Dei to argentinske forskarane har, i samarbeid med andre, utvikla og patentert det dei kallar ein hybrid sentrifuge for å separere olje og gass. Den bruker sentrifugalkraft til å fjerne olje frå gasstraumen. Foto: Thinkstock

Fann opp ny metode for å separere olje og gass

Carlos Alberto Dorao prøver å trenge ned i mekanismane som kan gi meir energieffektive prosessar i olje- og gassindustrien. Den kunnskapen kan også bidra til å gjere PC-prosessorar meir kraftige.

Dorao (38) er professor ved Institutt for energi- og prosessteknikk. Han er ein av dei 17 utvalde forskarane som er med i NTNUs stjerneprogram, ei elitesatsing som skal hjelpe nokre av dei største forskartalenta til å etablere seg på høgt internasjonalt nivå.

Stjerneforskar

Carlos Alberto Dorao (38), professor ved Institutt for energi- og prosessteknikk.

Forskingsområde: Varme- og massetransport, betre forståing av underliggande mekanismar for utvikling av meir effektive prosessar. Fleirfasestrømming og separasjon av væsker og væske og gass med fokus på olje- og gassindustrien.

Den argentinske forskaren arbeider mellom anna med varme- og massetransport, for betre å forstå dei underliggjande mekanismane som er avgjerande for å utvikle meir effektive prosessar i olje- og gassproduksjon og anna industri.

I tillegg arbeider han med fleirfasestrømming og separasjon av ulike væsker, som olje og vatn, eller væske og gass. Det arbeidet har mellom anna resultert i ein ny metode for separasjon av gass og væske. Den kjem vi tilbake til.

Det kan tilsynelatande vere langt frå olje- og gassnæringa til dataprosessorar og andre elektroniske dingsar. Men før ein kan kome med betre teknologiske løysingar, er det naudsynt å forstå dei grunnleggande mekanismane.

– Elektronisk utstyr, til dømes i el-bilar, laser osb., og PC-ane våre har blitt stadig mindre og kraftigare. Men denne utviklinga møter ein viktig barriere: Varmeproduksjonen er den same, sjølv om dingsane blir mindre og mindre. Dei blir for heite. Om vi får til eit betre system for varmestraum, kan vi auke datakrafta betydeleg, seier han.

Dette er nok eit langsiktig prosjekt, vedgår Dorao. Men det er iallfall noko han sjølv har lyst til å arbeide med framover.

Lokka til NTNU

Carlos Dorao er frå Tucumán-provinsen i Argentina. Han er utdanna som kjernekraftingeniør i heimlandet, men vart lokka til NTNU av eit tilbod om doktorgradsstipend for 12 år sidan.

Eigentleg skulle eg til Italia, medan ho som no er kona mi skulle til Holland. Men så fekk vi begge doktorgradstilbod her ved NTNU. Så her er vi. Og her blir vi nok, seier Dorao. Sjølv om han vedgår at han av og til lengtar etter familie og vener i heimlandet – og etter ein saftig, argentinsk biff.

– Men slik er det vel også med nordmenn i utlandet. Dei lengtar etter lutefisken.

Doktorgradsarbeidet vart gjort ved Institutt for kjemisk prosessteknologi. Den numeriske metoden som vart utvikla i arbeidet bidrar til betre forståing av korleis boblar og/eller partiklar opptrer i ein fleirfasestraum.
For den fekk han ExxonMobil-prisen for beste doktorgrad innan grunnforsking, og fakultetets eigen pris for beste doktorgrad i 2006.

Innovator-pris

Kona Maria Fernandino er også professor ved Institutt for energi- og prosessteknikk, og dei samarbeider på det same forskingsfeltet.

Carlos Alberto Dorao. Foto: Terje Trobe, NTNU

Carlos Alberto Dorao. Foto: Terje Trobe, NTNU

Dei to argentinske forskarane har, i samarbeid med andre, utvikla og patentert det dei kallar ein hybrid sentrifuge for å separere olje og gass. Den bruker sentrifugalkraft til å fjerne olje frå gasstraumen.

Produksjon av olje- og naturgass krev fleire kompliserte separasjonsprosessar. Dagens separatorar er store, dyre og lite fleksible. Den nye, hybride løysinga er til samanlikning ekstremt kompakt. Tanken Dorao viser fram på Varmeteknisk lab på Gløshaugen er ikkje stort høgare enn han sjølv.

Bedrifta Hybrid Centrifuge, med NTNUs Technology Transfer som medspelar, vann den gjevaste prisen på 500.000 kroner under Innovator 2011, som beste nyskapinga i Midt-Noreg.

Men det er framleis eit stykke att til sentrifugen, som no er døypt Lynx Separator/Lynx Scrubber, blir tatt regulært i bruk. InnSep AS skal gjere produktet kjend på markedet.

– Dette er ein lang og kostbar prosess. Men vi er kome eit godt stykke på veg i testing av separatoren. Vi er på det som blir kalla nivå tre i teknologiutviklinga. På nivå fire kan separatoren bli installert i felt for ein periode, fortel Dorao.

Meir tid til forsking

Carlos Dorao ser fram til å få meir tid til forsking, takka vere stjerneprogrammet.

– Programmet betyr gode arbeidsvilkår med redusert undervisning og mindre administrative plikter. Når ein legg saman all tida som normalt går med til søknadsskriving, komitéarbeid og anna administrativt arbeid, risikerer ein at det blir lite tid att til forsking.

– Programmet omfattar også ei mentorordning, hjelp til å bygge nettverk og pengar som til dømes kan brukast til å reise og delta på konferansar. Det er summen av dei ulike elementa som er det beste med programmet. Det er til dømes lite nytte av ein mentor, dersom ein ikkje har tid til å nytte ordninga.

Eit av spørsmåla han har lyst til å arbeide meir med, er nettopp varmestraum og varmetransport – som kanskje kan bidra til at vi om nokre år får enda kraftigare PC-ar.

Til tross for tunge, akademiske karrierer har Carlos Dorao og kona Maria Fernandino også tid til familieliv, forsikrar han. Det må dei ha, med to små ungar på to og tre år.

På veg ut, etter at intervjuet er over, spør han om eg har jobba i Adressa før.

– Du forstår, eg skulle gjerne fått råd om korleis ein får inn i avisa ei etterlysning etter ein bortkomen teddybjørn. Dei yngste i familien saknar han så djupt. Dei er djupt fortvila.

Også superforskarar må av og til rydde plass i hovudet til andre ting enn populasjonsbalanselikningar for polydisperse fleirfasesystem.