Illustrasjon: Line Halsnes

Når villdyret vaknar

  • Publisert 19.09.12

Korleis har vi blitt så sikre på at at nokre hunderasar er farlegare enn andre?

Doktorgradsstipendiat Ane Møller Gabrielsen fortel til journalist Lisa Olstad:

Doktorgrads- stipendiat Ane  Møller  Gabrielsen

Doktorgrads-
stipendiat Ane
Møller
Gabrielsen

Det byrja med at eg kjøpte meg hund i 2007, ein boxer. Eg skjønte jo at her trongst ny kunnskap. Så eg las bøker, gjekk på kurs og søkte på nett etter informasjon. Hundeverda er stor! Berre i vesle Noreg finst det om lag ein halv million hundar. Og det finst så mange ulike haldningar til korleis dei skal trenast og tilpassast og kontrollerast. Så mange teoriar og så mykje debatt, ei gullgruve for ein forskar. Først tenkte eg at det var det eg ville skrive om. Men så byrja eg sjå på lovverket om hundehald, og den svære debatten dei siste åra om dei påstått farlege rasane. Då vart eg interessert i fenomenet «farlege hundar»: Korleis har vi blitt så sikre på at dei er det?

Eg ser på historia etter 1991, då vi fekk Kamphundlova. Ho forbaud innførsel, hald og avl av farlege hundar. Materialet mitt er lover og forarbeid til lover, odelstingsproposisjonar, odels- tingsreferat, høyringsdokument og avisar. Eg prøver å finne ut kva dei seier om vårt syn på hundar – men òg om våre meir allmenne førestellingar. Kva er «det farlege»? Kvifor er vi så opptekne av rasar, når rase ikkje eingong er ein genetisk kategori? Kvifor ser vi på spesielle rasar som farlege akkurat no, når vi ikkje gjorde det før? Er det slik at farlege menneske skaffar seg farlege hundar? Eller blir hundane farlege av å bu hos dei?

I 2003 fekk vi ei eiga lov om generelt hundehald. Før det hadde alt som hadde med hund å gjere, lege i andre lover – knytt til jordbruk, jakt og ferdsel, og altså til kamphundar. Hundelova seier lite om hundens rettar, men desto meir om andre sine. Mulegheita til å avlive har blitt større, og lokale styresmaktar har utvida rett til å nekte folk å halde hund. Ein får ei kjensle av at hundar og hundeeigarar er noko ein bør skånast for. Eg har spesielt sett på paragraf 19, som handlar om farlege hundar.

FARLEGE HUNDAR

  • DOKTORGRADSPROSJEKT: «Når villdyret våkner». Ane Møller Gabrielsen. Institutt for tverrfaglege kulturstudiar. Finansiert av Det humanistiske fakultet, NTNU. Går frå 2011 til 2014. 
  • VEGLEIARAR: Professor Per Østby og førsteamanuensis Agnes Bolsø.
 Essensen her er at det er forbode å ha hundar som er aggressive, kampvillege og uthaldande. I 2003 var fire rasar forbodne i Noreg: pitbullterrier, argentinsk dogge, fila brasileiro og tosa inu. Året etter la dei til amerikansk staffordshireterrier (amstaff) og tsjekkoslovakisk ulvehund. Den siste hadde for mykje ulv i seg, vart det sagt. Amstaffen hadde til då vore ein populær familie- og utstillingshund. Men han likna for mykje på ein pitbull – og no har han blitt sjølve symbolet på det farlege.

Eg stussar over korleis eigenskaper hos ein hund frå ein dag til ein annan blir erklært farlege: Kamphundar er lærevillege, lettrente og uthaldande – skal det vere så gale? Eg mistenker òg at vi her har å gjere med det vi kan kalle forvekslingsfare: Noko liknar på noko; og dersom vi har bestemt at det første er farleg, må også det andre vere farleg. Her er det trynefaktoren som rår, bokstaveleg talt. Som hos menneska. I 1876 gav den italienske rettsmedisinaren Cesare Lombroso ut den illustrerte boka «Forbrytarmennesket». Her lanserte han typeteorien om at vi kan kjenne ein kriminell på utsjånaden: skalleform, auge, øyre… Eg synest at våre forbodne hunderasar er påfallande like Lombrosos kriminelle stereotypiar! Viss det er utsjånaden som avgjer kva for eigenskapar vi tillegg ein type hund, og derfor om han skal få leve, så er eg ikkje vidare komfortabel med det. Lova rammar skeivt, og vi treng ein annan debatt.

Eg trur Hundelova fortel veldig mykje om samfunn, menneske, natur og kultur. Eg trur ho har skapt nokre nye oppfatningar som ikkje alltid er i tråd med vitskapen. Eg trur tankane om det farlege er mykje farlegare enn hundane er.