Lys i mørket2

Her har detektivmolekylet festa seg til ein proteinfloke. Den gule fargen avslørar at vi har å gjere med eit bestemt stadium av Alzheimers. Mikroskopbilde: Mikael Lindgren GUL sjukdom, raud sjukdom... Detektivmolekyla har ei forhistorie som strekkjer seg bakover til 1980-talet. Utgangspunktet er noko som kallast leiande polymerar. Dei vart opphavleg brukt til batteri, lysediodar, og slike elektroniske ting. Peter Nilsson, stipendiat i biokjemi/anvendt fysikk i Linköping, oppdaga for nokre år sidan at disse polymerane også kan brukast til å finne spesielle proteinstrukturar. Det er utgangspunktet for at slike detektivmolekyl nå blir utvikla til bruk i medisinsk forsking. Forskinga skjer i samarbeid mellom fleire grupper rundt om i Europa. NTNU-professor Mikael Lindgrens spesialitet er sjølve testinga av detektivmolekyl, og det å lage fargekartet som fortel kva «detektivane» har funne. Gult av ein bestemt bølgjelengd tyder Creutzfelt-Jacobs, ein annan gulfarge kan tyde Alzheimers. Ulike fargar kan også bety ulikt stadium av sjukdommen. Det er fordi sjukdommens gradvise progresjon endrar proteina inni cellene. Det gjev grunnlag for lys av ein annan bølgjelengd. Det er ein tredelt prosess ein må gjennom, forklarar Lindgren: – Først testar vi disse «detektivane» – som vi altså kallar probar – heilt aleine mot laseren. Vi lærer dei å kjenne og finn ut korleis dei reagerar på og reflekterer lys av ulik bølgjelengd. – Så testar vi korleis desse probane festar seg på syntetiske variantar av sjukdomsmolekyl, og får utvikla fargekartet på bakgrunn av desse resultata. For Alzheimers-flokane er det slik at dei aller mest samanfletta proteina gir gult lys, litt lausare flokar gir meir oransje og grønt lys. Fargefasiten avhenger av kva for eit detektivmolekyl som er valt. – Til slutt kan vi sende probane inn i levande mus, via injeksjon i halane deira. Når vi så sender laserlys gjennom vindauget i hovudet, kan vi følgje utviklinga av flokar i hjernen. I framtida kan vi gjere dette på menneske også, men da må vi kople på paramagnetiske detektivmolekyl, slik at vi kan følgje prosessen med magnetisk resonans, avsluttar Lindgren.