Mange overvektige opplever stigma og skam som ein del av kvardagen. Også etter å ha gjennomført slankeoperasjon.
Foto: Photos.com

Stigmatisert av slankeoperasjonar

Fleire sjukleg overvektige opplever å bli endå meir stigmatisert etter å ha gjennomført slankeoperasjonar, viser ny forsking.

Overvektige menneskjer vert ofte konfrontert med stereotypiske karakteristikkar som at dei er stygge, dumme, late, slurvete og kjenslemessig svakare enn «normale» menneskjer. Desse karakteristikkane speglar og reproduserer stigma. Kontroll og dyd kan ein finne i å vere slank, noko som gjev undervektige menneskje ein høgare status enn overvektige.

Kvifor ynskjer menneskjer å gå gjennom risikofylte og dyre operasjonar for å gå ned i vekt? Er det einaste utvegen for mange? Desse er blant fleire spørsmål som doktorgradsstipendiat Ingeborg Grønning ved Institutt for sosiologi og statsvitskap prøver å finne svara på. Ho har intervjua eit utval vaksne som på ulike måtar har enda opp med å måtte stå overfor nettopp dette vanskelege valet: Skal eg prøve hardt å endre livsstilen min, eller nytte kirurgiske hjelpemiddel?

Grønning studerer korleis pasientane ser på statusen sin som overvektig, og korleis dei vel mellom alternativa for fedmebehandling med kritiske spørsmål i bakhovudet knytt til sjølvidentitet, stigma, ansvar og risiko.

Redde for ikkje å vakne

Doktorgraden hennar tek utgangspunkt i temaet «personleg helsejournal», der ho blant anna ser på sjukleg overvekt frå ein sosiologisk innfallsvinkel. Frå desember 2009 til april 2010 gjennomførte ho 22 djupneintervju med personar som enten har gjennomgått operasjon eller kurs i livsstilsendring ved Røros rehabilitering eller Ebeltoft kurcenter.

Fordommar og stigma er noko overvektige må leve med, og dette er grunnen til at mange av deltakarane i studia ynskte å gå ned i vekt, i tillegg til praktiske utfordringar i kvardagen. Kirurgi er likevel eit drastisk skritt og dei fleste av deltakarane i studia vurderte det som aller siste utveg. Dei fleste av dei som valte livsstilsendring var skeptiske til kirurgi. Nokre var redde for ikkje å vakne att.

– Eg tenkte likevel at eg måtte ta ein sjanse. Enten ville eg vakne, eller så ville eg ikkje vakne. Då hadde eg i alle fall prøvd, fortalte ein av dei som hadde prøvd ein rekkje diettar og valte kirurgi utan å ha prøvd livsstilsendringar. Denne personen opplevde også alvorleg «dumping» i etterkant av operasjonen.

Fedmeoperasjonar i Noreg

  • Nesten 1,5 milliardar vaksne var i 2008 overvektige, og av desse har over 500 millionar fedme med kroppsmasseindeks (KMI) over 30.

 

  • Ein kan oppleve birverknadar, komlikasjonar og postoperative plager etter fedmeoperasjon som vitamin og mineralmangel, blødingar, lekkasjar og infeksjonar, tarmslyng, dumpingsyndrom, luftsmerter, diaré og lågt blodsukker - og ein kan i verste fall døy.

 

  • Totalt 3000 menneskje tek slankeoperasjon i Noreg kvart år.

 

  • I 2004 påla Helsedepartementet dei regionale helseføretaka å etablere behandlingstilbod for pasientar med sjukleg overvekt. Det vil seie for personar med kroppsmasseindeks (BMI) på over 40 kg/m2, eller på over 35 kg/m2 om ein har ein eller fleire fedmerelaterte følgjetilstandar.

 

  • Etter 2004 har det vore kraftig auke i talet fedmeoperasjonar. Over 90 prosent av operasjonstilfella er gastrisk bypass, og rundt 10 prosent er gastrisk sleeve.

 

(Tidsskrift for den Norske legeforening/Verdens helseorganisasjon/Professor og leder for Senter for sykelig overvekt i Helse Sør-Øst, Jøran Hjelmesæth)

Nokre av resultata kom ned på papiret gjennom artikkelen «From fatness to badness: The modern morality of obesity» som vart publisert i det vitskaplege tidsskriftet Health.

– Anna verdighet

Doktorgradsstipendiaten Grønning fortel at det har vore lite forska på det sosiologiske aspektet kring overvekt og slankeoperasjonar tidlegare, og lite som syner skamma og stigmaet knytt til det å velje å leggje seg under kniven.

