Forsking friskmelder kunstgras

I lang tid har ein lagt skulda for dei mange fotballskadane på kunstgraset. Nye forskingsfunn tyder på at kunstgras ikkje er skadeleg likevel.

– Det er ikkje noko vitskapeleg grunnlag for å seie at kunstgras er spesielt skadeleg. Både tidlegare forsking og det eg no legg fram av resultat, kan syne dette.

– Ikkje skadeleg

Det seier doktorgradsstipendiat David McGhie ved NTNU. Han har arbeidt med eit prosjekt som viser friksjon og støytdemping ved kombinasjonar av ulike kunstgrassystem og fotballsko. Prosjektet har vorte gjennomført i samarbeid med Senter for Idrettsanlegg og teknologi (SIAT) og Institutt for bevegelsesvitenskap ved NTNU.

I sitt prosjekt kan McGhie leggje fram resultat som viser at det ikkje er noko som tyder på at det er verken dårleg støytdemping eller høg friksjon på tredjegenerasjon kunstgras.

Stadig fleire kunstgrasbaner

Kunstgrasbanar

  • Norges Fotballforbund sin handlingsplan frå 2012-2015 seier at utandørsanlegg skal prioriterast, og at kunstgras 11-år, kunstgras 7-år, balløkker og ballbingar er dei sentrale anlegga.

 

  • NFF skal tilby klubbane rettleiing og stønad i arbeidet med rehabilitering av eksisterande kunstgrasflater, og utarbeide spesifikke strategiar og handlingsplanar for storbyområda. I tillegg til å vidareutvikle praktiske løysningar for drift av kunstgrasbaner om vinteren.

 

  • I førre handlingsplan var det talfesta 100 kunstgrasbaner i full størring, og 300 bingar pr. år. I fjor vart det bygd om lag 100 nye kunstgrasbaner og 108 nye ballbingar med kunstgras. Det er venta same tal også for 2014.

 

  • I eliteserien går også fleire lag over til å bruke kunstgras, men i år vil halvparten av kampane i Tippeligaen spelast på kunstgras.

 

Kunstgras har opplevd ei enorm utvikling sidan det først dukka opp på 60-talet. I byrjinga var det av ein så dårleg kvalitet at bruken av naturgras ikkje vart satt i fare for å bli utkonkurrert.

Først rundt år 2000, då ein innførte tredjegenerasjon kunstgras, fekk ein eit levedyktig alternativ til naturgras. Revolusjonen kom likevel ikkje før fire år seinare, då FIFA godkjente bruk av tredje-generasjons kunstgras i offisielle kampar. I dag vert kunstgras flittig brukt innanfor breiddefotballen, men også på profesjonelt nivå.

Statistikk frå Norges fotballforbund viser at det per 31.12.12 var totalt 1200 kunstgrasbaner over heile landet, i tillegg til fleire hundre ballbingar, storhallar, løkker og treningshallar med kunstgras.

Tredje generasjon kunstgras

Til forsøket vart det bygd ei lita kunstgrasbane på universitetet sitt bevegelseslaboratorium. Ho vart nytta til å sjå grundigare på tredjegenerasjon kunstgrassystem, i ein kombinasjon med bruk av tre ulike fotballsko med ulike knottar.

– Det vi gjorde var å plassere dei aktuelle underlaga over ei kraftplate som registrerte kreftene spelarane tok i bruk då dei gjorde to spesifikke fotballbevegelsar. Målet med dette var å få samla inn data ved ulike kombinasjonar av kunstgras og fotballsko. Ut frå kreftene rekna vi ut ulike mål på støytdemping og friksjon, fortel McGhie, som sjølv har vore aktiv innan fotballen sidan han gjekk på barneskulen.

Kunstgrassystema som vart nytta, er tre typar som alle er i bruk i dag. Ein type vert brukt innan profesjonell idrett og har eit underliggande støytdempingssjikt. Ein annan type vert mest nytta innan breiddeidretten, og den siste vert også brukt innan profesjonelt nivå, men den er utan støytdempingssjikt. Alle typane vart fylt med sand og gummigranulat.

RBK-spelarar med i forsøk

Datasamlinga vart fullført i april 2011, og i alt deltok 22 aktive fotballspelarar i eksperimentet. Nivået på forsøkspersonane varierte frå bedriftsfotball til elitenivå, då også spelarar frå Rosenborg fotballklubb bidrog i forsøket.

