Prosjektet "The Medical home" forskar på ulike kommunar sine erfaringar med heimemedisinering og konsekvensar av å innføre ny teknologi.
Foto: photos.com

Den nye pasientkvardagen

Kva skjer med tilværet til pasienten når heimesjukepleiarar vert erstatta av pilledispenserar?

Ei konstant innføring av ny teknologi gjer at samfunnet stadig står overfor endringar. Helsesektoren er ikkje noko unntak. No er ein godt i gong med å teste ut om det er mogleg å erstatte heimesjukepleiarar med pilledispenserar. Men kva vil ein slik type teknologi ha å seie for dei involverte – nemleg sjukepleiaren og pasienten?

Kan bu heime

Bjugn er ein av kommunane i landet som saman med Bærum, Sarpsborg og Trondheim er i gang med å implementere velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene. Heimetenesta i Bjugn kommune testar no dispenserar og multidose-posar for brukarar som bur heime. Prosjektet “Sikker medisinering i hjemmet” er eit samarbeid mellom Bjugn kommune og SINTEF. Det vert finansiert av InnoMed.

Målet er å gjera det enklare for eldre å bu heime så lenge som mogleg. Dette kan ein få til ved å dele ut ein dispenser som står heime hos den enkelte og doserer ut medisinane til riktig tid. Pasienten vert varsla når det er tid for å ta medisinen, og om den ikkje vert tatt når han skal, vert ein SMS sendt til pårørande eller heimesjuketenesta.

Tverrfagleg prosjekt

Martina Keitsch.  Foto: NTNU

Martina Keitsch.
Foto: NTNU

Som eit utspring frå dette prosjektet vart «The Medical home» til. Forskarar frå NTNU, Høgskolen i Sør-Trøndelag og Trøndelag forskning og utvikling skal forske på designløysingar og rutinar for trygg utdeling av medisinar til eldre pasientar i heimen.

Forskningsrådet innvilga nyleg sju millionar kroner til det tverrfaglege prosjektet, som involverer både produktdesignarar, helsepersonell, sosiologar og filosofar. Det er institutt for produktdesign ved NTNU med prosjektleiar Martina Keitsch i front, som er hovudansvarleg for prosjektet. Hovudmålet er å byggje tverrfagleg kunnskap om og ei betre forståing for moglegheiter og utfordringar knytt til velferdsteknologi.

Opp i undervisninga

Brukarmedverknad er eit sentralt tema i prosjektet. Eitt av måla er å finne ut korleis ein bør designe teknologiske produkt og tilhøyrande tenester rundt utdeling av medisinar, og korleis ein kan passe på at ordninga tek omsyn til varierande evner og/eller personlege preferansar hos pasientane.

Hva skjer med pasientkontakten? Foto: photos.com

Hva skjer med pasientkontakten? Foto: photos.com

Trøndelag forskning og utvikling vil saman med HiST sjå på utfordringar og moglegheiter som ny teknologi og tenester gir helsepersonell og for utdanninga av helsepersonell. Forskarane skal gjennomføre ein djupnestudie i Bjugn for å få eit innblikk i korleis helsepersonell ser på eiga rolle rundt medisinering i heimen, teknologien og konsekvensane for pasientane.

I prosjektet vil også forskarane jobbe for å få opp temaet på timeplanen gjennom ein antologi som dei vonar kan hamne på pensumslista til helsefagstudentar, og også til ingeniørstudentar.

Heile biletet

The Medical home starta i sommar, og er venta å stå ferdig i 2015. Forskargruppene skal i tillegg sjå på andre kommunar sine erfaringar med heimemedisinering. Når prosjektet er ferdig håpar ein å ha danna seg eit heilskapsperspektiv på konsekvensane av å innføre teknologien, fortel forskar Asle H. Kiran frå Institutt for filosofi og religionsvitenskap på NTNU.

Teknologfilosofen skal sjå på dei sosiale og etiske konsekvensane av innføringa av teknologien. Eit problemområde han har vore oppteken av sidan han var post.doc ved universitetet i Twente i Nederland.