– Eg fann ut at det er knytt ulik status kring det å slanke seg på tradisjonelt vis kontra det å få ein operasjon betalt av det offentlege. Pasientane som klarte å slanke seg vanleg via Røros-opplegget, opplevde høgare status enn dei som tok operasjon. Ein deltakar som nyleg hadde gjennomført operasjon, gjekk rundt og fortalte det gode nyhendet til vener og familie, og var stolt av å gå ned mykje i vekt som resultat av operasjonen. Det tok brått slutt då personen merka at enkelte vart negative då dei høyrte årsaka til vekttapet: Personen fekk lite støtte, og fekk høyre at det burde gå an å slanke seg utan å ty til operasjon som kostar staten mykje pengar, seier Grønning.

Skam og stigma

Nokre av deltakarane opplevde å bli behandla annleis etter operasjonen. Folk vart meir hyggjelege og blide overfor personen. Likevel var det også andre deltakarar som opplevde det heilt motsette – at folk ikkje forstod valet av operasjon.

– Ein av deltakarane valte berre å fortelje dei nærmaste om operasjonen. Det var fleire som ikkje visste det, og trudde at personen hadde fått kreft og at dette var grunnen til det store vekttapet. Denne personen let dei heller tru det, enn å fortelje om operasjonen for å unngå å oppleve stigma og skam, fortel Grønning.

Støttegrupper

– Personleg helsejournal byggjer på ideen om at pasientar kan vere meir aktive i å registrere ulike typar informasjon knytt til helse, blant anna gjennom internettbaserte støttegrupper. Vi trur at det ligg ein del potensial i at pasientar kommuniserer med pasientar og utvekslar forteljingar og erfaringar. Dette var også utgangspunktet og årsaka til at eg valte sjukleg overvektige som case. Vi trur dei kan ha nytte av dette, seier Grønning, og får samtykkande nikk av rettleiar og professor i sosiologi, Aksel Tjora, når ho greier ut om prosjektet som er eit samarbeid med Norsk senter for elektronisk pasientjournal (NSEP).

Av pasientane i studia, hadde 12 gått gjennom behandling på Røros, og to vore på Ebeltoft Camp. Tre av informantane tok operasjon nokre år etter livsstilsopphalda. Totalt 12 av pasientane i studia gjennomførte ein slankeoperasjon, og ein av dei tok to operasjoner.

Forklaring for overvekta

Deltakarane snakka om korleis dei enda opp med å slite med sjukleg overvekt. Berre to av dei forklarte at det var overeting som hadde sett dei i den posisjonen dei var i, for eksempel etter at fast food, «french fries» og hamburgaren, gjorde sitt inntog i Noreg. Dei resterande 20 knytta vektproblema til psykiske plager, traume frå oppveksten, svangerskap eller arv.

– Dei fleste er i stand til å presentere ei forteljing om når noko oppstod, som gjorde at ein mista kontroll eller motivasjon. Intervjua viser at eige liv og situasjon relatert til ulike situasjonar gjennom livet er utgangspunkt for vektauke. Det var viktig for dei å ha ein idé om korleis det heile starta, seier Tjora.

–  Ynskjer ikkje å sjå på oss

Dei fleste deltakarane i studia nemnte mange mislykka diettar som viktige grunnar til val av kirurgi, men også stigma og fordommar mot overvektige.

«Gastrisk bypass»: – Ved kikkholskirurgi vert det laga ei lita lomme på toppen av magesekken som vert kopla saman med tynntarmen og fungerer som ein liten kanal mellom matrøyret og tarmen. Så vert øvre del av magesekken sydd saman og skilt frå resten av magesekken.  – Maten som før passerte gjennom magesekken og tolvfingertarmen, passerer no forbi denne delen av fordøyingskanalen. Sjølv om maten ikkje kjem ned i nedre del av magesekken, fortset han med å produsere magesafter som blandar seg med maten i tynntarmen.  (Illustrasjon av Kari Toverud, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening)

«Gastrisk bypass»:
– Ved kikkholskirurgi vert det laga ei lita lomme på toppen av magesekken som vert kopla saman med tynntarmen og fungerer som ein liten kanal mellom matrøyret og tarmen. Så vert øvre del av magesekken sydd saman og skilt frå resten av magesekken.
– Maten som før passerte gjennom magesekken og tolvfingertarmen, passerer no forbi denne delen av fordøyingskanalen. Sjølv om maten ikkje kjem ned i nedre del av magesekken, fortset han med å produsere magesafter som blandar seg med maten i tynntarmen.
(©Kari C. Toverud CMI, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening)

Følt stigma og avvik er langt frå ukjent, og det er mykje skam forbunde med fedme, ifølgje artikkelforfattarane Grønning og Tjora. Deltakarane i studia fortel at dei som slit med sjukeleg overvekt lyg for seg sjølv og andre når dei fortel folk at «vi er nøgde med vekta vår». Livet som overvektig er ikkje eit godt liv, og dei møter mange fordommar, fortel deltakarane i studia.

