Katrine Floa Bang

Kan trening hjelpe overvektige gravide?

Forskarar arbeider med å finne ut om trening kan redusere risikoen for komplikasjonar for gravide med overvekt.

– Eg føler det er ein vinn-vinn-situasjon. Gjennom dette prosjektet håpar eg å gå ned litt sjølv samstundes som eg får testa at alt er bra med meg og barnet, seier førstefødande Anette Øyås Olsen (25) om kvifor ho valde å melde seg på forskingsprosjektet, og klappar seg lett på magen.

Tilfeldig utvalt

Sveitten renn og øvingane er tunge, men Anette Øyås Olsen (25) er ikkje i tvil. – Det er verdt det, seier ho.  Foto: Maria Gilje Torheim

Sveitten renn og øvingane er tunge, men Anette Øyås Olsen (25) er ikkje i tvil. – Det er verdt det, seier ho. Foto: Maria Gilje Torheim

Øyås Olsen er ein av 77 gravide som har delteke i den vitskapelege undersøkinga. Den er eit samarbeidsprosjekt mellom NTNUs Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk og Institutt for samfunnsmedisin samt kvinneklinikken og barneklinikken ved St. Olavs Hospital.

I studia som vart initiert av professor Siv Mørkved og starta i 2010, har ein sett nærare på effektar av trening for gravide med kroppsmasseindeks (BMI) på 28. Deltakarane vert delt i to grupper ved loddtrekning, der halvparten følgjer eit treningsopplegg og den andre halvparten endar opp i ei kontrollgruppe.

Ser på samanhengen

Krohn Garnæs fortel at hovudmålet med prosjektet er å vise om det er samanheng mellom trening og risiko for svangerskapskomplikasjonar.

– Håpet er å finne ut om risikoen for svangerskapskomplikasjonar, svangerskapsrelaterte sjukdomar og fødselskomplikasjonar minskar for overvektige gravide som trenar regelmessig under svangerskapet, fortel prosjektleiar Trine Moholdt. Doktorgradsstipendiat og kollega Kirsti Krohn Garnæs nikkar samtykkande.

Ifølgje Moholdt har det vore gjennomført forskingsprosjekt på trening i svangerskap, men svært lite på overvektige gravide.

– Det finnes studium som viser at overvektige gravide har større risiko for å føde store barn, for fødselskomplikasjonar og svangerskapsdiabetes samt svangerskapsforgifting og abort. Det finst derimot lite forsking på kva trening betyr i høve desse komplikasjonane, fortel Moholdt

Auka kunnskap

Førebels er prosjektet berre kome halvveges. Målet til Moholdt og Krohn Garnæs er å få verva om lag 70 nye deltakarar og at ein slik kjem opp i ein total på 150 deltakarar i løpet av 2014. Prosjektet er venta å stå ferdig i 2016.

– Vi håpar med dette prosjektet å auke kunnskapen om helsa til gravide med kroppsmasseindeks på over 28, noko som har vore lite forska på tidlegare, seier Krohn Garnæs.

I tillegg til å undersøke samanhengen mellom trening og komplikasjonar, undersøkjer ein om trening gjev utslag på hjartefunksjonen til den gravide og til fosteret, og om trening kan påverke sjølve fødselen.

Vert testa undervegs

Deltakarane går i gjennom fleire testar undervegs i svangerskapet. Dei første testane vert gjort når deltakarane er i veke 14, deretter i veke 34-37 i svangerskapet, medan den siste runden med testar skjer tre månadar etter fødselen.

Deltakarar får testa hjartet, blodet, blodårene, vekta, uthaldenheita, kroppssamansetninga, bekkenbotnsfunksjonen og bekkensmerter. Dei gravide går også igjennom gynekologisk undersøkingar.

Etter at forskingsprosjektet er avslutta, vil deltakarane få skriftleg informasjon om resultata. Om trening viser seg å ha god effekt både som behandling og førebygging, vil deltakarane i kontrollgruppa få informasjon om treningsprogrammet etter at prosjektet er avslutta.

– Verdt det

Katrine Floa Bang (32) er godt i gang med første runde med situps.  Foto: Maria Gilje Torheim

Katrine Floa Bang (32) er godt i gang med første runde med situps. Foto: Maria Gilje Torheim

Deltakarane i treningsgruppa følgjer eit treningsopplegg på ein time tre gonger i veka i tillegg til ei økt heime på om lag 45 minuttar. I tillegg vert dei oppfordra til å auke kvardagsaktiviteten sin.

Denne måndagen er det Anette Øyas Olsen og Katrine Floa Bang som får køyrt seg på treningsrommet på St. Olavs Hospital. Først skal dei gjennom ei kondisøkt, og får valet om å sykle eller gå på tredemølle i ein halvtime i moderat tempo. Deretter skal dei gjennom ein rekkje styrkeøvingar som situps, armhevingar og planken i til saman ein halvtime.

– Det er litt tungt, eg er ikkje vand med å trene mykje vanlegvis, men det er godt å kome i gong, seier Anette (25) som er på sin første trening.

Bevisst valt

Kirsti Krohn Garnæs følgjer nøye med medan Anette og Katrine tek armheving etter armheving.

– Det er bra, Anette. Fortsett slik, seier ho til deltakaren, før ho snur seg og forklarar:

– Desse styrkeøvingar er bevisst valt med tanke på førebygging av diverse plager som gravide kan få som smerter i rygg, hofte og bekkenet, fortel Garnæs som er doktorgradsstipendiat og utdanna fysioterapeut.

Nokre trenar

Deltakarane i kontrollgruppa vert testa på nøyaktig same måte som dei i treningsgruppa, men følgjer ikkje same treningsopplegg. Kontrollgruppa skal vere mest mulig representativ for tidlegare inaktive med BMI over 28, men Krohn Garnæs understreker likevel at nokon av desse trener på eigenhand utanom prosjektet.

– Nokre av dei har eit ynskje om å byrje å trene i svangerskapet, og det kan vi ikkje nekte dei å gjere sjølv om dei skulle hamne i kontrollgruppa, men det har vi også tatt med i betraktninga, seier ho og fortel at dei framleis er på leit etter fleire deltakarar.

Dei som er aktuelle for studia er gravide som ikkje vanlegvis trener meir enn om lag to gonger i veka.