Toppmodell på slankekur2

SIMLab vart oppretta i 1999 og fekk SFI-status i 2007 (Senter for forskingsdrevet innovasjon). Men lettmetallforsking har pågått ved NTNU heilt sidan Harald Pedersen i 1920 blei den første professoren i metallurgi ved NTH. Hans fagmiljø spela ei viktig rolle i oppbygginga av norsk aluminiumsindustri.

Samarbeidslinja med industrien har vore ubroten sidan 1920. SIMLabs viktigaste industripartnarar er i dag Hydro, Statoil, Vegvesenet, Forsvarsbygg, Audi, Renault og Svensk Stål.

Lettmetall står sentralt i olje-, transport-, forsvars- og verktøyindustrien, og vil bli enda viktigare i framtida.