Dei vart spurt om å samanlikne assosiasjonane kring kreft med overvekt. Dette svarte ein av deltakarane på spørsmålet:

– Det er mykje angst forbunde med kreft, men inga skam. Fedme er forbundne med både skam og angst. Nokre menneskje trur det er smittsamt, og ynskjer ikkje å vere med overvektige menneskje fordi dei er ubehagelege å sjå på.

– Finst lite tilbod

Grønning og Tjora meiner prosjektet kan vise eit viktig aspekt av helsesosiologien som førebels er relativt ukjent. Dei peiker på det er lite tilbod før ein ender opp med å bli så stor at operasjon er einaste utveg.

– Om ein ser dette i eit større perspektiv så handlar det om det store problemet i samfunnet, at ein er overlaten til sjølvdisiplin inntil ein er så ute å køyre at ein får eit hjelpeapparat som aksepterer deg slik at du får hjelp, seier Tjora og understrekar at sjølv om slankeoperasjonar kan vere eit godt tilbod for mange, så oppstår det mykje skuld og skam av dette.

Unnlet å fortelje

Overvektige vert stigmatisert før ein får tilgang til tenester, som igjen fører til at ein vert endå meir stigmatisert om ein fortel andre at ein har fått tilgang til denne tenesta. For å dempe det «følte stigmaet», unnlèt nokre å fortelje andre om operasjonen, forklarar han.

– Ein genererer difor ein form for «statsfinansiert stigma», på det høgaste politiske nivået, ved å snakke om overvekt som eit samfunnsproblem. I tillegg til å initiere personretta tiltak for dei mest overvektige, må ein heller bruke ressursar for å skape gode vilkår for ein positiv livsstil i folk sitt kvardagsliv, seier Tjora.

– Siste utveg

Personar med sjukleg overvekt, det vil seie ein BMI på 40, eller på 35 og med ein eller fleire sjukdomar knytt til overvekta, har rett på behandling støtta av det offentlege. Dette fører til eit anna stigma dei overvektige kan møte på.

«Gastrisk sleeve»: – Ved sleeve-gastrektomi vert magesekken delt loddrett, og magesekkens volum vert redusert med om lag 80 prosent. I motsetnad til gastrisk bypass, vert ikkje tarmen kutta ved denne operasjonen. – Begge operasjonane gjer at pasientane vert fortare mette, og difor et mindre. (Illustrasjon av Kari Toverud, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening)

«Gastrisk sleeve»:
– Ved sleeve-gastrektomi vert magesekken delt loddrett, og magesekkens volum vert redusert med om lag 80 prosent. I motsetnad til gastrisk bypass, vert ikkje tarmen kutta ved denne operasjonen.
– Begge operasjonane gjer at pasientane vert fortare mette, og difor et mindre.
(Illustrasjon av Kari Toverud, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening)

– Stigmaet går på at ein får tilgang til eit gode andre må betale for, noko som gjer at dei kanskje ikkje ynskjer å dele med andre at dei har teke operasjon, fordi det berre påfører dei endå eit lag med stigma oppå dei andre laga, seier Tjora.

Ifølgje doktorgradsstipendiat Grønning er slankeoperasjon siste utveg for mange av deltakarane i studia, og berre eit reelt alternativ når ein har prøvd alt anna.

– Dei fleste fortalte at dei kom i betre form og fekk betre kosthald av å vere på Røros, men dei klarte likevel ikkje å gå ned i vekt. Berre ein eller to gjekk ned mykje under opphaldet på Røros rehabiliteringssenter, fortel Grønning.

I det norske samfunnet finst det ein viss moral knytt til innsats og rettar. For mange vert operasjonar oppfatta som «quick-fix», ifølgje Tjora.

– Mange meiner at du sjølv har pådratt deg overvekt, og at du sjølv har ansvaret for å redusere vekta og ikkje et slik at du vert ein byrde for samfunnet og helsevesenet. Vi har også eit samfunn der ein får hjelp om ein ikkje klarar å kome på beina, men dette er det mange som stiller spørsmål ved, om ein kan ha skuld i det sjølv. I vårt samfunn får også storrøykarar og sjukeleg overvektige same hjelp som andre. Det er det ikkje alle som meiner at dei fortener, fortel han.