Halvparten av alle eldre over 80 år ramlar minst ein gang i året. Foto: Photos.com

Ny sensor kan oppdage fall hos eldre

Halvparten av nordmenn over 80 år ramlar minst ein gang i året. Ein ny fallsensor skal fange opp fall og gje raskare hjelp til uheldige eldre som mister balansen.

Halvparten av alle eldre over 80 år, og om lag 30 prosent av alle over 67 år ramlar minst ein gang i året i Noreg i dag. Dette viser tal frå Kompetansesenter for bevegelsesvansker og fall på St. Olavs hospital.

Ligg lenge

Vidare viser statistikken at halvparten av tilfella skjer heime, eller i nærleiken av heimen. Når eldre dett, kan liv og helse stå i fare. Etter eit fall treng 40-60 prosent av dei eldre medisinsk behandling, og 13 prosent av falla resulterer i brotskadar.

Men ikkje alle får hjelp med ein gong, og rundt 10 prosent ligg meir enn ein time og ventar på hjelp. Fall med skade tidoblar også sjansen for å hamne på sjukeheim. No kan ein ny fallsensor utvikla ved NTNU sørgje for at ein kan få raskare hjelp om ein skulle vere uheldig å ramle, noko som aukar prognosen for rehabilitering.

Unik radarløysning

Bak utviklinga av den nye fallsensoren står fem studentar frå NTNU. Det heile byrja då masterstudent Fredrik Bergflødt ved NTNUs Entreprenørskole forhøyrte seg med vener og kjente for å finne idear til eit kommersialiseringsprosjekt. Slik kom han i kontakt med gründeren Eirik Næss-Ulseth, co-founder av Novelda AS.

En sensor fangar opp rørslene hjå Fredrik L. Bergflødt medan Kristina Hoff Wanderås (f.v.), Erlend Kvinge Jørgensen, Kristian Stormo og Stina Låstad følger med på dataskjermen for å sjå korleis programvaren tolkar signala som sensoren sender. Foto: Idun Haugan/NTNU

En sensor fangar opp rørslene hjå Fredrik L. Bergflødt medan Kristina Hoff Wanderås (f.v.), Erlend Kvinge Jørgensen, Kristian Stormo og Stina Låstad følger med på dataskjermen for å sjå korleis programvaren tolkar signala som sensoren sender. Foto: Idun Haugan/NTNU

– I samtalane med Næss-Ulseth kom det fram at Novelda var først i verda til å lage ein radar som får plass på ei enkel elektronisk brikke. Dette skapte heilt nye bruksområder for radarteknologi. Og sidan strålinga er så lav at den er ufarleg for menneskje, kan den også nyttast til deteksjon av menneskeleg rørsle, fortel Bergflødt.

Stort behov

Han fekk med seg medstudentane Stina og Kristina samt Erlend og Kristian frå faget kybernetikk ved NTNU. Dei ynskte å sikta seg inn mot velferdsteknologi og falldeteksjon, der dei såg at behovet var stort for ei slik løysning. Etter kvart vart bedrifta Invisra til, eit ordspel med orda Invisible og radar.

Kybernetikk-studentane Erlend og Kristian har ansvar for utviklinga av produktet, og skal skrive masteroppgåve om arbeidet, medan Fredrik, Stina og Kristina arbeidar med forretningsutviklinga. No arbeidar dei vidare med å utvikle det automatiske falldeteksjonssystemet, og er i gong med å finne ut korleis det skal sjå ut.

– Vi trong ekstern hjelp i byrjinga, og fekk god oppfølging av Novelda som let oss nytte radaren i vårt produkt. I tillegg har vi fått tips og råd frå professor Jorunn Helbostad i bevegelsesvitenskap på St. Olavs, Per Christian Berntsen i Kongsberg Seatex og strategirådgivar Tronn Skjerstad.

Diskrete sensorar

Deira løysning består av diskrete, nærast usynlege rørslesensorar som vert montert i veggane heime hos ein brukar. Sensorane, som er basert på radarteknologien frå Novelda, kan fange opp rørsler med opptil 4 millimeter presisjon, og fangar opp rørsle i mørkret og gjennom møblar og lette veggar. Dette gjer det mogleg å fange opp fallrørsler. Sensorane kan likevel kun «sjå» rørslene, og ikkje kven som er i rommet, slik at brukaranes personvern vert ivareteke.

