MINIPORTRETTET: Torlaug Løkensgard Hoel

Kva forskar du på nå?

Eg deltar i eit stort prosjekt som er knytt til Kunnskapsløftet, om forsking på skriving i ulike skolefag frå førskole til vidaregåande skole. Eg ser på overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole. Kva sjangrar og skriveferdigheiter har elevane med seg frå grunnskolen, og kva utfordringar møter dei i vidaregåande skole?

Kva for eit forskingsprosjekt ville du starta om du fekk fem millionar kroner?

Forsking på skriving i ulike fag ved NTNU. Kva er typisk for skriving i ulike fagtradisjonar ved NTNU? Korleis lærer studentane fagskriving i ulike miljø? I kor stor grad er dei fagtilsette sjølve medvitne om kva som er typisk for skriving i deira fagtradisjon? Svar på slike spørsmål ville kome særleg studentane til gode når dei skal skrive og når vi, universitetslærarane, skal rettleie dei.

Kva for eit spørsmål skulle du gjerne hatt svar på?

Korleis ein best kan arbeide med barn som har lese- og skrivevans kar. Her er eit konglomerat av motstri dande syn både når det gjeld årsaker og botemiddel.

Di siste aha-oppleving?

I biografien om Sigrid Undset av Sigrun Slapgard fortel Undset korleis kapitlet i Kristin Lavransdatter der Simon Darre døyr, vart til. Ho sto opp ei natt, skreiv kapitlet i eitt strekk og endra seinare ingen ting. «Og det er det jeg selv liker best i boken,» seier ho. For meg vart det ei stadfesting av Undset måtte ha kjend seg beånda da ho skreiv dette gripande kapitlet der ho loddar så djupt i menneskesinnet.

«Undset måtte ha kjend seg beånda då ho skreiv dette gripande kapitlet…»