«Am I the bad guy?»

Mann i kvitskjorte, med stress­kofferten i den eine handa og den avsaga hagla i den andre, på formålslaus vandring gjennom eit urbant helvete. Litt seinare, eit oppgitt spørsmål, medan han stirar inn i pistolmunningen som skal til å gjere ende på han: ”Am I the bad guy? How did that happen! I did everything they told me.”
Han er ein mann som har gått ut på dato. Er tradisjonell maskulinitet moden for skraphaugen? Om så er, har mannen evne til å omstille seg? Gemini spør. Forskarane svarer.

Av Tore Oksholen

I filmen «Falling Down» portretterar Michael Douglas den middelaldrande middelklassemannen Fosters totale samanbrot. Det har allereie gått over styr for han då historia startar: Han forlet bilen sin midt på highway’en og legg ut på vandring. Undervegs tilegnar han seg balltre, pistol, hagle og meir. Han slår og skyt ned for fote. Mannen er på veg til den vesle familien som ikkje lenger vil vite av han, og han har ikkje godt i sinne.

Vi forstår at det er ein mann som ikkje heng med. Han veit ikkje kva omverda krev av han. Han veit bare at han ikkje er i stand til å endre seg til kva omverda ønskjer – og han vert sint. Svært sint.

For snart tretti år sidan oppsummerte Bob Dylan problemet slik:

«Time is like a jet plane – it moves too fast»

Verda er i endring. Dette er det einaste vi kan seie heilt sikkert: Vi veit ikkje korleis morgondagen blir, men vi vei at den vil vere ulik dagen i dag. Endringstakten aukar, og vil du vere med, så heng på.

Er det noko ved mannen som gjer at han ikkje heng like bra med i svingane som kvinnene gjer?

I 1996 skreiv sosiologen Willy Pedersen ein artikkel som han kalla «Arbeiderklassens sårbare sønner». Her skriv han at «gutter og menn på mange måter fremtrer som de mest marginale i dagens samfunn. På en rekke måter henger de fast i gammeldagse og uhensiktsmessige kjønnsroller… Jentene har taklet moderniteten bedre enn guttene.»

Smak på den: Jentene har takla det moderne livet betre enn gutane. Kva tyder det?

Det tyder at mange gutar – og menn – klorer seg fast i rollar som har gått ut på dato. Vi menn endrar oss bare dersom vi er absolutt nøydd, og då bare akkurat så mykje som må til for å få kritikarane til å teie. Menn klorar seg fast i det som har vore, og nærer ei grunnleggjande redsle for endring, meinte Pedersen den gongen for snart sju år sidan.

I dag forskar han på andre ting, og har ikkje noko å leggje til. Men det er det andre som har.

«Times they are a-changing»

Er det rett at menn manglar endringskompetanse – definert som evne og vilje til å forandre seg i takt med omgjevnadane?

Øystein Gullvåg Holter: – Det kan sjå slik ut. Den tradisjonelle mannsrolla har utvilsamt gått ut på dato, men vert mange stader halde i live i respirator.

Vi kjem attende til Holter. Først dette: Kva fører manglande endringskompetanse til?

Knut Kolnar peiker på korleis Foster i «Falling Down» reagerer – med vald.

Då Foster går frå bilen sin, får han spørsmål frå ein annan bilist om kvar han har tenkt seg. «I’m going home,» svarar han. Foster vil, som mange menn i dag, attende til det heimlege, det trygge, det som var – men som ikkje lenger finst.

– Eg vil kalle Fosters valdsbruk for ei nostalgisk form for vald. Han vil attende til eit samfunn som han var ein del av, som han forsto. Ein utdatert og over­flødig form for maskulinitet er ei klar kjelde til vald, seier Kolnar.

Tidlegare i år vart den norske offentlegheita skaka opp av fleire brutale drap der gjerningsmannen tok familien med seg i døden. Historiene hadde til felles ein mann i livskrise – ein mann som reagerte med fatal vald mot ein eller fleire av dei som sto han nærast.

