Rett mann på rett plass6

SANGVINIKAREN: Sagbruksarbeidar Solan Gundersen er lett og lystig. Ein kombinasjon av høg ekstraversjon og emosjonell stabilitet. __________________ Å analysere trekk ved personlegdomen er ikkje ei nymotens oppfinning. Allereie i antikken skildra den greske legen Hippokrates fire hovudtemperament: det sangvinske, det flegmatiske, det koleriske og det melankolske. Temperamenta vart knytt til individuelle blandingar av kroppsvæsker som blod, galle og slim – men omfattar kjensler, tankar og ytre atferd, og er nettopp tendensar til typiske reaksjonsmønster. Ill.: www.bjergkobingspillet.dk