Spelarane fekk i oppgåve å gjennomføre to idrettss

David McGhie i gang med testing på bevegelseslaboratoriet. Foto: Bjørn Åge Berntsen

David McGhie i gang med testing på bevegelseslaboratoriet.
Foto: Bjørn Åge Berntsen

pesifikke øvingar. Sprinte rett fram med rask stopp samt sprinte rett fram med ein 90 graders retningsendring.

Desse øvingane føregjekk på alle kombinasjonar av dei tre kunstgrassystema og med tre ulike par med fotballsko med ulike knottar. Skoa var installert med refleksmarkører som gjorde det mogleg å måle rørslene.

Brukar menneske

Det har også vorte gjennomført studiar av kunstgrasbaner i høve skadehyppigheit, der nærast alle har vist at det er ingen forskjell mellom tredjegenerasjon kunstgras og naturgras.

Les ein av studiane her.

I enkelte mekaniske testar derimot, finn ifølgje McGhie ulikheiter.

– Men då er spørsmålet om kor gyldige desse er med tanke på at det ikkje har vorte brukt faktisk rørsle, seier han.

I prosjektet til McGhie er det ein av dei første gongene ein tek i bruk menneskje som tekstobjekt.

– Det var viktig at vi fekk nytta menneske til å gjennomføre desse rørslene, då det ikkje har vorte gjort i stor grad tidlegare. Vi såg viktigheita med å tilføre forskinga noko nytt ved å gjere dette, fortel McGhie.

Som normal jogg

Det har vore kjent at hurtig endring i hastigheit og retning har vorte assosiert med skader. All data som vart samla inn i eksperimentet, har blitt nytta til å kalkulere friksjon og støytdemping, og viser ingen helseskadelege resultat.

– Ingen av de tre kunstgrassystema vi testa, ga verdiar som antyda at dei er helseskadelege med tanke på støytdemping. Verdiane på 2-3 gonger eiga kroppsvekt er samanliknbare med det som eksisterer ved normal jogging på andre underlag, fortel McGhie.

I prosjektet hans kjem det også fram at kunstgrassystemet som er rekna for breiddefotball, ga dårlegare støytdemping enn dei to kunstgrassystema som er rekna for elitefotball.

– Ingen av kunstgrassystema ga unormalt høge verdiar, men dette er likevel noko vi meiner kan vere interessant å følgje med på framover, fortel han og legg til at vanlege kunstgrassko med minst knottar ga generelt sett best støytdemping, i samanlikning med rundare og meir avlange knottar.

Ikkje dårleg støytdemping

Dei ulike fotballskoa som vart nytta i forsøket har også svært ulike knottar. Frå topp til botn: Adidas Mundial Team TF med små knottar, Adidas Copa Mundial FG med runde knottar og Adidas adiPURE 3 TRX FG med avlange knottar. Foto: David McGhie

Dei ulike fotballskoa som vart nytta i forsøket har også svært ulike knottar. Frå topp til botn: Adidas Mundial Team TF med små knottar, Adidas Copa Mundial FG med runde knottar og Adidas adiPURE 3 TRX FG med avlange knottar.
Foto: David McGhie

Likevel vil doktorgradstipendiaten understreke at det er vanskeleg å kome med ei generell anbefaling om kva som er best å bruke på kunstgras.

– Det var ikkje like tydelege resultat her. Då eksperimentet vart gjennomført under tørre forhold, vert det vanskelegare å kome med generelle anbefalingar om dette, seier han og legg til at friksjonen oftast vert lågare når det er vått.

I likheit med underlagsresultata, ga ingen av skomodellane unormalt dårleg støytdemping.

– Den funksjonell friksjonen var statistisk sett lik mellom både kunstgrassystem og skomodellar. Det var ingenting som tyda på at det var unormalt høg eller skadeleg friksjon på nokon av kunstgrassystema eller med nokon av skomodellane, seier McGhie, som vil understreke at ein i prosjektet har sett på lineær friksjon, og ikkje rotasjon.

McGhie har hittil publisert to artiklar basert på resultata av forskinga i to ulike anerkjente vitskapskrift. I mars i år stod den eine på trykk i Sports Engineering og The American Journal Of Sports Medicine trykte den andre artikkelen hans i november i fjor.

Meir informasjon om prosjektet finn du hos Senter for idrettsanlegg og teknologi.

Les også artikkelen Kunstgress bedre enn sitt rykte?