Dette er i den mest brutale enden av skalaen. I andre enden vert vi fôra med nye forskingsresultat frå skuleverket, som viser at jenter er betre enn gutar i alle fag utanom kroppsøving. Elendet held fram:

Kultur: Halvparten av den mannlege befolkninga her i landet kjøper aldri ei bok.

Utdanning: Ved universiteta er to av tre lågare grads studentar kvinner.

Samliv: I tre av fire skilsmisser er det kvinna som vil ut.

Rus: I fjor hadde vi 600 dødsfall knytt til misbruk av alkohol, narkotika eller medikament. Av desse var 85-90 prosent menn.

Trafikk: Tre av fire drepne i trafikken er menn.

Sjølvmord: Tre av fire sjølvmordarar er menn, enda fleire blant ungdom.

Slik er det ikkje bare i Noreg. «Å vere mann er snart den største einskildårsaka til tidleg død,» sa forskar Randolph Nesse ved University of Michigan til New Scientist i juli i fjor.

Då er det kan hende ikkje så rart at norske gutar får slått fast ein gong for alle kor underlegne dei er. Følgjande står å lese i ein lærebok i vidaregåande skule:

For 100 år siden var det opplest og vedtatt at mannen var den overlegne, både fysisk og psykisk. Vitenskapen har bevist at dette ikke holder stikk. Under like oppvekstvilkår har mannen høyere dødelighet, er mer kriminelt belastet, kommer oftere opp i rusmisbruk og vold og har høyere selvmordshyppighet. Tidligere trodde forskerene at dette skyldtes miljøet. Nå mener de at det mannlige kjønnshormonet må ta mye av skylden for at mannen takler livets utfordringer dårligere. (Kosmos 5, side 180)

«We want the world, and we want it NOW»

– Menn saknar det ein kallar relasjonell kompetanse, seier Holter. Med det meiner han at menn har fokus på kva dei sjølv vil ha, og ikkje på andres behov. Dette vert eit problem når partnar og ungar forventar noko av ein.

Men dette går ikkje bare på familie.

– Forsking tyder ikkje på at menn har fleire vener nå enn før. Framleis har vi det tradisjonelle syndromet: Det er kvinna han held hus med, som er han næraste – og ofte einaste – ven. Og når ho pakkar snippeska og dreg, står han dobbelt hjelpelaus att. Den einaste han kunne tale med, var ho som nettopp drog, seier Holter.

Men han legg raskt til at dette gjeld ikkje alle menn.

– Det er stor variasjon, og mange yngre menn orienterer seg på nye måtar når det gjeld liv og arbeid. Det er viktig å leite etter kva for grupper som er i faresona, og kor det finst positive trekk. I dag vert det forska både på EU-plan og på nordisk plan – forsking som tek opp endringar mellom menn, i tilhøve til arbeid og til likestilling, seier Holter

OK. Nokre menn (og gutar) er altså meir utsette enn andre. Kven er dei?

«Finne sæ sjæl»

Kolnars generelle svar er at det er dei som ikkje lukkast i å bygge seg sin eigen identitet. Når det gjelder føresetnadane for å leve best mulig i nye sosiale omgjevnader, snakkar Kolnar om identitetskompetanse. Det er på dette området, vel så mykje som på økonomi og likestilling, at dei sentrale skiljelinene mellom folk vert streka opp i tida som kjem.

Identitetskompetanse. Enda eit nyord. Kva meiner han med det?

– Du kan sjå på det moderne samfunnet som eit livsstilslandskap – du vert ikkje lenger fødd inn i ein ferdig identitet, men må sjølv skape deg ein. Vinnarane i det postmoderne rotteracet er dei som lukkast i å skape seg ein velfungerande identitet. Vi talar om det «veltempererte sjølv» – vinnaren er den som har eit fleksibelt tilhøve til seg sjølv.

