Gull av gråstein

Kvarts er eit av verdas vanlegaste mineral. Men akkurat desse norske steinane er gull verdt.

Den datamaskina du nettopp jobba på … kanskje vart ho pusla saman i Japan eller eit anna fjerntliggjande land. Men ein avgjerande bestanddel er høgst sannsynleg grove fram på ein liten stad i Nordland.

– Dra til Drag!

Ein gong var gruvedrift Noregs viktigaste industrigrein. Her har vi hatt organisert gruvedrift sidan 1500-talet, og henta enorme verdiar ut av fjellet. Kongsberg, Røros, Folldal, Knaben, Løkken og Syd-Varanger er kjente eksempel på stader der gruvene ein gong sysselsette heile lokalsamfunn og ga velstand til nasjonen.

Nå er det meste slutt. Og dei som blir bergverksingeniørar, tar gjerne ei petroleumsfagleg studieretning. I dag er det oljen som tel.

Derfor lurer vi: Treng vi strengt tatt å utdanne fleire gruve- ingeniørar i Noreg? Ein som kanskje kan gi et svar, heiter Terje Malvik og er leiar for Institutt for geologi og bergteknikk ved NTNU. Han svarar kontant: – Dra til Drag og sjå sjølv!

Reisa til mineralriket

Kari Moen med finmala stein som går til leverandørar for elektronikk- og solcelleindustrien.  Foto: Bjørn Erik Olsen

Kari Moen med finmala stein som går til leverandørar for elektronikk- og solcelleindustrien.
Foto: Bjørn Erik Olsen

Slik var det at eg spaserte ut frå flyplassen i Bodø ein fin sommar- dag, med kurs for moloen og postkortutsikta mot øya Landego. Skarven som har tilhaldsstad her, har mellombels vike plassen for solbadande turistar som syg til seg varmen frå ei sol som aldri går ned på denne tida av året.

Bodø er berre første stopp på ei reise som skal gå vidare i bil. Mil etter mil mot nordaust, til Hamarøy, Tysfjord og industristaden Drag. Der skal eg besøke anlegget til Norwegian Crystallites. Dei produserer ein type kvarts som marknaden for den slags siklar etter og tilsynelatande aldri kan få nok av.

Kari Moen er sjåfør. Ho er bergingeniør og arbeider i delt stilling mellom kvartsfabrikken og bergingeniørutdanninga ved NTNU. Postkortutsikta varar ved. Kari Moen kortar kjøreturen med lokale historier og geografikunnskap. Ho fortel at den imponerande fjellrekka vi har på høgre side, består av granitt.

Difor er den naken og gold. Granitten er nemlig så hard at vegetasjon har vanskeleg for å feste seg.

– Med litt kunnskap om geologi kan ein hente ut mye informasjon frå fjell berre ved å sjå på formasjonar og strukturar, fortel bergingeniøren.

Gråstein eller gull?

Kvartsfabrikken på Drag ser ut som alle industribygg frå 80-talet: ein stor og grå betongkoloss i landskapet, korkje særleg pen eller særleg stygg å sjå på. Ryddig og ordentleg utanfor, ingen skjemmande industrirøyk. To digre haugar av stein og grus er samla på framsida.

«Mesteparten går til leverandørar for elektronikk- og solcelleindustrien i Japan og Kina.»

Kari Moen, bergingeniør og førsteamanuensis

Den eine er ganske kvit, den andre meir skittengrå. Er det dette som skal bli til viktige komponentar i optisk fiber og fin elektronikk? Om lag 50 tilsette jobbar på skift, nokre med spesialkunnskap om geologi, gruvedrift, bergtekniske prosessar og kjemi. Spesialområdet til Kari Moen er mineralogi, som er vitskapen om minerala – deira opphav, førekomst, eigenskapar, samansetning og klassifikasjon. Den viktigaste arbeidsreiskapen hennar er mikroskopet.

Kari fortel at råvara, kvartsen, blir henta frå to gruver nær ved. Kvartsen frå dei to gruvene har ulik mineralsamansetning, struktur og kvalitet.

– Kvarts er eit av dei vanlegaste minerala i verda. Det spesielle med tysfjordkvarts er at han er svært rein. Det vil seie at han er blanda med små mengder av andre mineral. Det er dette som gjer han så ettertrakta og verdifull, forklarer Kari Moen.

Aldri heilt lik

Til tross for at råstoffet er usedvanleg reint frå naturens side, må det reinsast ytterligare. Det er dette som går føre seg inne i fabrikken, i omstendelege prosessar som blir nøye overvaka i alle ledd. Målet er å få kvartsen om lag 99, 99 prosent rein. Det vil alltid liggje att eit mikroskopisk korn, som er utilgjengeleg fordi det er inneslutta i mineralet. Difor kan aldri kvartsen bli 100 prosent rein.

– Hovudprinsippet for reinseprosessen er patentert i USA og blir brukt over heile verda. Men nødvendig tilpassing og utviklingsarbeid har skjedd på staden. Det er vår eiga prosessutvikling som er fundamentet for drifta og gjer ho lønsam. Føresetnaden er å få jobbe tverrfagleg og kombinere ulik type bergteknisk og geologisk kompetanse, fortel mineralogen.

