Hopp i havet, folkens!

Vil du stå betre rusta mot alt frå kreft til Alzheimers? Då skal du utsetje kroppen for sterke fysiske påkjenningar. Så sterke at det grensar til det skadelege.

Vi veit frå før at trening er bra. Du blir i betre fysisk form, og du reduserer risikoen for å få hjarte/karlidingar.

Men det er meir:

– Du er betre beskytta mot ei rad former for kreft, og har mindre risiko for å få Alzheimers. Det veit vi nå. Og det er endå meir. Vi er på sporet av nye biologiske og fysiologiske mekanismar, fortel professor Alf Brubakk ved Institutt for sirkulasjons- og bildediagnostikk.

– Om den menneskelege organismen vert utsett for hardt fysisk stress, får kroppen tilført eit vern mot både sjukdomar og ytre, fysiske påkjenningar. Det er her tale om ein heilt konkret, ofte målbar, samanheng, fortel Brubakk.

– Noko av det mest oppsiktsvekkande med desse mekanismane er at verneeffekten er målbar etter ei einskild belastning, seier han. Det tyder til dømes at ein har effekt etter første treningsøkt.

Kuldesjokk og stråling

Det særmerkte med mekanismane som professor Brubakk og kollegaene hans nå arbeider med å avdekke, er at dei verkar på område som vi ikkje er vand med å tenke på som helsefremjande – vi tenkjer ikkje på slikt som anna enn fysisk overlast.

Ekstrem kulde/varme er ei form for fysisk overlast: å utsetje kroppen for sterk varme, til dømes i badstu, fører til mobilisering av «sjokkprotein», som vernar mot fare for alvorleg skade i samband med djupvatnsdykk. Det er grunn til å tru at også eksponering for kulde har liknande verknader.

Ei anna form for fysisk påkjenning, som vi er vand til å sjå på som utelukkande helseskadeleg, er stråling. – Det er velkjend at radioaktiv stråling fører til kreft. Mindre kjend er det at små doser av radioaktiv stråling faktisk reduserer risikoen for kreft, fortel Brubakk. Men han legg straks til at vi i dag ikkje veit nok om optimal dosering.

På grensa til skadeleg

– I det heile veit vi framleis svært lite om kor mykje som skal til for å gi vern, kor ofte ein bør repetere påkjenningane, og om kor lenge og på kva måte kroppen er verna etter belastning, seier han.

Men så langt tyder resultata på at belastninga må vere sterk. – Det ser ut til at den helst bør vere så sterk at du nærmar deg grensa for kva som er skadeleg. Då er effekten desidert størst, fortel Brubakk.

Når det gjeld trening, inneber det at ein har best verknad av korte og harde økter, samanlikna med meir langvarige, men med låg intensitet.

Stressa griser overlever

Professor Brubakk leiar eit forskingsmiljø som er verdsleiande innan dykking. Det er gjennom pilotstudiar på dette området at dei kom på sporet av desse mekanismane. – Ved fleire høve såg vi at forsøksdyr som vart utsett for stress rett før eit potensielt dødeleg forsøk, faktisk overlevde, fortel Brubakk.

Ved andre forsøk såg forskarane at hyperbart oksygen (HBO), tilførsel av oksygen under auka trykk, aktiverer stamceller frå beinmargen, og då spesielt dei cellene som vernar mot skader på blodkara. Slike stamceller kan også danne grunnlaget for celler som seinare kan utvikle seg til celler i til dømes hjernen.

– Vi trur dette dreier seg om ålmenne mekanismar, der den eksakte forma for samanheng er uvesentleg. Den generelle bodskapen er at fysisk stress, fysisk belastning generelt, er bra for organismen, seier han.

På eit djupare plan handlar dette om korleis den menneskelege organismen vert oppfatta, meiner Brubakk. – Vi er dynamiske vesen. Det at kroppstemperaturen endrar seg gjennom døgnet, er til dømes eit teikn på god helse.

Det same gjeld blodtrykket. Vi må bort frå ei tenking som går ut på at endring er av det vonde. Tvert imot så er det det statiske som er helseskadeleg.

Det gode stress

Brubakk meiner at det bør bli forska mykje meir på desse samanhengane. Det kan samfunnet tene stort på. Eit stort område er yrkesrelaterte skader: Dersom det er slik at einskilde yrkesgrupper som er særskilt utsett for å bli sjuk av jobben, med enkle grep kunne redusert skadefrekvensen, vil den økonomiske effekten vere stor.

– Dette handlar om å førebygge sjukdom og skade på vår helse. Underskota i helsevesenet veks, trass i at vi bruker meir pengar på feltet enn nokon gong. Dermed er den einaste løysinga på lengre sikt at ein reduserer behovet, gjennom å styrke folkets evne til å tåle belastningane i samfunnet. Det er dette vi kan kalle for «det gode stress,» seier professor Alf Brubakk.

Saken ble publisert første gang i 2007.