Problemstillinga er ikkje avgrensa til menn. Men menn slit kan hende meir. Igjen: Dei mest velutdanna, dei mest kulturelt skolerte, greier seg best.

– Dei siste tiåra med likestilling mellom kjønna er ein viktig årsak til at dette med identitetskompetanse vert så viktig. Samstundes har vi fått eit konsumsamfunn som tilbyr ei rad lettkjøpte identitetar, seier Kolnar.

Går du trøytt av det gamle imaget, kan du dra på Ikea og kjøpe deg eit nytt.

Også her viser Kolnar til ein moderne kultfilm: «Fight Club.»

– Hovudpersonen i denne filmen blar stadig i Ikea-katalogar, på jakt etter noko nytt som kan stadfeste identiteten hans. Her ser vi at konsumsamfunnet har skrive seg inn som ein femininiserande del av mannens identitet: Han vert umandiggjort. Hovudpersonen ser vald som sin måte å fordrive det umandige på, seier Kolnar.

For mange menn vert nettopp vald den mest effektive løysningstrategien når dei kjenner seg framandgjort – det vert ein metode til å strukturere røynda.

Valden blir ein paradoksal måte å søke å stabilisere eit eg på. Valden er kreativ på den måten at den søker å gjenopprette grenser for identiteten.

Attende til spørsmålet lenger oppe: Dersom det er slik at visse grupper av menn er i ferd med å bli hekta av det postmoderne samfunnet – kven er dei?

«Come on baby, light my fire»

Forfattaren av denne teksten har ein kamerat som har gått over Grønland fleire gonger. Han fortel om ei lita inuitbygd som ligg mellom brekanten og stranda. Her overnattar brefararane den siste natta før dei reiser heim. Det er eit monaleg velfungerande, lite samfunn. Det har hotell, restaurant, taxi og meir. Alt er drive av inuitar.

Meir presist: Alt er drive av inuitkvinner. Mennene er uverksame i store delar av året, og sit mykje og drikk. Bortsett frå i sesongen for seljakt. Då jaktar dei døgnet rundt. Den gamle flammen blaffar opp i dei, så lenge det varer.

Dette kan stå som eit bilete av den totale mangelen på endringskompetanse. Ein held fast ved gamle vaner, og unngår heilt å ta til seg det nye. Er det slik at det er dei lågt utdanna mannfolka, dei som bur på bygda og lever av primærnæringar, som opplever størst problem?

– Det er for lettvint, seier Kolnar, og viser til at byane har sin eigen overflod av folk som fell utafor.

– Når det gjeld rural maskulinitet i Noreg, er dei såkalla «mamboane» ei utsett gruppe. Eg vil seie at det er «mamboane» som har dei største vanskane – menn som bur heime hjå mor til dei er svært godt vaksne, gjerne for å ta over garden. Her talar vi om nasjonale, mannlege katastrofeområde, seier Kolnar.

Jørgen Lorentzen åtvarar mot for einsidig fokusering på det negative ved å vere mann på landsbygda.

– Sett frå byen kan det sjå ut til at problema er størst i utkantane, og kan hende er det slik. Men frå forskinga veit vi at det lever fleire einslege i Oslo enn i Finnmark. Du finn mange menn med gode og nære venskap på bygda, seier han.

«Looking for trouble? You’ve come to the right place.»

Lorentzen peiker på ei anna gruppe som ser ut til å falle heilt ut:

– Andre generasjons innvandrargutar har verkeleg problem med å greie seg i det norske storsamfunnet, medan systrene deira kan gjere det temmeleg skarpt, til dømes ved universiteta.

Då talar vi om unge menn som søker tilflukt i ein maskulinitet som Holter meiner har gått ut på dato. Slikt vert det trøbbel av.

Men kva for strategi bør dei velje, menn som søker endring?

– Menns endring går gjennom barn, seier sosiolog Arnfinn J. Andersen. – Menn er i stand til å endre seg radikalt når det er naudsynt for å yte omsorg for sine barn.

