nesten 300 mødrer og deira nyfødde barn, og ut frå det har vi klart å gi eit innblikk i spedbarnets soppflora. Det ser ut som at dei fleste nyfødde barn har sopp i tarmen, og da ofte ein mjølkegjær kalla debaryomyces hansenii (den gjæra finn vi òg i ost vi kjøper i butikken, som Jarlsberg).

Frå eitt års alder så byter «hovudsoppen» om til saccharomyces cerevisiae, betre kjent som heilt vanleg brødgjær. Og brødgjæra, ho kjem til å gjære og kose seg i tarmen din i sannsynlegvis resten av ditt liv.

Har alle tarmsopp? Vi påviste sopp hos dei fleste mødrene (88 %) og barna (56-76 %). Det ser òg ut som at dersom ei gravid mor har påviseleg tarmsopp, så er det meir truleg at barnet hennar òg har det. Det støttar tanken om at i alle fall evna til å ha ein soppflora går i arv, og kanskje blir sjølve floraen vidareført òg. Vi har i alle fall funne ut at både mjølkegjæra og brødgjæra kan gå i arv frå mor til barn.

Vi gjorde òg eit forsøk: Vi har fått halvparten av dei gravide mødrene våre til å drikke Biola i slutten av svangerskapet (Biola inneheld bakteriar). Av det har vi sett at dei får ei kraftig oppblomstring av tarmsopp; tarmsoppen din likefram elskar Biola! Vi veit ikkje kvifor det er slik, men kanskje er Biola-bakteriane støttande for vekst av tarmsopp. Og det skulle vi gjerne likt å vite konsekvensane av.

Dette er altså den første studien innan soppflora hos spedbarn, og han er derfor ein viktig kartleggingsstudie som ein kan bygge vidare på i framtidig soppforsking. Ein veit at mikrobiotaen (tarmfloraen) er viktig for barnet si utvikling av immunsystemet, fordøyinga og som ein barriere mot sjukdomsmikrobar.

Ein har òg sett at ein forstyrra tarmflora er knytt til sjukdomar som overvekt og irritabel – og inflammatorisk tarmsjukdom. Sidan sopp er ein betydeleg del av tarmfloraen, vil denne studien vere eit grunnlag for vidare forsking på om soppfloraen kan knytast til vekst og utvikling hos barnet og om nokre sjukdomar syner spesielle soppmønster.

Noko ikkje alle veit, er at soppar er heilt vesensforskjellige frå bakteriar, faktisk er soppar nærmare i slekt med menneske enn med bakteriar. Soppar er meir utvikla sidan dei har har cellekjerne (såkalla eukaryotar) og har eit heilt anna genetisk grunnlag enn bakteriar (kjernelause prokaryotar), slik at soppane kan produsere mye meir fancy celle-fiksfakseri. Det som no er spennande et at ein har byrja å bruke brødgjær som vekstfremjar i grise- og kalvefôr for å få dei til å ete meir og auke vekta raskare, og det fungerer som berre det. Da kan ein spørje seg kva sopp i tarmen faktisk har å seie for menneskehelsa. Eg trur vi berre har sett byrjinga av dette soppforskingskapittelet.

Tarmsopp har fram til no vore sett på som alternativmedisinens høgborg, men dette er no i ferd med å takast over av forskingsbasert medisin. Vi gler oss no til å finne ut kva han verkeleg har å seie for barnehelsa, og dette er første steget på vegen. Så neste gongen du les i kulørt vekepresse at:

«Kjenner du deg oppblåsen og gretten? Da kan ha sopp i tarmen!»

Da kan du frå no tenke at sjølvsagt har du sopp i tarmen, og vidare tenke at han truleg er livsnaudsynt arvegods frå mor di, og at han kan ha gått der i arv gjennom generasjonar.

Kjelde:
Schei K, Avershina E, Øien T, Rudi K, Follestad T, Salamati S, Ødegård R. Early gut mycobiota and mother-offspring transfer i fagbladet Microbiome