alfred_nobel

Alfred Nobel (1833–1896), dynamittoppfinnaren som ville tene menneska.

KVA SA NOBEL?
Alfred Nobel etablerte opphavleg fem priser – innanfor fysikk, kjemi, medisin, litteratur – og for fredsarbeid. Det norske stortinget fekk til oppgåve å velje komiteen som skulle stå for utdelinga. I testamentet skreiv Nobel at fredsprisen måtte gå «…åt den, som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af ståande arméer samt bildande och spridande af fredskongresser.»

DETTE SEIER NOBELKOMITEEN:
«Den norske Nobelkomité har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.
Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen for å fremje ei økologisk forsvarleg sosial, økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika.

Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt. Maathai stod i motig strid mot det tidlegare undertrykkande regimet i Kenya. Hennar unike aksjonsformer verka til å setje søkjelyset på politisk undertrykking både nasjonalt og internasjonalt.

Ho vart til inspirasjon for mange i striden for demokratiske rettar, og særleg oppmuntra ho kvinner til å forbetre sin situasjon. Maathai kombinerer vitskap, sosialt engasjement og aktiv politikk. Meir enn berre å verja det miljø som finst, er det hennar strategi å tryggja og forsterka grunnlaget for ei berekraftig økologisk utvikling.

Ho grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å plante 30 millionar tre. Metodane hennar er tekne i bruk også i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogsdød fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange område i rundt om i verda – også i Europa. Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak i strevet for å styrkja livsmiljøet på vår felles jord.»