Andersen arbeider i Forskingsrådet, og leverer nå doktorgradsavhandling ved Institutt for sosiologi og statsvitskap, NTNU. Han studerer korleis far er hovudforelder, når kvinna er fråverande. Andersen har stor tru på menns endringskompetanse.

– «Mine» fedrar syntest at det var viktigare å ta opp feminine eigenskapar, for å halde oppe familien for barna, enn å bevare eige maskulint image, seier Andersen. – Når partnarskapet tok slutt, avvikla dei forholda til kvinnene gjennom å ta kvinnenes posisjonar: Dei flagga sine feminine sider.

Andersen viser til ei dansk undersøking, av menn som har hovudomsorga men som framleis bur saman med barnas mødrer. Desse fedrane la vekt på å fortelje om alle dei maskuline tinga dei gjorde saman med ungane sine. At kvinnene framleis var der, gjorde at dei haldt oppe sitt maskuline image. Det er først når kvinnene er ute av huset, at menn endrar image.

– Det finst ikkje ein, men mange maskulinitetar. Eg ser på kjønn som mykje meir fleksibelt og tvitydig, ikkje som noko essensielt gitt. Slik er maskulinitet ein historisk realitet, som ein sjølv kan fylle med innhald, seier Andersen.

«Imagine…»

OK. Menn kan endre seg. Og nokre grupper er meir endringsdyktige enn nokon gong, medan andre strittar dess meir imot. Vi er vitne til ein polarisering: Dette er noko panelet vårt er samd om.

Endring skjer gjennom læring, og gjennom erfaring. Vi lærer å vere mann ved at vi blir sosialiserte: Vi lærer gjennom kroppen, ikkje gjennom hovudet.

Professor Lars Evensen ved Institutt for språk og kommunikasjonsstudier, NTNU, har forska på slik sosialisering. Han kallar det erfaringsbasert kunnskap. Det er tradisjonar, innarbeidde vanar, som vert overført frå den eine generasjonen til den andre.

Og overføringa skjer ved at ein ikkje medviten tenker over kva det er ein lærer – eigentleg. Evensen peiker på at erfaringsbasert kunnskap dermed er ein medalje med ei bakside: det ikkje-reflekterte.

– Erfaringsbasert kunnskap, i ei kjønna verd, sementerer etablerte strukturar, seier Evensen. – Det er dette som er problemet. Fornying vert ei mangelvare. Derfor er det avgjerande å vekke evna til kritisk refleksjon rundt eigne føresetnader – slik vert ein innovativ.

Kva skal så menn gjere i forhold til sonene sine? Evensen er ikkje i tvil:

– Lære dei å stille spørsmål!

Moden for skraphaugen?

Er tradisjonell maskulinitet moden for historias skraphaug? Norske mannsforskarar heller i retning av å svare ja. Men er mannen i stand til å endre seg i takt med krava som omverda stiller? Desse forskarane – alle menn – forsøker å gi sine svar:

Øystein Gullvåg Holter

er sosiolog og tilsett ved Arbeidsforskingsinstituttet. Har gåande forskingsprosjektet «Maskulinitet, velferd og sosial innovasjon.»

Knut Kolnar

er filosof, og forskar ved universitetet i Lund. Han tok doktor­graden ved NTNU på «Vold og seksualitet,» som analyserer valdens ulike årsaker, og korleis den er knytta til seksualitet.

Arnfinn Andersen

er sosiolog, og har skrive doktorgradsavhandling om korleis fedrar skapar seg sosial og symbolsk orden knytta til foreldreskap og familie når dei ikkje har det heteroseksuelle parforholdet som ramme.

Lars S. Evensen

er professor ved Institutt for språk- og kommunikasjons­studiar, NTNU. Han har vore leiar for forskingsprosjektet «IKT@Babel», som tar for seg sosialiseringsprosessar.

Jørgen Lorentzen

er mannsforskar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Oslo, kor han har leiaransvaret for paraplyprosjektet «Menn og maskuliniteter», som Holters prosjekt er ein del av.