gastric bypass-1

gastric bypass-1

«Gastrisk bypass»: – Ved kikkholskirurgi vert det laga ei lita lomme på toppen av magesekken som vert kopla saman med tynntarmen og fungerer som ein liten kanal mellom matrøyret og tarmen. Så vert øvre del av magesekken sydd saman og skilt frå resten av magesekken. – Maten som før passerte gjennom magesekken og tolvfingertarmen, passerer no forbi denne delen av fordøyingskanalen. Sjølv om maten ikkje kjem ned i nedre del av magesekken, fortset han med å produsere magesafter som blandar seg med maten i tynntarmen. (Illustrasjon av Kari Toverud, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening)