Sofie og froskane

Ho er berre seks månader gammal. Likevel kan vesle Sofie tolke mønster for bevegelse, og ha forventningar om kva som skal skje.

På eit bord i eit rom på Dragvoll står ein babystol. Fastspent i stolen sit seks månader gamle Sofie, blid som ei sol og tindrande opplagt. Ho har sove, ho har fått mat, og no skal ho få sjå film!

Handlinga går føre seg på ein pc-skjerm, og er enkel nok: Tre froskar hoppar opp i ei bøtte. Om att og om att og om att, ein skulle tru det vart keisamt i lengda. Men Sofie er lett å more og følgjer nøye med.

Mens halvtåringen overvakar froskane, vert ho sjølv overvaka av forskarane. Eit spesialkamera under skjermen gjer opptak av kvar minste augebevegelse hos Sofie, og reknar med millisekundpresisjon ut kor på skjermbildet blikket hennar ligg, og kor lenge det ligg før det flyttar seg att. Metoden kallast for eye-tracking. Resultatet kjem ut i form av eit virvar av blå strekar og rundingar, men forskarane veit å tolke biletet:

– Sjå, ho flyttar blikket til bøtta før frosken har landa; ho har alt lært at det er dit frosken har tenkt seg, seier Mila Vulchanova begeistra.

Ord er bevegelse

Vulchanova er professor i lingvistikk og ei av drivkreftene bak NTNUs språktileignings- og prosesseringslaboratorium. Lab’en med det lange namnet vart oppretta for eit års tid sidan, og er den einaste i sitt slag her til lands som er knytt til eit språkinstitutt.

Psykologane har gjort seg nytte av eye-tracking i mange samanhengar. Reklamefolk også, for den del. Men at lingvistane tek metoden i bruk, er nytt.

– Vi kan finne ut mykje om språk og til eigning av språk ved å granske blikket, slår Vulchanova fast.

Blant lingvistar er det ei vanleg oppfatning at skal du forstå eit språk, må du først forstå bevegelse. Å tolke kva som er viktig i ein bevegelse, kva som er målet med han, er altså viktig for å kunne tileigne seg ord og omgrep.

Ein baby kan ikkje fortelje korleis den tolkar bevegelse, eller kva den forstår av ord – og ingen har riktig visst det heller. Men blikket fortel.

Det er derfor vesle Sofie no sit i ein stol på eit bord på Dragvoll.

Avslører læringsstrategiar

Både psykologar, pedagogar og lingvistar er opp tekne av milepælar i den kognitive utviklinga, altså det som handlar om læring: Når lærer vi ditt, og når forstår vi datt?

– Det er påvist eit sterkt forhold mellom kognitiv og språklig utvikling, og vi prøver å kartleggje forholdet mellom språk og annan kommunikasjon. Blant anna prøver vi å finne ut når i livet det faktisk er for seint å lære eit språk skikkeleg, seier lingvistikkprofessoren.

Ho forskar på tileigning av både førstespråk – det vi lærer først og brukar mest, oftast «morsmålet» – og andrespråk, det vi lærer sidan. Ho studerar både barn og vaksne. Og ho har funne ut at vi brukar dei kognitive strategiane frå tileigninga av førstespråket når vi skal lære eit andrespråk.

For eksempel: Om du som nordmann vil lære russisk, bruker du di forståing av norske bevegelsar og norske omgrep som utgangspunkt. Ikkje alltid den beste strategien, men slik er det.

Eit av hjelpemidla Vulchanova har for å finne ut slikt, er nettopp eye-tracking. Set du deg ned framfor kameraet, med ein russisk tekst på skjermen, vil eye-trackinga syne at tilnærminga di er knytt til norsk grammatikk og omgreps apparat. Grafane vil og syne kva for ord eller setningselement som gir deg hovudbry og som du derfor må vende attende til fleire gongar.

– Dermed får vi vite kva for spesielle vanskar ein nordmann vil ha med å lære russisk. Dette gir oss viktig kunnskap til bruk i framandspråkundervisning og fagdidaktikk, seier Vulchanova.

Veit lite, vil mykje

Vi veit ifølgje professoren overraskande lite om barns språk og ordforråd. Vi veit lite om kva menneske som les, først og fremst festar seg ved i teksten, eller korleis dei oppfattar orda. Vi veit langt frå nok om kva for vekt dei ulike komponentane i språk og kommunikasjon har – som gestar, blikk, tonefall og så vidare.

Professor Vulchanova vil gjerne bruke laboratoriet til å finne ut meir om alt dette. – Vi samarbeider med psykologane og pedagogane og håper å kunne byggje opp eit senter for språkleg og kognitiv utvikling, fortel ho.

– No byggjer vi kompetansen her. Og sidan kan vi målretta bruke utstyret til å avdekke kognitiv svikt og språklege avvik.

Må skrive om læra

Nede i babystolen sit Sofie like tålmodig og glanar på skjermen. Men kva skjer? Froskane tek til å bomme på bøtta, dei hoppar over ho!

Sofie rynkar panna og skjøner først ikkje eit kvekk. Her sat ho og venta på noko ho hadde full orden på, men så vart alt heilt feil. Dei blå strekane frå eye-trackinga går i alle retningar mens babyen prøver å finne ut av det nye mønsteret som har oppstått.

– Ein annan halvtåring vi hadde her, vart så frustrert og sinna over mønsterbrotet at han berre illskreik, smiler Vulchanova.

Sofie er den femte babyen som er inne til frosketesting – og den femte som er i stand til å kjenne att bevegelsesmønsteret og ha forventningar om kva som skal skje.

– Ein har tidlegare trudd at ungane måtte vere borti ni månader før dei kunne såpass. Det ser ut til at vi må skrive om den kognitive utviklingslæra, varslar Mila Vulchanova.

Av Lisa Olstad