– Bergverksdrift dreier seg veldig mykje om å sjå kva som er mogleg. Mineral har alltid forskjellig samansetning. Til dømes vil to stykke kvarts aldri være helt like, sjølv om dei kjem frå same gruveuttak. Det er dette som heile tida fascinerer og gjør jobben spennande.

Inn i gapet

F.v. Roy Nordnes, Stig Anders Paulsen og Bjørn Sigve Paulsen håndsorterer stein, på fagspråket kalt skeiding. Foto: Bjørn Erik Olsen

F.v. Roy Nordnes, Stig Anders Paulsen og Bjørn Sigve Paulsen håndsorterer stein, på fagspråket kalt skeiding.
Foto: Bjørn Erik Olsen

Ei gravemaskin durar og går utanfor fabrikklokalet. Ho lempar skuffe etter skuffe med kvit steinmasse til eit samleband. Med bulder og brak ramlar steinmassen ned på ei sikt som grovsorterer etter størrelse. Dei største blir borte i gapet på ein stor og kraftig kjeft som gomlar og mel opp til småstein.

Småsteinen blir spytta ut på eit nytt samleband og går til første kontrollpost. Der sit August, Roy, Stig Anders og Paul Sigve. Dei er handskeidarar. Det betyr at dei handsorterer stein etter diverse kriterium, og plukkar vekk dei som ikkje kan brukast.

Ferdigsortert stein går inn i ei mølle og malast ned til pulver. Nå startar den grundige reinsinga. Først i ein magnetseparator, som trekker ut mineralkorn som er magnetiske. (Kvarts er ikkje magnetisk.) Resten av pulveret blir samla i flotasjonskar, som ser ut som svære miksmastarar og er fylte av ei kjemikalieblanding.

Kjemikala gir minerala i pulveret ulike eigenskapar, slik at det blir mogleg å skilje dei frå kvarandre og skumme av det ein ikkje vil ha.

Vask og tørk, vask og tørk

Nå blir pulveret tørka før det går vidare til syrevasking. Syra fjernar dei siste restane av uønska mineral. Kvartsen er nå gullande rein, med unntak av nokre få korn som kan ha eit innkapsla innslag av eit framandt materiale.

Pulveret blir sendt gjennom ein ny tørkeprosess og er endeleg ferdig for sal. Nå liknar den finmala steinen på melis.

– Mesteparten går til leverandørar for elektronikk- og solcelleindustrien i Japan og Kina. I fjor omsette bedrifta for 65,5 millionar kroner, opplyser Kari Moen.

Mykje ligg uutnytta

I fjor omsette norsk bergindustri for 11,4 milliardar kroner. 64 prosent av produksjonen enda utanlands, syner tal frå Noregs geologiske undersøking (NGU). Om lag 5000 personar er sysselsette i mineralnæringa. Mesteparten er distriktsarbeidsplassar. Minerala ligg der dei er, og arbeidsplassane blir til der minerala finst.

Noreg er verdsleiande leverandør av enkelte mineral. Men potensialet for bergverksdrift er langt større og har meir enn nasjonaløkonomisk omfang. I dag brukar EU meir enn 20 prosent av verdas metallproduksjon, men produserer berre om lag tre prosent. EUs mineralstrategi er konsentrert om å bli meir uavhengig av import.

Her rettast søkelys mot Noreg, Sverige og Finland, som til saman har nokre av dei største og viktigaste mineralførekomstane i Europa. På geologispråket vert området kalla det fennoskandiske skjoldet.

Verdireserve

Frå dagbruddet på Håkonhallsheia i Tysfjord tek dei ut den reine og ettertrakta kvartsen. Foto: Bjørn Erik Olsen

Frå dagbruddet på Håkonhallsheia i Tysfjord tek dei ut den reine og ettertrakta kvartsen.
Foto: Bjørn Erik Olsen

Noreg har henta ut store verdiar frå norske fjell gjennom oljeutvinning i Nordsjøen. I lausmassar og fast fjell finst kjente mineralressursar som kan bli like verdifulle som oljen. Mykje av den norske mineralførekomsten ligg uutnytta og er dårleg kartlagt.

Noreg har brukt langt færre ressursar på mineralleiting enn både Sverige og Finland. Den nye minerallova, som ble vedteke i Stortinget 4. juni i år, kan endre på dette.

Lova erstattar fem gamle lover og sørgjer for ei betre samordning med andre lover, blant anna Plan- og bygningslova. Ikkje minst sikrar den nye lova kontroll med uttak av ikkje-fornybare ressursar. Ein av intensjonane med minerallova er at det skal bli enklare både å leite og setje i gong mineralutvinning.

Framtidig mineralutnytting aukar behovet for forsking og kompetanseutvikling. Blant anna inneber ein berekraftig mineralproduksjon at det blir lagt stor vekt på miljøomsyn. Mineralproduksjon er tungindustri som medfører varige naturinngrep.

Dette skaper ofte konfliktsituasjonar, som berre kan bli løyst med kunnskap og kommunikasjon. Kunnskap om geologi og mineralogi, gruvedrift – og om helse, miljø og tryggleik.

Synnøve Ressem