– Der såg eg på korleis telemedisinsk teknologi endra relasjonen mellom pasientar og helsepersonell, og korleis det påverka oppfatninga av kva som utgjer «good care», altså god omsorg. Dette er noko av det same perspektivet eg tenkjer å vidareføre her, seier Kiran.

Endring av praksis

For kva vil heimemedisinering i kommunar som Bjugn ha å seie for pasienten og sjukepleiaren? Kiran skal sjå på korleis nye teknologiar går inn i ein praksis og endrar føresetnadene for utøvinga av det ein kallar god omsorg.

–­ Fleire teknologifilosofiske studiar har fastslått at praksisar vert endra som følgje av innføringa av nye teknologiar. Hensikta med innføringa er ofte å gjere ei oppgåve lettare, billigare og betre, men nokre gongar krev likevel teknologi ei viss omorganisering av praksisen for å kunne yte dei oppgåver han skal gjere. Generelt kan ein seie at teknologien gjer visse oppgåver mogleg, men samstundes gjer andre oppgåver vanskeleg. På den måten legg teknologein føringar på korleis ein praksis kan organiserast, fortel Kiran.

Ein vil i prosjektet undersøkje korleis dette påverkar praksisane til dei involverte – fastlegane, sjukepleirane og pasientane. På den måten kan ein få svar på om teknologien bidreg til, eller går på tvers av det som brukarane oppfattar som god omsorg.

Meir individualistisk

Asle H. Kiran Foto: Privat

Asle H. Kiran
Foto: Privat

I velferdsstaten Noreg har ein ulike verdiar og oppfatningar knytt til kva det vil seie å vere pasient. Men det er ein stor skilnad på korleis det norske samfunnet var då velferdsstaten vart danna og korleis det er i dag. Kirans overordna problemstilling vert å finne ut om denne teknologien bidreg til å dra helsevesenet i ei retning som kan oppfattast som meir individualistisk. Om han gjer det, vil Kiran sjå på i kva grad det er tilsikta.

– Heilt generelt kan det seiast at tanken om det kollektive versus individet står svakare no enn før. Eg skal undersøkje om dei teknologiane som vert innført i helsevesenet kanskje forsterkar visse idear og verdiar meir enn andre, seier Kiran.

Han forklarar vidare at moglege problem oppstår når «moglegheita til å» vert endra til «forventast å» på eit systemplan. Då gir ikkje teknologien lenger ei moglegheit, men ei retning for korleis ein praksis skal organiserast. Dette meiner han peiker ut korleis ein teknologi ikkje berre mogleggjer, men også på lenger sikt kan sementere visse måtar å gjere ting på.

Ny pasient-identitet

I arbeidet sitt skal han intervjue brukarane av teknologien, og vonar å få eit bilete på kva den vil gjere med pasienten. Han forklarar at identitet er knytt tett opp mot teknologien ein er definert av. Den aktive pasienten som sjølv passar på å måle sin eigen pust, er ein annan pasient enn den «gamaldagse», meir passive pasienten. I det nye helsevesenet vert det forventa at pasientane er meir aktive.

– Slike etiske eller normative aspekt følgjer alltid innføring av ny teknologi, men det er ikkje alltid like stort fokus på det i utviklings- og implementeringsfasen, sjølv om det kan vere avgjerande for om teknologien vert teken opp i praksis, seier han.

Vil heimemedisineringsteknologien på sikt omdefinere kva det betyr å vere pasient, fordi det betyr at nye pasientar forventast å tre inn i den nye identiteten, og har vi oversikt over korleis dei nye teknologiane utfordrar og kanskje endrar pasient-identiteten? Eller trur vi berre vi gjer ei avgrensa oppgåve innan helse og omsorgssektoren meir effektiv og økonomisk? Desse spørsmåla vil Kiran søkje svar på i prosjektet. Dette dreier seg om «soft impacts» innan ny velferdsteknologi. Soft impacts er både sosiale og etiske konsekvensar av nye teknologiar. Dei kan vere tilsikta, men også utilsikta.