Nobel Donald

Kva skjer når eit samfunn blir overflømd av pengar? Ein amerikansk økonom fekk nobelpris for svaret sitt. Men Onkel Skrue visste det først.

Den amerikanske økonomen Milton Friedman (f. 1912) har mykje til felles med Skrue McDuck (f. 1867): Dei er båe trugne tilhengjarar av dei frie marknadskreftene. Og dei har båe god greie på kva for mekanismar som styrar desse kreftane – og kva som kan skje om dei kjem ut av kontroll.

I 1969 publiserte Friedman ein analyse av korleis det går om eit samfunn brått vert overfløymt av pengar. Det var med på å gje han nobelprisen i økonomi i 1976.

Men ideen med pengar frå himmelen sto først i Donald Duck.

Faksimile frå Donald Duck & Co, «De varige verdier». Publisert første gong i 1952. ©DISNEY. Ill: Carl Barks,Walt Disney Corp.

Faksimile frå Donald Duck & Co, «De varige verdier». Publisert første gong i 1952. ©DISNEY.
Ill: Carl Barks,Walt Disney Corp.

Økonomi på sengekanten • Den aldrande, søkkrike Skrue-figuren vart skapt av den legendariske teiknaren Carl Barks i 1947. Barks var ikkje berre ein framifrå teiknar og ein drivande god historiemakar – han var også ein original tenkjar. Det finst fleire døme på at fantasirike metodar han lanserte i seriestripene for å løyse eitt eller anna problem, har vist seg å verke i praksis.

Men Barks’ innovative talent synte seg på fleire område. Han hadde også ein grunnleggjande innsikt i korleis økonomiske system fungerer.

Det fann professor i samfunnsøkonomi Gunnar Bårdsen ut ein haustdag for 13 år sidan. Småbarnsfaren skulle lese Donald på sengekanten, opptrykk av ei norsk utgåve frå 1952. Då fekk han noko som best kan beskrivast som hakeslepp. Det var midtvegs i historia «De varige verdier». Onkel Skrue står saman med Ole, Dole og Doffen og konstaterer at ei skypumpe har tømt pengebingen hans, soge opp pengane og spreidd dei ut over Andeby og landet. Onkel Skrue går ut på åkeren sin og seier følgjande om pengane som bles vekk:

«Hva gjør det? Bare jeg blir her og passer gården min, kommer de igjen av seg selv.»

– Det ligg ei djup økonomisk innsikt i dette sitatet, seier professor Bårdsen.

PENNIES FROM HEAVEN • «Helikopterpengar» er omgrepet Milton Friedman innførte for å syna kva som skjer når ein drysser store pengesummar ut over ein lukka økonomi.

Men Barks var først.

Friedman publiserte sin artikkel i 1969. Barks publiserte si teikna historie i 1950, altså mest tjue år tidlegare. Og det var ein full økonomisk analyse i forteljinga hans:

– Barks let ein tornado suge pengane ut av Onkel Skrues binge, og risle dei utover samfunnet. «Tornadopengane» til Barks fungerer slik Milton Friedman brukar helikopterpengane, seier professor Bårdsen.

Det som skjer, er følgjande: Dersom alle i eit lukka økonomisk system brått får meir pengar, fører det i første omgang til folk arbeider mindre – fordi dei tenker at med meir pengar treng dei rett og slett ikkje arbeide så mykje som før for å ha råd til å kjøpe dei tinga dei treng.

Men helikopter(tornado)pengar fører også til inflasjon. For pengar har ingen eigen verdi. I Barks’ historie er Onkel Skrue åleine om å forstå dette (kan hende bortsett frå dei alltid flittige Ole, Dole og Doffen). Som han seier tidleg i forteljinga: «Jeg vet at penger er papir og metall.»

Nemleg.

Faksimile frå Donald Duck & Co, «De varige verdier». Publisert første gong i 1952. ©DISNEY. Ill: Carl Barks,Walt Disney Corp. TRYKK PÅ BILDET FOR STØRRE VERSON.

Faksimile frå Donald Duck & Co, «De varige verdier». Publisert første gong i 1952. ©DISNEY.
Ill: Carl Barks,Walt Disney Corp.
TRYKK PÅ BILDET FOR STØRRE VERSJON.

EIT SAMFUNN I STÅ • Så då Donald og Fetter Anton, etter å ha fått kvar sin million dryssande ned over seg, vil ut i verda for å bruke pengane opp, oppdagar dei til si forferding at samfunnet har gått i stå. Bensin får dei ikkje kjøpt, for eigaren av stasjonen har drege på jordomsegling. Bussen går heller ikkje, for sjåføren har «reist for å sjå seg om», som ein ventande passasjer fortel. Til slutt prøver dei to desperate, nyrike endene å kjøpe seg eit par gode sko slik at dei kan gå ut i verda, men dette forsøket renn også ut i sanda, fordi ingen lenger gidd lage sko.

Donald og Anton kjem seg ingen stad. Dei må bli verande i Andeby. Så set inflasjonen inn, og dei svelt. Til slutt kryp dei attende til garden kor Onkel Skrue og Ole, Dole og Doffen arbeider. Der kostar eitt egg ein million kroner.

Donald og Anton har ikkje noko val, dei må pent betale kva varen kostar. Det må alle andre også gjere. Slik Onkel Skrue har visst heile tida. Dermed fyller pengebingen seg opp att.

– Slik Carl Barks fortel historia, er Onkel Skrue den einaste som ser gjennom situasjonen, og oppfattar tilhøva slik dei eigentleg er. Dette er heilt fantastisk, seier professor Bårdsen.