– Vårt system fungerer slik at om brukaren dett, vil sensorane registrere dette og sende ein alarm til helsetenesta i kommunen på same måte som tryggleiksalarmar i dag. Vi ser i tillegg på løysninga med å legge til funksjonar der ein registrerer aktiviteten til brukaren over ei viss tid. Endring i rørslemønsteret kan seie noko om risikoen for å falle, slik at vår løysning også kan nyttast til å forutsjå fall, seier Bergflødt i Invisra.

Les også: Hjelper eldre opp trappa

Behov for teknologi

Studentane i Invisra er opptekne av å få ned dei dystre tala som syner at nærast halvparten av eldre over 80 år er involvert i fallepisodar kvart år, og at 40-60 prosent treng medisinsk hjelp. Dei trur at mange av desse skadane kunne vore redusert eller unngått om eldre som dett hadde fått raskare hjelp.

– I tillegg gjer eldrebølgja sitt til at det ikkje vil vere nok ressursar i helsesektoren til å følgje opp eldre på same måte som i dag. Vi kjem rett og slett til å trenge hjelp frå teknologien til å sørgje for at eldre får den omsorga dei treng og har krav på, seier Kristina Hoff Wanderås.

Firmaet Novelda AS har utvikla sjølve radarteknologien medan entreprenørstudentane jobbar med å utvikle programvare som kan varsle fall.  Foto: Idun Haugan

Firmaet Novelda AS har utvikla sjølve radarteknologien medan entreprenørstudentane jobbar med å utvikle programvare som kan varsle fall.
Foto: Idun Haugan

Invisra held på med å utvikle signalbehandlings-software, som vil gjere det mogleg å tolke signala frå Novelda-radaren til å detektere fall. Dette var nødvendig, då den største utfordringa med å tolke informasjonen om rørslene til å oppdage fall, er at menneskje dett på veldig ulike måtar og at det kan vere vanskeleg å skilje mellom fall og rørsler som kan likne på fall.

Skil seg ut

Invisra-gjengen meiner deira fallsensor skil seg ut frå andre produkt som allereie er på marknaden, og meiner at dagens løysningar er upålitelege og avhengige av brukaraktivering. Dei viser til at deira løysning med rørslesensorar på veggen vil vere enkelt for brukarane, då dei ikkje treng ei brikke eller andre ting dei må huske å ta på seg. I tillegg vil dei kunne føle seg trygge med eit produkt som er trådlaus, som ikkje vert blokkert av møblar, og som vil vere knyt til helsetenesta med ein alarmfunksjon som vil gå av om nokon skulle vere uheldige og ramle.

– I dag vert akselerometre mykje nytta til å registrere fall, men mange eldre sig saman når dei dett. I tillegg er det ein stor risiko for at personen gløymer å ta på seg sensoren eller vel å ikkje ha den på. Det finnest også løysningar som nyttar rørslesensorar på veggane til å detektere fall, men fleire av desse krev at du har på deg ei brikke, som igjen gir risiko for at personen gløymer å ha den på, fortel Bergflødt.

Les også: Mer Skypa i stua hos demente

Potensielle brukarar

Så langt har Invisra fått stønad frå NTNU Discovery og Sparc NTNU, et nytt initiativ mellom NTNU og TrønderEnergi for å auke studentinnovasjon ved NTNU. Talet for potensielle brukarar av løysninga, ligg på rundt 200 000. Dette er om lag 30 prosent av alle heimebuande eldre over 67 år, ifølgje ein rapport frå NyAnalyse AS.

Invisra-gjengen ser for seg at potensielle kundar vil vere kommunar som har ansvar for eldreomsorg, samt velferdsteknologi-leverandørar som leverer komplette sensorar, IT og tenester til kommunane.

– Vi vil at Invisra skal gje eldre moglegheit til å leve nett som før. Einaste skilnaden vil vere at dei med dette produktet kjenner seg trygge og bevisste på at dei raskt vil få hjelp om dei er uheldige og dett. Vi trur Invisra vil kunne gje dei eldre eit produkt som ikkje kjennes som eit stort inngrep i livet deira, seier Bergflødt.