Havmøller tek bølgjen

Ein ny type vindmøller er på veg opp frå teiknebrettet. Dei står til havs og trekker energi ut av vind – og av bølgjer.

HAVPARKAR: Målet er å byggje storskala havmølleparkar, som her ved Middelgrunden i Danmark, men lenger til havs, på større djup og med meir avansert teknologi. Foto: Jørgen Schytte/SCANPIX Danmark

HAVPARKAR: Målet er å byggje storskala havmølleparkar, som her ved Middelgrunden i Danmark, men lenger til havs, på større djup og med meir avansert teknologi.
Foto: Jørgen Schytte/SCANPIX Danmark

Vindmøller som står i vatnet, vert nå utvikla i både Danmark, Storbritannia og ein del andre land. Inntil vidare står desse vindmøllene på grunt vatn, men etter kvart vil dei kunne bli flytta ut i ope hav.

– Føremonen med vind offshore er høgare fart på vinden, noko som gir større energiutbytte og lågare priser, seier professor Johan E. Hustad, som er leiar for Senter for fornybar energi (SFE) ved NTNU.

Rett nok kostar slike konstruksjonar mykje. Elektrisitet frå offshore vind vert derfor rekna som femti prosent dyrare enn på land.

– Likevel har vi eit stort potensial for betra løysingar og lågare kostnader. Det er her Noregs lange røynsle med offshore olje- og gassverksemd kjem inn. Ved å trekke røynsler frå denne industrigreina over til offshore fornybar energi, vil nye løysingar kunne bli utvikla. Døme på dette er Hydros Hywind-konsept, seier Hustad.

UTOMSKJÆRS • Professor II ved NTNU Finn Gunnar Nielsen arbeider til dagleg ved Norsk Hydros forskingssenter i Bergen og er primus motor i prosjektet Hywind – namnet Hydro har gjeve satsinga si på havgåande møller. Med vindmøller utomskjærs vert ei veksande innvending bokstaveleg tala flytta bort: Vindmøller nært innpå bustadfelt er årsak til konflikt. Dei lagar lyd, og mange synest dei øydelegg landskapet.

– Flyttar vi dei ut i havet, forsvinn problemet. Dessutan er det meir vind der, minner Nielsen om.

Ein slik havkonstruksjon vil i første omgang vere ei rein vindmølle, og det er dette ein no satsar på. Men mølla er slik konstruert at den etter kvart også vil kunne trekke energi ut av bølgjene omkring. Nøkkelen ligg i sjølve vindturbinen, som også har til funksjon å halde mølla mest mogleg rett i vatnet.

– Poenget er at turbinane kan utføre to oppdrag samstundes: Ved å arbeide slik at dei dempar rørsla som bølgjene skaper, kan dei på same tid hente energien ut av bølgjene. Dette skjer utan at vi treng ekstra teknisk utstyr for intelligent styring av turbinane, fortel Nielsen.

PRODUSERER JAMT • Det bles mykje i Nordsjøen, og derfor vil møllene det meste av tida ha nok med å hente energi ut av vinden, samstundes som dei held seg nokolunde i vater. Men i periodar med mindre vind, men likevel ein del bølgjer eller dønningar, vil denne kombimodellen vere interessant.

– På dette viset vil slike havmøller kunne produsere energi stort sett heile tida. Vi har gjort utrekningar på kva for potensial som ligg i bølgjene, så dette veit vi mykje om, seier Nielsen. Men han understrekar likevel at dette først vil kunne bli aktuelt i ein seinare fase.

GOD ENERGIØKONOMI • Professor Hustad trur at slike kombinasjonsanlegg representerer god energiøkonomi. – Det er kjent at bølgjer kjem etter vind i tid, slik at eit anlegg vil kunne få både høgare effekt ved samankopling av begge energikjeldene, og ved at driftstida vert forlenga fordi vind og bølgjer ikkje kjem på same tid. Ved SFE har vi nå sett saman ei tverrfagleg gruppe av studentar og faglærarar med bakgrunn i elektroteknikk, hydrodynamikk/ bølgjeenergi, konstruksjon/ bygg og innovasjon, som skal jobbe med slike konsept.

Hustad er overtydd om at vind/bølgjekraft er interessant også kommersielt: – Marknaden for slike løysingar er internasjonal, og land som Japan og Korea er svært interessert. Konseptet vil også kunne gje ny verksemd ved norske verft og i mekanisk industri i framtida.

UTNYTTAR RØRSLA: Under vanlege vindtilhøve arbeider vundturbinen med å stabilisere mølla loddrett. I rolegare vind kan denne mekanismen utnytte rørslene som bølgjene lagar, til å produsere energi. Grafikk: Mads Nordtvedt. Foto: HYDRO/STATKRAFT

UTNYTTAR RØRSLA: Under vanlege vindtilhøve arbeider vundturbinen med å stabilisere mølla loddrett. I rolegare vind kan denne mekanismen utnytte rørslene som bølgjene lagar, til å produsere energi. Grafikk: Mads Nordtvedt. Foto: HYDRO/STATKRAFT

SPIKAR MED ROTOR • Så langt er vindmøller berre sett opp på landjorda og på grunt vatn. Å byggje møller for bruk på djupt vatn krev nye konstruksjonsmetodar. Her har fleire modellar vore vurdert. Eit gjennomgåande problem er at den delen som ligg under vassflata, kan bli for omfangsrik. Då vert også den fysiske belastinga større – og kan hende for stor.

Hywind har kome fram til ein konstruksjon som mest ser ut som ein spikar med rotor i eine enden. Størstedelen av spikaren ligg nede i vatnet, med fleire flytekammer nedover som hjelper til med å halde den stabilt vertikal. Konstruksjonen vil bli forankra på havbotnen med tre stålkablar. Det kan skje på djup på frå 200 til 800 meter.

ÅTTI METER HØG • Ein modell har vore til testing i Marinteks havlaboratorium i Trondheim, og testresultata er lovande, fortel Nielsen:

– Vi planlegg å bygge ein fullskala mølle i 2008. Den vil rage om lag åtti meter over havoverflata, og diameteren på rotoren vil vere på nitti meter.

Hywind har investert tjue millionar kroner på prosjektet dei siste tre åra. Nielsen reknar med at full realisering vil krevje ytterlegare 150 millionar.

– Målet er å bygge storskala offshore mølleparkar til dømes i Nordsjøen. Slike parkar kan ha opp til 200 turbinar som til saman kan produsere opp til fire terawattimar i året, seier Nielsen.

 

Av Tore Oksholen