– Skrue veit med ein gong korleis alle dei andre vil oppføre seg, og han ser at han er åleine om å handle rasjonelt.

RASJONELLE FORVENTINGAR • På dette punktet føregrip Barks ein annan økonomisk teoretikar: John F. Muth. I 1961 – elleve år etter! – formulerte Muth tankane omkring omgrepet «rasjonelle forventingar».

– Dette er det mest imponerande med Barks’ analyse. Han opererer med tre typar aktørar, som alle har ulike forventningar og ulike preferansar for kva dei ønskjer, held Bårdsen fram.

Den første typen er representert ved Onkel Skrue. Han plasserer pengar der dei gjer nytte for seg, og han har rasjonelle forventningar. Den andre typen er dei tre nevøane. Dei skaper verdiar gjennom å arbeide. Den tredje typen står Donald for. Han vil samle mest mogleg pengar, aller helst utan å arbeide, og late pen-gane gå til forbruk.

– Som sagt: Onkel Skrue ser igjennom situasjonen. Han er rasjonell aktør fordi han forstår korleis dei andre vil oppføre seg – irrasjonelt, kortsiktig, innretta mot blindt forbruk – og korleis denne åtferda vil påverke den økonomiske modellen. Så kan han innrette seg deretter. At Barks får fram denne kompleksiteten i historia si, er rett og slett genialt, seier økonomiprofessoren.

Då Bårdsen las «De varige verdier», var han tilsett ved Handelshøgskulen i Bergen. Han nytta Donald-historia som innleveringsoppgåve for studentane sine. Oppgåveteksten gjekk slik: «Modeller vedlagte artikkel av Carl Barks.»

– Eg fekk mange framifrå svar, og fekk lyst til å inkludere Donald i pensum. Men kollegene var ikkje like begeistra. Dei frykta vel for ryktet dette kom til å påføre skulen, humrar Bårdsen.

AV BARKS’ BESTE • Monetaristen Freidman er opphavet til økonomiske teoriar som vart forsøkt sett ut i livet av Augusto Pinochet etter kuppet i Chile i 1973, og som fungerte som rettesnor for «Reaganomics» etter Ronald Reagans tid som amerikansk president. Friedman er altså ein særs konservativ økonom. Kva med Barks, kor sto han?

– Det veit vi ikkje noko om. Men det viktigaste er nok hans intuitive forståing av korleis samfunnsøkonomi fungerer, seier Bårdsen.

Elles viser han til ein skriftleg kommentar Barks sjølv kom med i 1983:

«I’m sure the lesson I preached in this story of easy riches will get me in a cell in a Siberian gulag someday.»

Bårdsen veit ikkje om Barks nokosinne las økonomi – Eit interessant spørsmål. Det einaste vi kan gjerne, er å konstatere atdet er ein fin analyse av inflasjon i forteljinga hans.

Sjølv heldt den legendariske teiknaren historia om tornadopengane for å vere ei av hans beste, om ikkje anna så på grunn av rytma: Ho er «…technically well done. It had a rhythm that could almost have been set to music.»

Professor Bårdsen er full av lovord når det gjeld Carl Barks’ innovative evne:

– Kva trur du ikkje den mannen kunne fått til om han hadde vald forsking framfor teikning?

MISLUKKA KYLLINGFARMAR • Men for fattigguten Carl, fødd i enkle kår i 1901, var vegen til akademia i praksis stengd. Donald-redaktør i Egmont forlag, Tormod Løkling, fortel at Barks i unge år livnærte seg som jernbanearbeidar og gardsarbeidar.

– Sjølv beskreiv Barks seg som noko i retning av ein mislykka kyllingfarmar. Han kjente vel at det ikkje vart til noko med han, før han i vaksen alder byrja å teikne. Det var teikneserieskapar han eigna seg til, seier Løkling

Carl Barks, som sette sine historier inn i miljø frå heile verda, var om lag nitti år gamal før han sjølv reiste utanlands. Men han gjorde grundig research og nytta National Geographics mykje som underlag for sine historier.

På den tida då Barks byrja å teikne Donald, hadde ikkje teiknarane lov til å signere stripene sine. Men etter kvart oppdaga lesarane den særskilte kvaliteten Barks’ historier heldt, og dei ville vite kven skaparen var. Slik vart han kjent.

– Det var noko heilt spesielt med Barks. På mange vis vart han ein av det førre hundreårets store historieforteljarar, meiner Løkling.

EI STJERNE HOS ØKONOMAR • Då vi kontakta Donald-redaktøren og fortalte at ein økonomiprofessor nytta ei Barks-historie i undervisninga si, tok Løkling med ein gang kva for historie det galdt. Han fortel også at det er velkjent hos dei klassiske donaldistane at Barks har ei spesiell stjerne hos økonomar.

– Milton Friedman var ein svært konservativ økonom. Veit ein noko om kor Barks sto politisk?

– Nokon sosialist var han ikkje. Men ei historie som «Jul i Blakkegata» rommar mykje sosialt sinnelag. Barks viser fattigfolka i Blakkegata som menneske utan skuld for uføret dei har hamna i, menneske som bør få hjelp.

Men det blir litt trist om ein skal setje politiske merkelappar på Carl Barks, meiner Løkling.

– Det er vanskeleg å snakke om historiene hans utan å tenke seg attende til atmosfæren frå den tidas barndom, utan PC-spel og med ein TV-kanal: Gleda ein kjente då ei ny Barks-historie landa i postkassa. Så kan ein som vaksen lese desse teikna forteljingane oppatt, og sjå at dei inneheld fleire lag. Carl Barks hadde noko for alle aldrar.